Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.


Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark

Bevaringsplanen for privatarkiv i Telemark eksisterer også som ein trykksak på heimesidene til Telemarksarkivet. Lenke.

Solsystem teikna av lensmann og skulelærar N. Sveinungsen i Vinje 16. desember 1809.
Foto: Rikard Berge si handskriftsamling, bok nr. CLXXXVII (187).

Privatarkiv er arkiv som er danna av arkivskaparar som står utanfor offentleg forvaltning. Bevaring av arkiv frå det offentlege er lovregulert, medan historiske arkiv etter private bedrifter, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar ikkje er det. Difor er dei i mykje mindre grad blitt systematisk samla inn og tatt vare på. Private arkivskaparar må ofte sjølve sørge for at arkiva frå deira verksemd vert bevart for ettertida, og dette ansvaret vert gjerne nedprioritert. Når historie skrivast vert det like viktig å ha bevarte og ordna arkiv frå privat sektor som frå offentleg, og ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon må vere målet.

Telemark fylkeskommune har gjeve musea ansvar for privatarkiva i fylket frå 2015. Vest-Telemark Museum, Telemark Museum og Norsk Industriarbeidermuseum (inkl. Arbeiderbevegelsens Arkiv i Telemark (AAT)) utgjer Telemarksarkivet. Sidan 2016 har Telemarksarkivet arbeidd med å lage denne bevaringsplanen for privatarkiv i Telemark. Hausten 2016 fekk me utviklingsmidlar frå Arkivverket, og saman med midlar frå Telemark fylkeskommune, Nasjonalbiblioteket og eigeninnsats, vart arbeidet med bevaringsplanen satt i gang. Vest-Telemark Museum har leia arbeidet.

Bevaringsplanen kort fortalt

Som førebilete og inspirasjon kikka me til Aust-Agder der «Aust-Agder Museum og Arkiv» hadde publisert sin eigen bevaringsplan i 2016; «BIPA-prosjektet: Bevarings- og innsamlingsplan for privatarkiv fra Aust-Agder». Saman med meldingane frå Arkivverket om korleis bevaringsplanarbeid skulle gjennomførast, teikna me opp ei skisse for vårt arbeid.

Arbeidet med bevaringsplanen kan delast i tre: bestandsanalyse - samfunnsanalyse - bevaringsplan.

Bestandsanalysen fortel kva privatarkiv som allereie er bevart frå Telemark. Bestanda kan i hovudsak delast i to kategoriar; privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar som nyttar registreringsverktøyet Asta og som publiserer registreringane på Arkivportalen. Den andre kategorien inneheld aktørar som nyttar andre registreringsverktøy, eller som ikkje har registrert privat¬arkiva i det heile. I Telemark gjeld dette museum utanfor konsolideringane eller der musea i Telemarksarkivet ikkje har forvaltningsansvar for samlingane, lokalhistoriske samlingar, historielag, bibliotek og kommunale arkiv. Me har altså kartlagt privatarkiv frå både eigne samlingar, og samlingar hjå aktørar som ikkje er del av Telemarksarkivet.

Lista som syner bestanden, samt analysen av denne, kan undersøkast i [Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark].

Samfunnsanalysen viser kva som har kjenneteikna fylket dei siste hundre åra, og kva sektorar og endringar som har vore viktige. Analysen inneheld historikk om private verksemder, organisasjonar og fenomen som potensielt kan ha skapt privatarkiv i vårt fylke. Denne framstillinga skal nyttast som grunnlag for å avgjere i kva grad me har bevart privatarkiv frå dei forskjellige samfunnsfaktorane.

Samfunnsanalysen, med oversikt over dei forskjellige næringane, organisasjonane og tendensane som har eksistert i fylket, kan undersøkast i samfunnsoversikta frå Telemark.

Bevaringsplanen vert ei analyse der ein samanliknar privatarkivbestanda med dei samfunns¬faktorane som har eksistert i fylket, og gjennom dette kan peike ut område med for dårleg dekning i arkiva. Planen er tenkt å skulle nyttast av dei forskjellige arkivinstitusjonane i fylket for å lettare kunne prioritere kva privatarkiv ein bør ta inn i samlingane og kva område i samfunnet ein bør oppsøke for å skaffe dokumentasjon frå gjennom aktiv innsamling. Ein har ikkje kapasitet til å ta imot alle privatarkiv, og bevaringsplanen er også meint som eit reiskap til å avgjere kva privatarkiv ein ikkje kan prioritere.

Privatarkivlandskapet i Telemark

Privatarkiva frå Telemark blir tatt vare på av mange forskjellige institusjonar og organisasjonar i og utanfor fylket. Tidlegare hadde Statsarkivet i Kongsberg rolla som koordinerande ledd for privatarkivarbeidet i fylket. Frå 2017 har denne rolla blitt lagt til Telemarksarkivet ved Norsk Industriarbeidermuseum.

Med arkivfaglege institusjonar meinast institusjonar som registrerer privatarkiv i databaseprogrammet Asta og publiserer på nettstaden arkivportalen.no. Begge stader er nasjonale løysingar for registrering og formidling av arkiv. Musea i Telemarksarkivet fylgjer den same løysinga.

Med andre aktørar meinast institusjonar og organisasjonar som oppbevarer privatarkiv utan at dei vert registrert i Asta. Dette er arkiv som er registrert på anna måte, eller som ikkje er registrert i det heile tatt.

Innhenting av opplysningar om privatarkiva

Frå Arkivportalen kan ein enkelt hente ut lister over privatarkiv frå dei arkivfaglege institusjonane. Frå vårt fylke eksisterte det 943 oppføringar per 1. februar 2017. Alle privatarkiv som enno ikkje var registrert hjå musea i Telemarksarkivet blei registrert på eit overordna nivå i Asta, og deretter publisert på Arkivportalen. Grunna problem med analysemodulen på Arkivportalen fekk me hjelp frå Stiftelsen Asta til å ta eit uttrekk for oss, og då synte lista 1493 oppføringar. I tillegg kom 75 privatarkiv som høyrde til arkivfaglege institusjonar utanfor Telemark der arkivskaparen kom frå vårt fylke.

Når det gjeld privatarkiva hjå andre aktørar gjennomførte Telemarksarkivet ei større kartlegging i 2017 der 76 institusjonar og organisasjonar i fylket blei spurd om dei hadde privatarkiv eller fotosamlingar. Av 31 historielag svarte 17 at dei hadde. Av 7 museum hadde samtlege privatarkiv eller fotosamlingar. Blant dei 36 kommunearkiva og biblioteka fanst det privatarkiv eller fotosamlingar hjå 10. I tillegg fanst det 2 lokalhistoriske arkiv med ei vesentleg privatarkivbestand. Per 1. april 2018 fordelte dette materialet seg over 710 arkivskaparar og omfatta omlag 650 hm.

Det opphavlege talet over oppføringar av privatarkiv og fotosamlingar som då prosjektet starta synte 934 oppføringar, har ved utgangen av prosjektperioden vakse til 2388 oppføringar. Der ein ikkje har fenge opplyst kva privatarkiv ei samling består av, er heile samlinga registrert med estimert hyllemeter. Det reelle talet vil difor variere noko.

Analysen over korleis den totale bestanden fordeler seg etter forskjellige kriteriar er skissert i bestandsanalysen.

Fotografi

Fotografiet er ei svært viktig historisk kjelde til stadutvikling, by- og bygdefenomen, arkitektur, arbeidsliv, kvardagsliv og store og små hendingar gjennom tidene i tillegg til mykje meir. Telemark har store og rike fotosamlingar, og mykje er tatt vare på av musea. Til dømes har Telemark Museum meir enn 2,3 millionar foto. Fotografi er sensitivt materiale som treng gode, stabile bevaringsforhold i kjølige, klimatilpassa magasin for å bli bevart så lenge som mogleg. Dette er den største utfordringa for fotosamlingane i Telemark.

