Birgitte Munthe (1634–1708)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Birgitte Munthe (Bertha) (fødd 26. juni 1634 i Borrby, Malmöhus, Sverige, død 23. april 1708 i Luster). Ho gifte seg 1657 med Christopher Morgenstierne (1619-1679), fut i Indre Sogn. Etterkomarane kalla seg Munthe, og dette var opphavet til Munthe-ætta i Indre Sogn.

Christopher Morgenstierne hadde fått hand om mykje av Apostelkyrkja sitt gods i Indre Sogn. Ved skøyte 26. mars 1681 kjøpte Birgitte alle gardane i Jostedalen, som òg var tidlegare apostelgods, frå Hans Hansen Lillienskiold.

Jostedalsgodset gjekk før 1691 udelt vidare til Ludvig Munthe (1657-1708), den eldste sonen til Birgitta og Christopher.

Mellom borna til Birgitte Munthe og Christopher Morgenstierne var:

  • Ludvig Munthe (1657-1708), sokneprest i Vik
  • Otto Munte (1659-1733), sokneprest i Fron
  • Birgitte Munthe (1663-1696), gift med oberst Georg Frederik von Krogh

Kjelder

  • Munthe, Store Norske Leksikon
  • Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 233. (Digital utgåve)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)