Bjørkehaugen (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(endra koord-mal)
(bilete)
Linje 19: Linje 19:
| postnr        =  
| postnr        =  
}}
}}
[[Bilde:Bjørkehaugen-2.JPG|thumb|Bjørkehaugen sett frå sørvest (mai 2012)]]


'''[[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]]''' (Luster, gnr. 202/7) er eit gardsbruk under matrikkelgarden [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. I dei versjonane av segna om [[Jostedalsrypa]] som nemner kvar Rypa kom ifrå, heiter det at ho kom frå Bjørkehaugen.
'''[[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]]''' (Luster, gnr. 202/7) er eit gardsbruk under matrikkelgarden [[Mjølver (Jostedalen)|Mjølver]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. I dei versjonane av segna om [[Jostedalsrypa]] som nemner kvar Rypa kom ifrå, heiter det at ho kom frå Bjørkehaugen.

Sideversjonen fra 20. mai 2012 kl. 22:30

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bjørkehaugen sett frå sørvest (mai 2012)

Bjørkehaugen (Luster, gnr. 202/7) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. I dei versjonane av segna om Jostedalsrypa som nemner kvar Rypa kom ifrå, heiter det at ho kom frå Bjørkehaugen.

Tidleg lokalt eige

Det var eit av dei tre eldste bruka i Mjølver og vart truleg rydda kring 1605. Skatteskylda var fyrst den same som dei to andre bruka (Nigard og Mjølver), men vart seinare sett ned slik at Bjørkehaugen i 1660-åra var det minste av dei tre bruka.

Bjørkehaugen var det andre bruket i Jostedalen som fekk ein lokal eigar då Anders Sjurson Kruna 6. mars 1691 fekk skøyte på bruket hjå Ludvig Munthe. Anders stod som eigar til han 30. september 1719 selde til sokneprest Henrik Nitter, som snart etter selde vidare til Anders Olson Åsen. Etter ei deling gjennom to skifte vart bruket samla att 4. april 1737 då Anna Sjursdotter, enkja etter Anders Olson Åsen, vart eigar. Sonen Ole Anderson Åsen overtok 22. oktober 1756 bruket etter mor si, og han selde vidare til sonen sin, Anders Olson, 14. april 1779. Det vart Anders som i 1781 selde bruket til den brukaren Ole Jetmundson, som dermed vart den fyrste brukaren i Åsen som åtte bruket sjølv. Frå 1742 til ut i 1770-åra vart Bjørkehaugen nemnd som ein husmannsplass under Åsen.

Øydelagd av Nigardsbreen

Utmarks- og slåtteområda til Bjørkehaugen vart mykje øydelagde då Nigardsbreen gjekk kraftig fram tidleg på 1700-talet. Ei avtaksforretning i august 1742 førte til at skylda vart sett ned til fjerdeparten av kva ho hadde vore før.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 629ff. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°39′36″ N 007°16′28″ Ø