Alle institusjonar og organisasjonar er også spurd om fotobestand. Hjå andre aktørar var det bevart omlag 36 300 fotografi og 40 000 digitale fotokopiar. I tillegg kom 300 000 foto ved Berg Kragerø Museum som Telemark Museum ikkje hadde forvaltingsansvar over.

Medan musea i Telemarksarkivet registrerte privatarkiva i musea, gjekk ein gjennom fotosamlingane og fekk laga lister over desse. I Telemarksarkivet fanst det 175 fotosamlingar på til saman 2 902 121 fotografi. Fotografi vert registrert i Primus og publisert på Digitalt Museum som gjenstandar hjå musea. Registreringane er gjort med heilt andre kriteriar enn for privatarkiva, då det er motiva som er interessante, og ikkje rolla til aktøren som har skapt dei. I Telemarksarkivet er om lag 190 000 foto registrert i Primus, medan om lag 53 000 er publisert på Digitalt Museum.

Motiva hjå dei meir enn 3,2 millionane fotografia har me ikkje oversikta over, og det vert difor vanskeleg å behandle dei i denne planen. I nokre tilfelle har me likevel nemnt fotosamlingar i den løpande teksten, som t.d. fotosamlinga etter «Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening» som me antar syner motiv frå foreininga sin aktivitet. Dei fleste andre fotosamlingar er nemnt under «M. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting» som er kategorien fotografane ville bli plassert i dersom me hadde registrert dei i Asta. Her må ein ta atterhald om at talet på samlingar og omfanget av desse fort gir eit falskt bilete av røynda, då det oftast ikkje eksisterer arkivmateriale som fortel om drifta av fotoverksemdene.

Meir om fotosamlingane finn du i kapitelet «Fotosamlingar frå Telemark».

Grunnlagsmateriale som er nytta i bevaringsplanen - avgrensingar

I tid har me konsentrert oss om tida frå 1900 fram til i dag, og dei privatarkiva som har sluttår før 1910 er ikkje tatt med i analysen. Slik håpar me å unngå arkiv der innhaldet ikkje er representativ for vår undersøkingsperiode. Som me skal sjå eksisterer det langt færre arkiv frå 1800-talet enn det gjer frå 1900-talet, og arkiv frå før 1900 vil truleg uansett bli rekna som bevaringsverdige.

Bestandsoversikta syner 2388 oppføringane. Ikkje alle desse reknast med som grunnlagsmateriale for analysen i bevaringsplanen. Bevarings¬planen skal fortelje oss korleis dei forskjellige nærings- og organisasjonstypane i fylket er dokumentert i den bevarte privatarkivbestanden. I denne framstillinga har me ikkje rekna med samlingar, dvs. arkivmateriale som er resultat av ein arkivskapars interesse for eit tema, snarare enn materiale som har oppstått gjennom ein arkivdanningsprosess. Ved personarkiv der me ikkje har opplysningar om personens virke, er også desse plassert på sida av bevaringsplanen.

Omfanget til dei forskjellige privatarkiva er ikkje alltid opplyst. Hjå dei arkivfaglege institusjonane manglar det opplysningar om omfang ved 179 av 1498 privatarkiv. Hjå dei andre aktørane manglar det opplysningar om omfang ved dei fleste oppføringar. Ein har likevel lagt saman omfanget i dei forskjellige kategoriane, med atterhald om at desse tala kan variere mykje frå sanninga.

Etter at ein har luka ut oppføringar som ikkje skal vere med i grunnlagsmaterialet for analysen, står det att 1286 oppføringar på lista. Av desse kan 233 knytast til bedrifter, medan dei resterande 1053 kan knytast til organisasjonslivet.

Attmed desse kjem 333 privatarkiv som høyrer til samlingar hjå «andre aktørar». Av desse kan 102 knytast til bedrifter og 231 til organisasjonslivet. Ettersom ein ikkje har hatt høve til å undersøke innhaldet i desse privatarkiva nærare, vert tala presentert i to forskjellige rubrikkar.

Vurdering

I den fylgjande analysen vil me forsøke å gje ei framstilling av korleis grunnlagsmaterialet reflekterer forteljinga i samfunnsanalysen. I kva grad representerer dei bevarte privatarkiva fenomena som har vore gjeldande i Telemark på 1900-talet? Analysen er delt inn i tre periodar. Dette er dei same periodane me har nytta i samfunnsanalysen;

  • Periode 1 (1900-1945)
  • Periode 2 (1946-1972)
  • Periode 3 (1973-dd.)

Alle privatarkiva i dei forskjellige samfunnskategoriane er vurdert, og dersom innhaldet i arkivet går inn i ein periode, har ein rekna fenomenet til å dokumentere perioden. Dersom arkivet berre dekker ein marginal del av perioden er fenomenet truleg vurdert til «svakt dokumentert». Det same gjeld dersom omfanget til arkivet er marginalt.

For å avgjere i kva grad dei bevarte privatarkiva gir dekning for eit samfunnsfenomen i ein periode har me nytta fargekodar. Hovudregelen for fargelegginga er denne:

Dokumentert
Svakt dokumentert
Udokumentert
Utan dokumentasjonsgrunnlag

Grøn farge indikerer at fenomenet er dokumentert. Gul farge indikerer svak dokumentasjon av eit fenomen. Med raud farge meinast at fenomenet ikkje er dokumentert i det heile. Kvit farge tyder at fenomenet ikkje eksisterte i perioden; t.d. eit politisk parti som ikkje blei stifta før etter krigen.

Det er tala under «arkivfaglege institusjonar» som er nytta som grunnlag når ein vurderer dekningsgraden. Det som avgjer kva farge ein kategori får er ikkje nødvendigvis mengda arkiv eller omfanget av desse, men ei fagleg vurdering med bakgrunn i samfunnsanalysen.

Til dømes: sjølv om det frå bergverksindustrien er bevart seks privatarkiv som samla tel 7,7 hyllemeter, tilfredsstiller ikkje dette til ei «dokumentert» vurdering av kategorien. Bergverksindustri og gruvedrift var ei viktig næring i Telemark (jf. samfunnsanalysen), og det bevarte materialet er vurdert til å ikkje reflektere denne tendensen. Studerer ein innhaldet i bestanden, syner denne at det i praksis berre er bevart arkiv frå tre arkivskaparar etter 1900 (Åmdals Verk, Ødegårdens Verk og Dalen Gruber), men at arkivmateriale er fordelt mellom forskjellige bevaringsinstitusjonar. Sjølv om privatarkivmaterialet dekker alle periodar, vert den samla vurderinga gul – dvs. at næringa er «svakt dokumentert» i privatarkivbestanden. Alle slike vurderingar er forsøkt forklart under kvar enkelt tabell.

