Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2019 kl. 10:25 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tittelbladet frå originalutgåva.

Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn av John Andersen Nordhuus kom ut i 1848, og er eit svært tidleg døme på ei bygdebok. Det er blitt sagt om boka at ho «med en viss rett kan kalles landets første gardshistorie».[1] Den fulle tittelen på boka er Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn. Topographisk, historisk og geografisk skildret af John A. Nordhuus, Gaardbruger. Ho kom ut på N.C.Bidstrups forlag i Bergen.

Geografisk omfattar boka det som fram til 1964 var Brønnøy kommune med Brønnøysund. Boka har eit kapittel om kvar einskild gard som på utgjevingstidspunktet fanst innan dette området, dvs. nåverande gardsnummer 74-113. Det same området har nokså nyleg fått ei solid gards- og slektshistorie i fem band, skrivne av Tor Q. Mathisen og Margaret Lynne Miller (2009-2016).

Det er neppe tilfeldig at forfattaren til Beskrivelse over Brønøe insisterte på å opplyse om sitt eigentlege yrke på tittelbladet. Boka ut i det tiåret som har vore kalla det nasjonale gjennombrotet i norsk kunst og litteratur, og bonden stod i sentrum for interessa til nasjonalromantikarane. Dette var også den tida bondepolitikken for alvor hadde byrja å gjere seg gjeldande i sin motstand mot embetsmannsveldet. Forfattaren hadde sjølv vore politikar, og representerte Nordlands amt på det såkalla Bondestortinget frå 1833.

Fedrelandskjærleik og verdsetjing av tradisjonar blir framstilt av forfattaren sjølv som ein motivasjon for det arbeidet han har teke på seg:

«Den læselystne norske Borger, der nærer Agtelse for Fædrene og Fædrenelandet, kan neppe forelægge sig Noget til Gjennemlæsning, der kan nydes med større Interesse, end Betragtningen af Forfædrenes Bedrifter, deres Sæder, Skikke, Manddoms Idrætter, deres faste Bopæle, Gudsdyrkelse, Regjeringsform o.s.v.»

Han namngjev i det same føreordet som sitatet er henta frå, med stor respekt historikarar og topografar som har gjort ein uvurderleg innsats for historieforskinga, men han saknar gode arbeid frå Nord-Noreg. Det gjeld iallfall «visse Strøg her i Nordlandene, det gamle Haalogaland, hvor der har boet flere merkelige Mænd i Oldtiden, og Middelalderen – ja endog i vore Dage – saadanne, hvis Navne synes at fortjene Plads i Tidens Aarbøger.» Føresetnaden for å lykkast i slikt arbeid er at vedkomande bur og oppheld seg i distyrikta, og sjølvsagt at «den fornødne Sagkundskab» er til stades. Sjølv vil han altså «efter Evne» gje sitt bidrag kva gjeld hans eigen heimstad, Brønnøy.

Han reknar opp dei emna han aktar å ta føre seg gard for gard:

«[den] gamle og nye Matrikulskyld, Beliggenhed, Gaardenes nuværende Eiere, Herligheder, Oldtidsminder, historiske Skisser og Folkesagn, hvor mange Gaardbrugere samt Huusmænd og Inderster, saavelsom Folkemængde m.m.» Så føyer han til: «samt tillige endeel Bemerkninger over Brønøes nuværende Almue i Almindelighed.»

Nordhuus si emneliste kunne gått rett inn i disposisjonar for moderne gards- og slektshistorier. Såleis kan det vere god grunn til nettopp å rekne Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn som den fyrste gardshistoria i landet. Alt i alt framstår arbeidet mest som ei samtidsutgreiing om gardane i Brønnøy. Ein god del historisk stoff er medteke, men utgreiinga freistar i liten grad å gje nokor systematisk skildring av gardshistoria med opplysningar frå eldre matriklar, panteregister og anna gjennom tidene. Heller ikkje blir det sett opp oversyn over eigarar og brukarar og deira familiar gjennom tidene. Slik sett skil framstillinga seg klårt frå dei moderne bygdebøkene som Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn elles kan sjåast som ein forløpar til.

Referansar

  1. Sandnes, J. 1970:29.

Kjelder og litteratur

  • Nordhuus, John A.: Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn, Bergen 1848. Digital utgave. Ny utgave utg. av Helgeland Historielag 1977 (red. Knut Karijord). Digital utgave.
  • Sandnes, Jørn: "Lokalhistorisk litteratur til omkring 1900" i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Universitetsforlaget 1970.