Bjørkedal kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. apr. 2013 kl. 11:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kategorisplitting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til kystlaget

Bjørkedal kystlag er ei foreining som vart stifta i 1994 for å samle inn og ta vare på båtar bygde i Bjørkedalen. Båtane er no samla i Bjørkedal båtsamling på Søre Bjørkedalen.

Laget har utvida verksemda til å dreie seg om å ta vare på og bruke forskjellige delar av kystkulturen på Sunnmøre. Båtsamlinga vart i 2007 utskilt som eige lag med ansvar for dei av båtane som ikkje er sjødyktige. I tillegg til tradisjonelle båtar har samlinga ei operativ oppgangssag.

Kystlaget kjøpte i 2008 MK Nordlys, bygd 1943, 49 fot og konsentrerer aktiviteten sin kring dette fartøyet.

I Forbundet KYSTENs kampanjen Adopter et kystkulturminne har Bjørkedal kystlag adoptert BÅTDRAGING som sitt kystkulturminne. Heile prosessen med å få båten frå skotet til sjøen, inkludert historia om korleis Bjørkedalen fekk statlig løve til veg, bru og båtvogn på 1880-tallet.

Bjørkedal kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN.

Båter som Bjørkedal kystlag har registrert i tradisjonsbåtregisteret.

Bilde frå Bjørkedal båtsamling


Filmar frå youtube

Kjelder