Geografisk fordeling

Den totale privatarkivbestanda er synt i bestandsoversikta på lokalhistoriewiki. Etter at me har valt ut det korrekte grunnlagsmaterialet, fordeler privatarkiva seg på denne måten geografisk:

Kommune Antall hjå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter hjå
arkivfagleg institusjonar
Antall hjå
andre aktørar
Hyllemeter hjå
andre aktørar
Fotografi
Bamble 85 34,27 2 5 11 652
11 1,16 99 10 000
Drangedal 23 1,54 55 16 500
Fyresdal 15 12,66 5 1,2 1 432
Hjartdal 2 0,55 1 350
Kragerø 96 19,37 16 300 000
Kviteseid 12 33,62 0 0 2 100
Nissedal 7 1,25 17 7,1 13 000
Nome 40 70,18 2 4 500
Notodden 70 27,02 5 3 81 325
Porsgrunn 218 723 0 0 723 260
Sauherad 19 1,12 39 5 200
Seljord 33 95,86 3 0,1 107 164
Siljan 5 1,27 7 1 1 163
Skien 301 647,3 2 0,5 756 437
Tinn 141 567,8 3 105 454
Tokke 61 30,34 2 549
Vinje 19 9,5 69 1 976
Grenland 27 24,28 1 923 000
Midt-Telemark 4 0,2 0 0
Nedre Telemark 6 31,01 0 0 2 295
Telemark 78 101,5 0 0 175 400
Vest-Telemark 7 1,1 0 0 348
Øst-Telemark 8 13,84
Øvre Telemark 1

Det er stor skilnad mellom dei forskjellige kommunane når det gjeld både talet på arkiv og omfanget av desse. Talet på privatarkiv hjå arkivfagleg institusjonar vert i stor grad påverka av om det har vore andre aktørar som har tatt seg av innsamlingsarbeidet, som i Bø (Bø Museum), Drangedal (Drangedal historielag), Sauherad (Sauherad lokalhistoriske arkiv) og i Vinje (Lokalhistorisk Arkiv i Vinje). Ved alle desse kommunane er talet på privatarkiv hjå arkivfaglege institusjonar relativt lågt.

Kommunane der private verksemder og organisasjonar er dårlegast dokumentert, er i Hjartdal, Siljan og Nissedal. Her eksisterer det også lite materiale hjå andre aktørar.

Fordeling over tid

Dekningsgraden per år hjå privatarkiva i Telemark.

Dei fleste arkiv hjå arkivfagleg institusjonane er merka med ytterår. Legg ein saman arkiva som dekker kvart år, kan ein lage ei framstilling som syner korleis dei forskjellige åra er doku¬mentert i bestanda. Her har ein tatt med alle oppføringane hjå arkivfaglege institusjonar med unnatak av fotosamlingane. Der ytterår manglar, vert ikkje oppføringa med i framstillinga.

Talet på privatarkiv aukar kraftig utover 1900-talet. Ein viktig årsak til dette er at talet på organisasjonar som vart danna i denne perioden vaks kraftig, og at mange av arkiva etter desse er bevart. Arbeidarbevegelsens Arkiv i Telemark blei oppretta i 1980, og ein fekk inn mykje arkiv frå tida før dette ved opprettinga.

Det året som er best dokumentert i privatarkivbestanden er 1961. 550 privatarkiv dekker dette året. Det er elles interessant å sjå at det eksisterer færre arkiv nærare notid. Ein av årsakene til dette er at arkivskaparane ikkje har vore flinke til å levere inn nyare materiale. Ein annan årsak er dataalderen som har resultert i at det vert færre papirbaserte arkiv, og at arkivskaparane ikkje lengre har det same plassproblemet.

Økonomi og næringsliv

Bedriftsarkiva kan fordelast etter næringsgrupper. Me har nytte SN2007-inndelinga som Statistisk Sentralbyrå nyttar, då dette er den same standarden som vert nytta når me registrerer privatarkiva i Asta. (Sjå https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/6)

Primærnæringane

Frå primærnæringane er det registrert 20 arkiv. Desse utgjer 10,96 hm. I tillegg høyrer 30 arkiv frå andre aktørar til i denne kategorien. Omfanget til desse er stort sett ikkje opplyst.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
Gardsarkiv 10 6,33 23 0,25
Jordbruk og tenestar knytt til jordbruk, jakt og viltstell 4 0,53 4 0,3
Skogbruk og tenester knytt til skogbruk 6 4,1 3
Fiske, fangst og akvakultur 0 0 0 0

Gardsarkiva er størst i omfang, men berre eitt arkiv dekker perioden etter 1972.

Frå jordbruk eksisterer det arkiv etter to pelsdyrgardar og eit halmlutingslag.

Under Skogbruk har me rekna arkiva etter fellesfløytingsforeiningane og lag som omsett tømmer. Slekten Aall sitt arkiv kan det truleg ligge mykje materiale om skogbruka, men dette arkivet er plassert under «treindustri».

Det eksisterer 3000 foto frå «Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening» og 400 frå «Telemark Tømmersalgslag».

Fiskerinæringa er ikkje dokumentert i det heile.

Sekundæringane

Frå sekundærnæringane er det registrert 61 arkiv. Desse tel 1719,25 hm i omfang. Ein stor del av dette talet (1100 hm) dreier seg om Norsk Hydro. I tillegg høyrer 16 arkiv frå andre aktørartil i denne kategorien. Omfanget til desse arkiva er stort sett ikkje opplyst.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
B. Bergverksdrift og utvinning 6 7,7 5 3
C. Industri: Produksjon av nærings- og nytelsesmidlar 8 38,7 4 0,2
C. Industri: Produksjon av tekstil, klær og lærvarer 6 4,45 2
C. Industri: Produksjon av trelast, varer av tre, kork, strå og flettematerialar, unntatt møblar 6 81,4 1
C. Industri: Produksjon av papir og papirvarer 6 266,4 0 0
C. Industri: Produksjon av kol- og raffinerte petroleumsprodukt 1 1 0 0
C. Industri: Produksjon av kjemikaliar og kjemiske produkt 8 1100,8 0 0
C. Industri: Produksjon av farmasøytiske råvarer og preparat 0 0 0 0
C. Industri: Produksjon av gummi- og plastprodukt 0 0 1
C. Industri: Produksjon av andre ikkje-metallhaldige mineralprodukt 3 125 0 0
C. Industri: Produksjon av metaller og metallvarer 1 0,5 0 0
C. Industri: Produksjon av elektrisk utstyr 0 0 0 0
C. Industri: Produksjon av motorvogner og tilhengere 0 0 0 0
C. Industri: Produksjon av andre transportmidlar 8 52 1
C. Industri: Produksjon av møblar 0 0 0 0
C. Industri: Anna industriproduksjon 2 1,1 0 0
C. Industri: Reparasjon og installasjon av maskiner og utstyr 1 0 0
D. Elektrisitet-, gass-, damp- og varmtvanns-forsyning 2 2,1 1
E. Vannforsyning, avløps- og renovasjons-verksemd 1 1
F. Bygge- og anleggsverksemd 3 48,1 0 0

B. Bergverksdrift og utvinning: Gruvedrift har vore ei viktig næring fleire stader i Telemark. Av dei seks bevarte arkiva stammar to frå Åmdals Verk og tre frå Ødegårdens Verk. Det siste kjem frå Dalen Gruber. Samanlikna med bergverksdrifta si betydning i fylket – særleg i dei to fyrste periodane, reknar me næringa som svakt dokumentert.

