Birgitte Munthe (1634–1708)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Birgitte Munthe (Bertha) (fødd 26. juni 1634 i Borrby, Malmöhus, Sverige, død 23. april 1708 i Luster) var dotter av Ludvig Munthe (1593-1649), biskop i Bergen frå 1636, den fyrste av Munthe-ætta i Noreg. Birgitta gifte seg 1657 med Christopher Giertssøn Morgenstierne (1619-1679), fut i Indre Sogn, som i 1653 hadde kjøpt og flytt til garden Flahamar i Luster. Etterkomarane kalla seg Munthe, og dette var opphavet til Munthe-ætta i Indre Sogn. Sammen med ektemannen vart ho óg opphav til slekta von Munthe af Morgenstierne.

Christopher Morgenstierne hadde fått hand om mykje av Apostelkyrkja sitt gods i Indre Sogn. Ved skøyte 26. mars 1681 kjøpte Birgitte alle gardane i Jostedalen, som òg var tidlegare apostelgods, frå Hans Hansen Lillienskiold. Jostedalsgodset gjekk før 1691 udelt vidare til eldstesonen Ludvig Munthe (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Birgitte sjølv budde på Flahamar til ho i 1690 selde garden til svigersonen Georg Frederik von Krogh. Ho flytte då til Søvde der ho budde til 1697, men flytte då attende til Flahamar.

Birgitte Munthe og Christopher Morgenstierne fekk ni born, mellom anna:

Kjelder

  • Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 233. (Digital utgåve)
  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 44-52.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Munthe», Store Norske Leksikon
  • «von Munthe af Morgenstierne», Store Norske Leksikon

Eksterne lenker