Birgit Guttormsdotter Haftorn (1792–1843)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Birgit Guttormsdotter Haftorn (fødd 1792 i Gol, død 1843) var haugianar og lekpredikant i Hallingdal og Valdres.

Slekt og familie

Ho var dotter av Guttorm Kolbjørnsson Hoftun (1754–1812) og Barbro Knutsdotter Hoftun (1763–1833), og var det sjuanda av deire elleve born.

I 1811 vart ho gift med Nils Olsson Frøysok Nilsegarden. Etter at han døydde gifta ho seg i 1827 med Østen Olsson Amundsli.

Liv og verke

Faren var gardbrukar på Søre Hoftun - Haftorn er ein skrivemåte som var vanleg då ho levde, og sidan ho vart kjent utafor heimbygda henger den ved ho. Det var ein stor gard, og Guttorm Hoftun var kjend som ein av dei rikaste og mektigaste bøndene i Hallingdal. Han var óg haugianar, så Birgit Haftorn vaks opp i ein religiøs heim. I 1800 gav han eit lån på 150 riksdalar til Hans Nielsen Hauge så han fekk prenta nokre skrifter i København. I 1801 vitja Hauge for fyrste gongen Gol, og då var han heime i storstugua på Sygarden Hoftun. Birgit Haftorn møtte altså Hauge som born, og garden ho budde på vart eit sentrum for den haugianske rørsla i Hallingdal.

Ho byrja sitt verke som lekpredikant i bygdene i Hallingdal, der ho vart kjend for sang, bøn og formaningstalar. Etter kvart byrja ho óg å reise rundt i Valdres.

På slutten av livet, i 1841, fekk Birgit og Østen livaureSøre Sygarden Hoftun. Det var Guttorm Nilsson Frøysok Nilsegarden (1814–1893), son av Birgit frå hennar fyrste ekteskap, som sat på dette bruket.

Litteratur og kjelder