C. Industri: 50 av dei 62 arkiva høyrer til under kategorien «Industri». Desse utgjer 1671,35 hm. Industriarkiva har eit stort mangfald, og her fylgjer ei kort forklaring på vurderingane:

  • Produksjon av nærings- og nytelsesmidlar var utbreidd i fylket, og det eksisterte produsentar i kvar ei bygd. Samanlikna med betydninga er næringa vurdert å vere svakt dokumentert.
  • Produksjon av tekstil og klær har vore ei viktig næring for fleire kommunar i fylket, men med unnatak av "Kragerø Trikotasjefabrikk" (3,8 hm), eksisterer det berre fragment frå denne næringa. Det eksisterer svært lite privatarkiv om folkedrakt- og bunadstradisjon. Næringa er vurdert å vere svakt dokumentert.
- Det eksisterer 200 foto frå «Tele Silkeveveri».
  • Produksjonen av trelast er hovudsakleg dokumentert gjennom «Aall-arkivet» (65 hm) og arkivet etter «Lakshøl Bruk» (9 hm). Omfang manglar ved tre arkiv, og det er difor vanskeleg å vurdere dekningsgrada. Basert på næringas betydning i fylket er næringa vurdert å vere svakt dokumentert.
  • Samla tel arkiva frå papir- og cellulosefabrikkane i fylket 266 hm. Arkiva etter «Union» og «Skotfoss Bruk» tel samla 263 hm. Det manglar opplysningar om omfang ved eitt arkiv. Grunna dei store verksemdene si betydning for næringa, er næringa vurdert å vere dokumentert.
- Det eksisterer 7 000 fotografi etter familien «Holta».
  • Næringa som framstiller kol- og raffinerte petroleumsprodukt er nærast udokumentert, med berre «Tokke Trekull- og Tjærefabrikk» sitt arkiv bevart. Produksjon av m.a. tjøre har vore knytt til småsysleri i fylket, medan større industriverksemder har drive storproduksjon som på Rafnes i Bamble. Næringa er rekna som udokumentert.
  • Produksjon av kjemikaliar og kjemiske stoff er dokumentert gjennom Norsk Hydro sine arkiv. Andre produsentar av kjemiske produkt er ikkje dokumentert. Til gjengjeld var bedrifta einerådande i si næring i Telemark. Næringa er difor rekna som dokumentert.
- Det eksisterer 322 338 fotografi etter «Norsk Hydro».
  • Det eksisterer ikkje arkivmateriale frå næringa som omfattar framstilling av farmasøytiske produkt og preparat. Med enkelte unntak (m.a. Weifa) blei farmasøytiske produkt kjøpt frå andre delar av landet. Medisin blei lenge laga ved apoteka, og frå desse eksisterer det arkiv under tertiærnæringane. Næringa er rekna som udokumentert.
  • Det eksisterer ikkje arkivmateriale frå plast- og gummiindustrien, enno «Norsk Extruding» var ei pionerbedrift på Notodden og det har eksistert fleire verksemder i Grenland, m.a. «Norner» i Bamble. Næringa er ikkje dokumentert.
  • Produksjon av ikkje-metallhaldige mineralprodukt er dokumentert gjennom arkiva frå «Porsgrunds Porselænsfabrik», «Norrøna Fabrikker» og «A/S Borgestad». Enno kategorien inneheld produksjon av andre produkt (sement og glass) som ikkje er del av den bevarte bestanden, er næringa vurdert å vere dokumentert.
- Det eksisterer 15 000 fotografi etter «Porsgrunds Porselænsfabrik».
  • Det eksisterer knapt arkivmateriale frå metallindustrien, enno smelteverka var uvurderleg fleire stader i fylket. Det var storproduksjon av jernvarer og gategods på Ulefoss. «Brevik Staalpresningsverk» er representert med 0,5 hm. Grunna næringa si betydning er den likevel vurdert til å ikkje vere dokumentert.
- Det eksisterer 300 fotografi etter gullsmed «Henrik Lund».
  • Det eksisterer ikkje arkivmateriale frå verksemder som dreiv produksjon av elektrisk utstyr, enno det fanst fleire verksemder som dreiv med denne sysselen. Næringa er difor merka raud.
  • Ingen arkiv bevart frå produksjonen av køyretøy. Denne næringa har vore snever i fylket, men kvar er arkivet etter «Troll»?
  • Produksjon av andre transportmidlar er i hovudsak representert gjennom båtbyggingsarkiva. Materialet dekker alle periodar, men siste periode er rekna som svakt dokumentert. Omfanget er berre opplyst ved fire av tolv arkiv.
  • Det eksisterer ikkje arkiv frå møbelindustrien, enno det eksisterte/-er ei lang rekke verksemder i fylket.

Som ein ser manglar det dokumentasjon frå fleire industrinæringar, enno dei utgjer mykje i omfang.

D. Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvannsforsyning: Kraftutbygginga var enorm i Telemark. Mange verksemder var offentlege, og fell difor utanfor denne undersøkinga. Det er likevel dårleg at det er teke vare på så lite materiale frå dei mindre kraftverka som hadde private eigarar. Dei to arkiva som er bevart er «Finndøla Kraftverk» (2 hm) og «Rudsgrend elektrisitetsverk» (0,1 hm). Samla har ein rekna næringa som udokumentert.

- Det eksisterer 7 000 fotografi etter «Tinfos AS».

E. Vannforsyning, avløps- og renovasjonsvirksomhet: Mange av desse verksemdene var også offentlege, og fell difor ut av vår undersøking. Arkivet etter «A/L Åfoss vannverk» er det einaste bevarte. Næringa er merka «raudt».

F. Bygge- anleggsvirksomhet: Svært lite materiale er bevart frå anleggsbransjen. 48 hm er bevart frå «Skiensfjordens bygnings- og entreprenørforretning». Næringa er merka «raudt».

PS: Isdriftnæringa var enorm på byrjinga av 1900-talet. I 1900 sysselsatte den meir enn 1700 personar i fylket vårt. Likevel er "Falkumelvens Iskompani" det einaste som er bevart frå næringa.

Tertiærnæringane

Frå tertiærnæringane eksisterer det 158 privatarkiv som samla utgjer 468,23 hyllemeter. Ved ein stor del av arkiva er det ikkje opplyst omfang. Frå andre aktørar er det bevart 46 privatarkiv som samla tel 15,97 hyllemeter. Her manglar det stort sett opplysningar om omfang.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
F Varehandel, reperasjon av motorvogner 48 74,74 27 13,97
H. Transport og lagring 27 129,7 2
I. Overnatting- og serveringsstader 6 6,53 0 0
J. Informasjon og kommunikasjon 13 6,13 4
K. Finansiering- og forsikringsverksemd 17 60,33 2
L. Omsetting og drift av fast eigendom 0 0 0 0
M. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 8 30,4 0 0
N. Forretningsmessig tenesteyting 0 0 0 0
O. Offentleg administrasjon og forsvar, trygdeordningar underlagt offentleg forvalting 2 4,6 0 0
P. Undervisning 10 34,6 3
Q. Helse- og sosialtenester 7 45,9 4 1
R. Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar 18 71,15 4 1
S. Anna tenesteyting 1 0,05 0 0

F. Varehandel: Heile perioden er dokumentert. Hovudvekta ligg i den fyrste perioden. Heile spekteret av forretningstypar er ikkje representert i bestanden, noko som bør vere eit mål. Opplysningar om omfang manglar ved 12 av dei 48 arkiva.

H. Transport og lagring: Både rutebildrift og båttransport er dokumentert. Rutebilselskapet «Telemark Bilruter» omfattar dei fleste selskapa i Vest-Telemark, i tillegg til ein del selskap i Nedre Telemark gjennom arkivet frå «Grenland Nord». Arkivet inneheld også materiale frå avdelinga som driv linjegods. Færre rutebilselskap representert frå Aust-Telemark. Sjøtransport representert både i Telemarkskanalen og i Vestmar. Det manglar materiale frå flyplassane og jarnbanane.

- Det eksisterer 500 fotografi frå «Norsjø-Skienskanalen».

I. Overnattings- og serveringsstadar: Svært lite materiale er bevart. Arkivet etter «Central Hotel» i Kragerø måler 6 hm åleine. Overnattingstadane har vore viktige for turistnæringa heilt sidan 1900, noko som ikkje representerast i arkiva. I tillegg er det omtrent ikkje bevart arkiv frå serveringsstadane. Næringa er difor vurdert å vere svakt dokumentert.

