Bjørk (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. aug. 2013 kl. 19:55 av Oddloho (samtale | bidrag) (bruk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bjørk (Luster, gnr. 195) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg på austsida av Jostedøla som den sørlegaste i Krekagrendi. Han grensar i sør mot Bruheim og i nord mot Vamberg.

Bjørk låg sentralt i den nedlagde Kreken skulekrins, og her vart det fyrste skulehuset i krinsen bygt i 1885. Her vart òg ungdomshuset Dølaheimen sett opp i 1920-åra. Seinare er Jostedal skule (1968), Jostedal barnehage (1990) og Jostedal samfunnshus (1986) med symjehall, fotballbane og lysløype bygd på Bjørk.

Bruk

Vamberg var opphavleg ein del av Bjørk og vart truleg ikkje rydda før kring 1622. Dei to gardane vart rekna som same matrikkelgard fram til matrikkelrevisjonen i 1838 då Vamberg fekk eige gardsnummer.

Kjelder og litteratur

  • «Bierch» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 420-457. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Bjørk», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane]

Mal:Infoboks gardsbruk