Bernt Lund (1812–1885)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. apr. 2011 kl. 06:29 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Under arbeid. Sikkerhetslagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bernt Lund (fødd i Våler i Solør 14. juli 1812, død i Kristiania 30. oktober 1885) var offiser, vegingeniør, kunstmålar og forfattar. I ettertid er han best kjend som den som skreiv det patriotiske diktet om Trysil-Knut.


Familie

Foreldra var Ole Bergersen Lund (1769-1835) og Kassi Danielsdotter fødd Dahl (1780-1865). Dei åtte og dreiv garden Lund på Braskereidfoss i Våler. Ole Lund var også tømmermerkar. Familien tilhøyrde det som er vorte kalla eit kondisjonert miljø av storbønder i Våler. [1]

Bernt Lund gifta seg 24. oktober 1847 med kunstmålaren Hedevig Thorine Christine Erichsen (fødd i Kristiansand 1824 død i Kristiania 1888). Ho var dotter av marineminister Ole Wilhelm Erichsen og hans andre kone Abel Marie Isachsen. Ekteparet Lund overtok i 1880 etter mor hennar eigedomen Sem i Borre ved Horten.

Bernt og Abel Marie Isachsen Lund fekk borna Alf Lund (generalmajor) og Ole Wilhelm Lund (oberstløytnant). (Fleire born?)


Utdanning

Bernt Lund fekk som barn privatundervisning i Våler og på Elverum. Han gjekk ei stund på Katedralskolen i Christiania og på Borgerskolen der, men vart ført fram til artium ved prost P.V. Deinbolls institutt i Løiten. Han var hjå Deinboll frå 1829, og vart student i 1831. I tre år studerte han teologi. I den tida arbeidde han også som lærar ved Christiania Søndsgsskole, og han laga lærebøker i rekning til bruk i undervisninga der.

Visstnok av økonomiske grunnar etter farens død i 1835, avbraut Lund universitetsstudiane og gjekk over på Krigsskolen, der han avla offiserseksamen i 1837.


Offiser og ingeniør

Lunds militære løpebane kan samanfattast slik:

Vegingeniørverksemda vart eigentleg hovudyrket til Lund. I 1847 var han engasjert i oppmåling i samband med veganlegget over Hemsedalsfjellet mellom Hallingdal og Lærdal. Som ingeniør tok han for alvor til i 1853, og heldt fram med dette til 1878. Lund har offentleggjort faglege arbeid mellom anna knytta til vegen gjennom Rennebu og Oppdal (1859) og ved Flisa (1862).


Kunstmålar

I si løytnantstid utdanna han seg til kunstmålar. Han fekk frå 1840 undervisning av Thomas Fearnley (1802-1842), som elles sjølv hadde gått Krigsskolen. I to år frå 1843 hadde Lund permisjon med lønn frå si militære stilling, og med tillegg av eit offentleg stipend kunne han nå vidareutvikle seg fyrst og fremst som landskapsmålar i utlandet. Han var i Sverige, Danmark og Frankrike, men mest ved akademiet i Düsseldorf. Der lærde han å kjenne Hans Gude, som han vart inspirert av i si landskapskunst. Lund og Gude drog på studiereise saman på Vestlandet i 1849. Lund var også i si kunst sterkt påverka av akademiprofessor Schirmer i Düsseldorf.

Saman med kona måla Lund altartavla i Våler kyrkje, Jesus i Getsemane, som gåve til kyrkja i 1865. I Nasjonalgalleriet er Lund representert med landskapet Fra Ulvik (1851).


Litterat

I andre halvparten av 1840-talet oppheldt Lund seg mest i Kristiania. Der var han mellom anna med i ein krins av litteratar i selskapsklubben Tollekniven. Ein av medlemmene i Tollekniven, Nikolai Ramm Østgaard, kjende Lund til frå barndomens heimetrakter. Dei var jamgamle, båe studentar frå 1831, og hadde sannsynlegvis gått saman på prost Deinbolls institutt i Løiten.

Lunds litterære produksjon er ikkje stor. Han gav ut samlinga Nogle Digte (Kristiania 1882). Elles var det eitt og anna dikt publisert i ulike blad. Det mest kjende er nasjonaleposet Trysil-Knut som stod i Illustreret Nyhedsblads Nytaarsgave i 1861. I same publikasjon året etter hadde han eit anna dikt med historisk motiv frå heimetraktene, Det arvede Sværd.


Kjelder og litteratur

http://www.snl.no/.nbl_biografi/Bernt_Lund/utdypning