J. Informasjon og kommunikasjon: Næringa er hovudsakleg dokumentert gjennom avis- og trykkeriarkiva. Arkiva dekker alle periodar, med hovudvekt på dei to fyrste. Det eksisterer ikkje arkiv frå lokale radio- og fjernsynsstasjonar. Grunna betydninga næringa hadde, har ein vurdert denne til å vere svakt dokumentert.

- Det eksisterer fem fotosamlingar frå denne kategorien på til saman 114 100 foto.

K. Finansierings- og forsikringsverksemd: Det eksisterer privatarkiv frå heile perioden. Elleve av arkiva er bankarkiv, dei seks andre er forsikringsselskap eller anna finansiell verksemd. Næringa er vurdert å vere dokumentert.

L. Omsetting og drift av fast eigedom: Næringa er svakt dokumentert gjennom arkivet etter «Herøya Industripark» (2004-2012). Samla er næringa vurdert til «raud».

M. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting: Kategorien inneheld forskjellige spesialiserte yrkesgrupper. Arkivbestanda består av tre advokatarkiv, tre arkitektarkiv og to fotografarkiv. Hovuddelen av omfanget er frå advokat «Hallvard Roholdt» sitt arkiv (25 hm) og arkitekt «Wilhelm Swensen» (4 hm). Veterinærane er ikkje representert i det heile, og berre to av arkiva er frå fotografar. Næringa er likevel vurdert til å vere dokumentert.

- Det eksisterer elles 40 bevarte personarkiv som er merka med denne næringskategorien. Dette er fotosamlingar frå forskjellige fotografar som samla tel 602,35 hm (2 099 582 foto). Arkiva inneheld berre foto og ikkje anna arkivmateriale som kan fortelje noko om drifta av verksemdene.

N. Forretningsmessig tjenesteyting: Næringa er ikkje dokumentert.

P. Undervisning: Det eksisterer hovudsakleg materiale frå dei to fyrste periodane. I siste periode vart det oppretta ei rekkje private skular då dei offentlege lokalskulane blei nedlagt. Desse er ikkje dokumentert. (Mykje undervisningsverksemd er også registrert under «opplysningsarbeid» under organisasjonane). Samla er næringa rekna å vere svakt dokumentert.

- Det eksisterer 500 fotografi etter «Skien Videregående Skole».

Q. Helse- og sosialtenester: Av dei 46 hyllemetrane frå denne næringa, tel bedriftshelsetenesta på Herøya (Norsk Hydro) 42,6 hm. Dei seks andre arkiva er små i omfang, og næringa er vurdert å vere svakt dokumentert. Arkivmateriale om dette temaet ligg også hjå organisasjonane som dreiv med liknande verksemd.

- Det eksisterer 250 fotografi frå «Ingolf barnehage».

R. Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar: Musea i fylket er godt dokumentert. Av andre fritidsverksemder er det berre arkivet etter «Langesund Bad» som er bevart, i tillegg til enkelte arkiv etter kunstnarar og forfattarar. Samfunnsanalysen fortel at fylket har vore store på festivalar, konsertscener, spel og studentskipnadar, underhaldningsparkar, utstillingar m.m.

Organisasjonar

Av den totale privatarkivbestanden er det heilt klart organisasjonsarkiva som er størst i antall. I omfang er likevel denne gruppa langt mindre enn arkiva frå næringslivet. Medan dei 239 bedriftsarkiva samla målte 2198,44 hm, tel dei 1053 organisasjonsarkiva 441 hm.

Alle organisasjonsarkiv vert sortert etter standardkategoriane i Asta (sjå bestandsanalysen). Kategoriane er ikkje tilfredsstillande for å gje eit godt bilete av organisasjonsarkiva i Telemark. Ein har difor sortert lista annleis og konstruert meir nøyaktige kategoriar som dei forskjellige arkiva deretter er plassert i.

Økonomiske og politiske interesseorganisasjonar

Økonomiske og politiske interesseorganisasjonar har ei samla bestand på 701 privatarkiv. Desse utgjer 197 hm. Hovuddelen av arkiva kan knytast arbeidstakarorganisasjonane, medan den nest største delen av arkiva stammar frå dei politiske partia, i hovudsak arbeidarrørsla.

Landbruk, skogbruk og fiske

Det eksisterer 21 privatarkiv frå organisasjonar innanfor landbruk, skogbruk og fiske. Samla tel desse arkiva 7,77 hm, men ved to arkiv manglar opplysningane om omfanget. Hjå andre aktørar er det oppbevart 31 arkiv. Omfanget til desse er stort sett ukjend.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
Skog- og grunneigarlag 7 0,78 9 0,2
Bonde- og småbrukarlag 5 0,96 6
Avlslag 1 0,05 5
Trygdelag for dyr 2 0,63 1
Jakt og fiske 2 4,5 2
Innkjøpslag 0 0 1
Meierilag 1 0,15 2 0,2
Egg- og fjørfelag 1 0,1 3
Birøktarlag 2 0,6 0 0
Frukt og grønnsaker 0 0 0 0
Fiskeri 0 0 0 0

Av organisasjonskategoriane innan landbruk, skogbruk og fiske er samtlege kategoriar vurdert som svakt dokumentert eller ikkje dokumentert i det heile. Skog- og grunneigarlaga og bonde- og småbrukarlaga inneheld til saman tolv arkiv, men omfanget av desse er sopass avgrensa at dei er vurdert som svakt dokumentert. Kategorien med jakt og fiske inneheld arkivet etter «Telemark Jeger- og fiskeforening» (1,5 hm) og «Norsk Jægerforening» (3 hm) som begge er relativt store arkiv. Organisasjonar innan fiskerinæringa er ikkje representert. Det er heller ikkje organisasjonsarkiv frå frukt- og grønnsakproduserande bønder.

Det eksisterer 400 fotografi frå «Telemark Tømmersalgslag» og 500 frå «Telemark Landbrukslag».

Fagrørsler og bransjeorganisasjonar

Det eksisterer 396 privatarkiv frå fagrørsler og bransjeorganisasjonar. Samla tel desse 125,69 hm. Hjå andre aktørar er det bevart 13 privatarkiv.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
Arbeider- og småbrukarforeiningar 7 0,13 0 0
Skog- og landarbeidarforeiningar 28 1,72 2 0,2
Industri 144 63,14 0 0
Transport 26 9,5 1
Yrkesorganisasjonar for arbeidarar i offentleg sektor 39 11,6 5
Bygg og anlegg 62 13,42 0 0
Handel, kontor og finans 37 11,67 2
Hotell og restaurant 4 0,93 0 0
Media og grafikk 11 6,07 0 0
Samorganisasjonar: LO-foreiningar o.l. 18 5,65 2 0,25
Arbeidsløses foreiningar 6 0,16 0 0
Arbeidsgjevarorganisasjonar 1 0,5 0 0
Andre 13 1,2 1 0,2

Det eksisterer sju arkiv frå arbeider- og småbrukarforeiningar. Svakast dekning i fyrste periode.

Det eksisterer 28 arkiv etter skog- og landarbeiderforeiningar. Dei fleste arkiva er lokallag der omfanget er svært lite. Berre eitt arkiv manglar opplysning om omfang, og kategorien er rekna som dokumentert.

Frå industrien er det bevart 144 arkiv frå foreiningane. «Herøya arbeiderforening» tel 12 hm, medan «Rjukan arbeiderforening» tel 8 hm. Ein stor del av dei andre arkiva er svært små i omfang (0,01 hm). Samla er kategorien vurdert å vere dokumentert.

