Bjørkehaugen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2012 kl. 21:16 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Tidleg lokalt eige: utviding særleg om skyld, men òg om eigarskap)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bjørkehaugen sett frå sørvest (mai 2012)

Bjørkehaugen (Luster, gnr. 202/7) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. I dei versjonane av segna om Jostedalsrypa som nemner kvar Rypa kom ifrå, heiter det at ho kom frå Bjørkehaugen.

Skyld

I skattelistene frå 1596, 1600 og 1603 er det to bruk i Mjølver, og frå og med den neste bevarte skattelista frå 1611 er det tre bruk. Det heiter i bygdeboka (Øyane 1994) at Mjølver og Nigard var dei to opphavlege bruka og at Bjørkehaugen kom til kring 1605. Men ein kan ikkje utelukke at Bjørkehaugen var mellom dei to opphavlege bruka.

Meir visst er det iallfall at skatteskylda for Bjørkehaugen var sett like høgt som for Nigard og høgare enn Mjølver fram til 1642. Frå 1642 til 1653 var Bjørkehaugen det nest største bruket i Mjølver målt i skyld, og det var fyrst i 1666-matrikkelen at Mjølver rykte opp og Bjørkehaugen ned på tredjeplass.

Framrykkinga til Nigardsbreen øydela heilt Nigard, og Bjørkehaugen vart òg mykje skadd. I avtaksforretninga i august 1742 vart den fråflytte Nigard stroken frå matrikkelen medan Bjørkehaugen fekk skylda redusert med heile 78 % til seks merker smør. Mjølver vart no ståande som det klart største bruket i grenda. (Sjå meir under Mjølver.)

Tidleg lokalt eige

Bjørkehaugen var mellom dei tidlegaste bruka i Jostedalen som fekk ein lokal eigar då Anders Sjurson Kruna 6. mars 1691 fekk skøyte på bruket hjå Ludvig Munthe. Anders stod som eigar til han 30. september 1719 selde til sokneprest Henrik Nitter.

Bjørkehaugen kom under Åsen då Nitter (død 1724) eller arvingane hans snart selde vidare til Anders Olson Åsen. Etter ei deling gjennom to skifte i 1729 og 1736 vart bruket samla att 4. april 1737 då Anna Sjursdotter, enkja etter Anders Olson Åsen, vart eigar. Sonen Ole Anderson Åsen overtok 22. oktober 1756 bruket etter mor si, og han selde vidare til sonen sin, Anders Olson, 14. april 1779. Frå 1742 til ut i 1770-åra vart Bjørkehaugen nemnd som ein husmannsplass under Åsen.

Det vart Anders som 7. juni 1781 selde bruket til den brukaren Ole Jetmundson, som dermed vart den fyrste brukaren i Bjørkehaugen som åtte bruket sjølv. Bjørkehaugen vart dermed det fjerde siste bruket i Jostedalen som vart sjølveigarbruk.

Øydelagd av Nigardsbreen

Utmarks- og slåtteområda til Bjørkehaugen vart mykje øydelagde då Nigardsbreen gjekk kraftig fram tidleg på 1700-talet. Ei avtaksforretning i august 1742 førte til at skylda vart sett ned til fjerdeparten av kva ho hadde vore før.

Kjelder og litteratur

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°39′36″ N 007°16′28″ Ø