Innan transport eksisterer det arkiv etter losse-, stuer- og lastearbeidarar. Her er også arkiv etter jernbanearbeidarar og transportarbeidarforeiningar. Kategorien inneheld også arkiv etter eit par lense- og fløytearbeidarforeiningar.

Blant yrkesorganisasjonane for arbeidarar innanfor offentleg sektor, finn ein arkiv etter helsearbeidar-, lærar- og kommunale foreiningar. Sjølv om materialet dekker alle periodar, er enkelt yrkesretningar dårlegare dokumentert enn andre (m.a. frå helsevesen).

Under bygg og anlegg ligg arkiva etter vegarbeidarklubbar, anleggs- og gruvearbeidarar, målar- murar- og snikkararbeidarar samt elektrikarar.

Handel, kontor og finans inneheld arkiv etter spareforeiningar, handel- og kontor-forbund og foreiningar knytt til forretningar. Arkiva etter samvirkelag er stort sett plassert under handel i tertiærnæringane.

Foreiningane innan hotell- og restaurantnæringa er svakt dokumentert med berre fire bevarte arkiv. Media og grafikk inneheld arkiv frå fire grafiske foreiningar, to trykkeriklubbar, og frå organisasjonar knytt til journalisme. Arkivet frå «Telemark journalistlag» er størst, og tel tre hm. Det er bevart 18 arkiv frå samorganisasjonar i Telemark. Dei arbeidsløses foreiningar var eit fenomen på 1920- og 30-talet, og av desse er det bevart 6 små arkiv.

Arbeidsgjevarorganisasjonane er berre representert gjennom arkivet frå «Norges Rutebileierforbund avd. Telemark», og utgjer 0,5 hm.

Politikk

Det eksisterer 297 privatarkiv frå politiske parti og rørsler. Samla tel desse 39,92 hm, men også her manglar det opplysningar om omfang ved fleire. Hjå andre aktørar er det bevart 11 arkiv.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
NKP 14 1,46 0 0
NKU 12 0,44 0 0
AKP, RV, Rødt 4 0 0
Rød Ungdom 0 0 0 0
SV/SF 21 3,26 1
Sosialistisk Ungdom 9 0,33 0 0
Arbeidarpartiet 38 11,91 0 0
Arbeiderlag 60 5,38 0 0
AUF 40 3,68 0 0
Kvinneforeiningar under AP 30 4 1
Anna verksemd knytt til arbeidarrørsla 47 4,96 0 0
Senterpartiet 2 0,6 2
Senterungdommen 0 0 0 0
Miljøpartiet de grønne 0 0 0 0
KrF 2 1,2 1 0,5
Kristelig Folkepartis Ungdom 0 0 0 0
Venstre 6 0,35 2 0,25
Unge Venstre 0 0 0 0
Høgre 1 0,3 0 0
Unge Høyre 1 0 0
Framstegspartiet 0 0 0 0
Fremskrittspartiets Ungdom 0 0 0 0
Andre parti 1 0,04 1
Politiske rørsler 9 2,01 3

Arbeiderpartiet er det politiske partiet som er best representert i arkiva. Dette kan forklarast med AAT sitt innsamlingsarbeid i fylket.

Det eksisterer 300 fotografi frå «Rjukan Arbeiderforening» og 300 frå «Herøya arbeiderforenings pensjonistgruppe».

Når det gjeld dei andre partia i fylket bør ein trekke fram den dårlege representasjonen til partia på høgresida. FrP er ikkje representert i det heile, medan det berre er bevart eitt arkiv frå Høgre. Dei fleste andre partia er også dårleg representert, inkludert Venstre og Senterpartiet som historisk har vore store parti i fylket vårt.

Arkiva frå politiske rørsler er i hovudsak knytt til EF-avstemming, medan kategorien «anna politisk verksemd» i hovudsakleg inneheld arkiv frå forskjellige komitear (dyrtids-, spania-, revolusjonære- og fredskomitear).

Religiøse, humanitære og ideelle organisasjonar

Religiøse, humanitære og ideelle organisasjonar har ei samla bestand på 329 arkiv. Desse utgjer 267,3 hm. Hovuddelen av omfanget stammar frå idretten.

Religion og livssyn

Det eksisterer 25 arkiv frå religiøse organisasjonar. Desse tel 33 hm, men omfanget manglar ved seks arkiv. Hjå andre aktørar er det bevart 22 arkiv.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
Misjon 11 29,1 12
Bedehus, søndagsskular 5 1,1 9 0,2
Kristne utanfor statskyrkja 9 2,8 0 0
Ikkje-kristne trussamfunn 0 0,0 0 0
Livssynsorganisasjonar 0 0,0 1
Andre organisasjonar innan statskyrkja 5 0,5 3

Dei religiøse organisasjonane er best dekt i kategorien for misjon. Her er arkivet etter «Normisjon/Skien Indremisjon» (19 hm) det største.

Omfanget ved dei fleste andre arkiva er svært små. Med tanke på kor stor rolle dei religiøse rørslene hadde i fylket, kan ingen av dei kristne kategoriane merkast grønt. Arkiva etter ikkje-kristne trussamfunn er ikkje representert i det heile, og heller ikkje andre livssynsorganisasjonar.

Idrett og fritid

Det eksisterer 156 arkiv frå idrett og fritid i fylket. Samla tel desse 154,3 hm. Hovuddelen av omfanget er knytt til idrettslaga. Hjå andre aktørar eksisterer det 78 arkiv. Omfanget til desse er stort sett ukjend.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
Idrettslag 28 88,06 13 1,6
Arbeider- og bedriftsidrettslag 16 1,47 0 0
Skyttarørsle 4 4,1 3 0,3
Speidarrørsla 5 19,6 1
Teater/revy 1 2
Musikkorps 4 0,17 1
Kor/songlag 29 5,99 7 0,9
Folkemusikk 0 0 5
Historielag 15 22,35 10 1,2
Kunst 3 3 1
Handtverk 5 0,8 1 0
Mållag 1 0,1 7
Diskusjonsforeiningar/samtalelag 4 0,2 0 0
Turisme 5 2,3 1 0
Bornelag 19 1,42 10
Ungdomslag 15 3,82 15 0,6
Anna fritid 6 1,07 1

Idrettslaga frå Telemark er godt representert i privatarkivbestanda. Slår ein saman omfanget ved dei tre største idrettslaga; Seljord IL, Rjukan IL og Telemark Idrettskrets, tel desse til saman 60 hm. Omfanget ved dei andre laga er langt mindre. Arkiva frå arbeider- og bedriftsidrettslaga er svært små i omfang. Det manglar berre opplysningar om hm ved eitt av desse.

Det eksisterer 2 000 fotografi frå «Telemark Idrettskrets».

Skyttarrørsla er svakt dokumentert. «Rjukan skytterlag» tel 4 hm åleine.

Speidarrørsla er representert med fem arkiv som samla har eit ganske stort omfang. Alle desse arkiva høyrer heime i Nedre-Telemark.

Det eksisterer 1000 fotografi frå «3 Skien (Speidergruppe)» og 1520 frå «Rjukan Speidergruppe».

Privatarkiv frå organisasjonar som driv med musikk, dans og drama er godt representert når det gjeld arkiva frå kor og songlag. Frå dei andre kategoriane eksisterer det få privatarkiv med lite omfang. Folkemusikkarkivet i Telemark tek seg av innsamlinga av folkemusikk gjennom opptak og artiklar.

Det er bevart seks arkiv etter historielag. Elles inneheld gruppa arkiv etter foreiningar knytt til musea. Det eksisterer få arkiv frå kunst og handverk, enno det har eksistert mange husflidlag i fylket. Mållaga er dårleg representert i arkivbestanda. Berre eitt arkiv er bevart. Til gjengjeld har andre aktørar bevart arkiv frå sju mållag. Under turisme finn ein tre turistforeiningar, og to andre organisasjonar knytt til turisme.

Det eksisterer ei fotosamling på 300 foto frå «Visit Rjukan».

Borne og ungdomslaga er representert med 34 arkiv. Arkiva frå bornelaga er stort sett etter lokallag av «Framfylkingen», LO sin borneorganisasjon. Arkiva er svært små i omfang. Blant arkiva frå ungdomslaga høyrer lag som fokuserer på målføre, religion o.a. Omfanget hjå desse er også lite.

Det eksisterer 105 fotografi frå «BUL Måna».

Ideell og humanitær verksemd

Det eksisterer 146 arkiv frå ideell og humanitær verksemd i Telemark. Samla tel arkiva 81,63 hm. I tillegg kjem 72 arkiv frå andre aktørar. Omfanget til desse arkiva er stort sett ukjend.

Kategori Privatarkiv frå
arkivfaglege institusjonar
Hyllemeter frå
arkivfaglege institusjonar
Privatarkiv frå
andre aktørar
Hyllemeter frå andre
aktørar
1900-1945 1946-1972 1973-d.d. Samla vurdering
Fråhaldslag 23 16,44 16 0,5
Sosial velferd 24 13,99 1
Sanitetsforeiningar 9 15,25 2
Helselag 3 3,1 17 2,25
Nærmiljø- og velforeiningar 9 1,13 3
Heim og familie 11 5,4 6 0,3
Humanitære organisasjonar 20 15,37 7
Kvinneforeiningar 10 3,75 10
Pensjonistlag 5 0,72 1
Opplysningsarbeid 32 6,48 9

Det er bevart 23 arkiv frå fråhaldslag i fylket. Desse tel samla 16,44 hm. Arkivet etter «Motorførernes Avholdsforbund» tel 8 hm åleine. Fem arkiv manglar opplysning om omfang.

Gruppa sosial velferd består i hovudsak av arkiv etter hjelpekasser og trygdeordningar. Mykje av materialet høyrer til yrkesgruppa sjømenn. Opplysning om omfang manglar ved seks arkiv.

Det eksisterer ni arkiv etter sanitetsforeiningane. «Solum sanitetsforening» tel 8 hm åleine. Opplysning om omfang manglar ved to arkiv.

Blant arkiva frå helselag finn me «LHL Rjukan», «Rjukan Radiumforening» og «Telemark krigsinvalideforening». Desse utgjer lite i omfang. Hjå andre aktørar er det bevart ei lang rekke (15 stk) helselag av den typa som var innmeldt i «Nasjonalforeningen for folkehelsen».

Det eksisterer 600 fotografi frå «Rjukan Radiumforening».

Under humanitære organisasjonar finn ein i hovudsak lokale avdelingar av Norsk Folkehjelp (8 stk). Dei resterande organisasjonane varierer i type og omfang. «Nasjonalhjelpens fond for krigens ofre» tel 10 hm.

Det eksisterer 106 fotografi frå «Rjukan Røde Kors».

Arkiva frå kvinneforeiningane dekker alle periodar. Dei fleste arkiva er små i omfang, og kva dei forskjellige laga arbeidde med varierer mykje.

I kategorien opplysningsarbeid reknast folkeakademia og AOF-foreiningane. I tillegg kjem forskjellige diskusjonsforeiningar. Det eksisterer arkiv etter seks folkeakademi, samt 15 AOF-foreiningar. Andre aktørar har bevart arkiva etter seks folkeakademi.

Fotosamlingar

I bestandsoversikta er det kartlagt 3 246 141 fotografi. Av desse høyrer 2 871 818 til musea i Telemarksarkivet. 374 323 høyrer til andre aktørar, men av desse er 300 000 bevart hjå Berg-Kragerø Museum.

Fotografia kan plasserast i 208 forskjellige samlingar. Omfanget av desse varierer frå 1 foto til 900 000. Samla utgjer fotosamlingane hjå musea 941,9 hm. Omfanget hjå dei andre aktørane er uviss. Der det har vore mogleg å plassere ei fotosamling i ein nærings- eller organisasjonskategori, er dette presentert i tekstane over.

Geografisk fordeling

Fotosamlingane kan knytast til forskjellige kommunar og regionar i fylket vårt etter kva område fotografia syner. Dette gjeld fotosamlingar som er samla frå eit spesifikt område; eit historielag vil t.d. samle inn fotografi med motiv frå sitt nærområde, og ein kan difor stort sett plassere desse fotosamlingane i ein kommune eller region.

Fotosamlingar etter fotografar kan også knytast til forskjellige regionar, men då må ein ofte nytte den geografiske tilhaldsstaden til fotografen/firmaet. Det er ikkje gitt at fotografia har motiv frå den same staden; menneske frå heile Austlandet kunne t.d. reise til Ragnvald Nyblin for å la seg avfotografere, men fotoverksemda er likevel rekna til Grenland der firmaet er registrert.

I rammene av denne bevaringsplanen har me ikkje hatt ressursar til ei grundigare kartlegging av innhaldet i dei forskjellige fotosamlingane frå Telemark. I den geografiske framstillinga har me antatt at fotografia etter fotografane syner motiv frå same stad som fotografen høyrde heime.

Region Inkluderer kommunane Antall Andel
Aust-Telemark Hjartdal, Notodden, Tinn 188 129 5,8 %
Vest-Telemark Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke, Vinje 128 569 4,0 %
Midt-Telemark Bø, Nome, Sauherad 19 700 0,6 %
Grenland Bamble, Porsgrunn, Siljan, Skien 2 415 512 74,4 %
Vestmar Drangedal, Kragerø 316 500 9,8 %
Region Inkluderer regionane Antall Andel
Nedre-Telemark Midt-Telemark, Grenland, Vestmar 2 754 007 84,8 %
Øvre-Telemark Aust-Telemark, Vest-Telemark 316 698 9,8 %

Den klart største delen av fotografia kjem frå Nedre-Telemark med nesten 85 prosent av bestanden. 9,8 prosent høyrer til Øvre Telemark, medan dei resterande er knytt til fylket i sin heilheit. Undersøker ein regionane meir i detalj, syner oversikta at Midt-Telemark er den regionen som kjem dårlegast ut med berre 0,6 prosent av bestanden. Bø Museum og Evju bygdetun har til saman 15 000 av desse fotografia. Dei resterande er hovudsakleg knytt til samlingar i Nome.

4 prosent av fotobestanda kan knytast til Vest-Telemark. Hovuddelen av fotografia, 103 255 stk, høyrer til Arne Aas (Seljord) si fotosamling. Den resterande bestanda utgjer ein andel på 0,8 prosent av totalen.

Frå Aust-Telemark høyrer 5,8 prosent av fotografia. Færrast finn ein i Hjartdal (1 350 stk), medan det eksisterer flest frå Tinn – av desse stammer 1/3 frå Norsk Hydro.

Frå Vestmar finn ein 9,8 prosent av bestanda. 300 000 foto blir oppbevart hjå Berg-Kragerø Museum. Dei resterande er samla inn av Drangedal Historielag.

Grenland er regionen med den største andelen av fotografia. Heile 74,4 prosent stammer herifrå. Mykje av materialet kjem frå fotografbedrifter som har vore verksame i Skien og Porsgrunn. Mykje av innhaldet er portrett som syner personar som kan vere født andre stadar enn i Grenland.

Fotosamlingar over tid

Antall fotosamlinger fra Telemark fordelt over tid.
Foto: Telemarksarkivet.

Dei eldste fotografia frå Telemark er 95 daguerreotypiar der det eldste er frå 1855. Dei fleste fotosamlingar er merka med ytterår på same måte som ved privatarkiva. Ein kan lage ei framstilling av samlingane over tid som viser kva år det er bevart flest fotosamlingar. I framstillinga har ein berre rekna med samlingar der ytteråra eksisterer, og berre samlingar som inneheld meir enn 100 fotografi.

Framstillinga tek ikkje omsyn til antall fotografi i dei forskjellige samlingane. Ei samling med 100 foto er sidestilt med ei samling med 100 000 foto. Framstillinga vil likevel gje ein indikator på korleis dei forskjellige epokane er dekt i fotosamlingane frå Telemark.

Frå heile Telemark er det bevart 3 246 105 fotografi. Dette svarar til 18,7 fotografi per innbyggjar rekna etter innbyggjartal frå 2017 (173 307 innbyggjarar per 1. januar 2017).

Anbefalingar for innsamling av privatarkiv frå Telemark

Resultata frå bevaringsplanen for privatarkiv i Telemark syner at det eksisterer ei rekkje skeivheiter mellom bestanden hjå dei arkivfaglege institusjonane og den historiske røynda som har eksistert i Telemark. Det må vere et mål at desse skeivheitene vert retta opp slik at har kjelder til å fortelje historia om Telemark meir heilskapleg i framtida. Skeivheitene eksisterer både geografisk, i tid og tematisk. Her er eit kort samandrag over område ein bør rette meir målretta innsats mot i vårt fylke.

Fleire kommunar er dårleg representert

Dei geografiske variasjonane er store i fylket vårt. Det er samla mest privatarkiv i Nedre Telemark. Det er i denne regionen det har vore mest aktivitet i både dei sekundære og primære næringane, og dette er difor ikkje spesielt overraskande. I Aust-Telemark er det også bevart mykje arkiv, og desse er gjerne knytt til industrien. Vest-Telemark kjem dårleg ut, og her er variasjonane mellom kommunane store. I Midt-Telemark er det bevart lite arkivmateriale blant arkivfaglege institusjonar, men til gjengjeld er det bevart mange viktige privatarkiv hjå andre aktørar. Elles er det nokon kommunar som er særleg dårleg representert;

Hjartdal er kommunen som kjem dårlegast ut med berre to bevarte privatarkiv. At det eksisterer privatarkiv frå kommunen plassert i kategorien «Aust-Telemark» gir ikkje noko stort utslag for talet på arkiv eller omfanget av desse. Med dei fem hyllemetrane historielaget har samla som ikkje er rekna med i denne oppgåva, tilfredsstiller heller ikkje det låge talet arkiv.
Siljan kjem også dårleg ut i statistikken med berre fem arkiv. Årsaka kan truleg forklarast med den korte avstanden til Skien. Ein bør likevel undersøke nærare kvifor talet på privatarkiv er lågt her.
Nissedal er representert med sju arkiv. Kommunen tek vare på ein del privatarkiv som burde vore tilgjengelege for fleire. Historielaget har lite privatarkiv, men mykje anna kjeldemateriale frå kommunen.

Få arkiv frå notid – kvar vert det av dei digitale arkiva?

I tid vert det tydeleg at tida nærast notid er dårleg dokumentert i arkiva. Tida etter 2010 er berre dokumentert i 50 privatarkiv. I heile Telemarksarkivet er det berre ei handfull arkiv som er avlevert digitalt, med unnatak av fotoarkiva. Innsamling av digitale arkiv bør ha eit stort fokus framover, men før det blir utvikla ei nasjonal løysing for desse typar arkiv, vil ikkje Telemarksarkivet setje i gang eit eige system for slik bevaring.

Store manglar blant næringslivsarkiva

Privatarkiv frå næringslivet er svakt dokumentert i fleire kategoriar. Blant næringane som er dårlegast dokumentert er

  1. fiskerinæringa
  2. isdriftsnæringa
  3. jernverka
  4. overnattingsstadene.

Alle desse områda er tillagt stor betydning i samfunnsanalysen utan at dette reflekterast i privatarkivbestanda.

Skeivheiter blant organisasjonsarkiva

På tross av mengda arkiv frå organisasjonslivet, er organisasjonane svakt dokumentert i fleire kategoriar.

  1. Jordbruk, skogbruk og fiske kjem særskild dårleg ut med berre 25 arkiv. Saman med arkiva frå næringslivet er denne gruppa, inkludert gardsarkiva, berre representert med 43 arkiv, 32,14 hm.
  2. Fleire politiske parti manglar god dokumentasjon i arkiva, og det er særleg partia på høgresida som kjem dårleg ut.
  3. Religiøse organisasjonar er berre representert gjennom arkiva frå 25 kristne organisasjonar. Dette talet er svært lågt når ein granskar betydninga kristendomen hadde i fylket på 1900-talet. Ein bør også rette fokus mot dei andre trusretningar og livssynsorganisasjonar som har eksistert i fylket. Desse er ikkje representert i vår bestand.
  4. Blant fritidsorganisasjonane bør dei som gjeld musikk, dans og drama trekkast fram. Sjølv om kora i fylket verker å vere godt representert, manglar det arkiv frå dei fleste andre retningar innan denne kategorien. Same dårlege representasjon gjeld kunst og handverksorganisasjonar, medan målrørsla er representert med eitt enkelt arkiv.

Kjelder og tidlegare oversikter over bevarte privatarkiv i Telemark

Før bevaringsplanarbeidet blei sett i gang, fanst det eit lite knippe rapportar der privatarkiva i fylket var forsøkt kartlagt. Arkivverkets prosjekt som resulterte i publikasjonen «Til kildene!» (2007) var ein av desse rapportane, og fram til i dag har dette vore den mest grundige av slike kartleggingar.

Før dette var dåverande arkivar ved AAT, Ove Lunde, med på å lage ein rapport om arkivkartleggings¬arbeidet i Telemark i samband med at fylkesarkivet i Vestfold, som på denne tida var koordinerande ledd for BTV-regionen, laga ei kartlegging av institusjonar som arbeidde med historiske privatarkiv. Kartlegginga blei gjort i 2005. I samband med innsamlingsplanen for Telemark Museum (2009-2011), gjennomførte Inger Kristine Bratland ved Berg-Kragerø Museum ei omfattande kartlegging av m.a. privatarkiv ved forskjellige institusjonane i Telemark. Elles kartla fyrstekonservator ved Telemark Museum, Tor Kjetil Gardåsen, arkivmateriale hjå private industribedrifter i Grenland attende i 1998.

  • ABM-utvikling, Til kildene! Kartlegging av regionale og lokale arkiver, 2007
  • Bratland, Inger Kristine, Innsamlingsplan for Telemark Museum 2009-2011, Skien, 2009
  • Gardåsen, Tor Kjetil, Registrering av industrihistorisk materiale i bedrifter i Grenland, Industrikulturelt senter i Grenland, Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, Skien, 1998.
  • Kristensen, Yngve Schulstad (red.), Bevarings- og innsamlingsplan for privatarkiv i Aust-Agder, versjon 1.17.02.2016.
  • Lunde, Ove, Rapport om arkivkartleggingsarbeidet i Telemark, Skien, 2005
  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), 'Telemarks historie: Etter 1905, band 3, Fagbokforlaget, 2014
  • Lenke til pdf av Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark på Telemarksarkivet si heimeside.