Bjørkehaugen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2012 kl. 21:51 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Husmannsplass: nytt kap om jostedalsrypa)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bjørkehaugen sett frå sørvest (mai 2012)

Bjørkehaugen (Luster, gnr. 202/7) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. I dei versjonane av segna om Jostedalsrypa som nemner kvar Rypa kom ifrå, heiter det at ho kom frå Bjørkehaugen.

Skyld

I skattelistene frå 1596, 1600 og 1603 er det to bruk i Mjølver, og frå og med den neste bevarte skattelista frå 1611 er det tre bruk. Det heiter i bygdeboka (Øyane 1994) at Mjølver og Nigard var dei to opphavlege bruka og at Bjørkehaugen kom til kring 1605. Men ein kan ikkje utelukke at Bjørkehaugen var mellom dei to opphavlege bruka.

Meir visst er det iallfall at skatteskylda for Bjørkehaugen var sett like høgt som for Nigard og høgare enn Mjølver fram til 1642. Frå 1642 til 1653 var Bjørkehaugen det nest største bruket i Mjølver målt i skyld, og det var fyrst i 1666-matrikkelen at Mjølver rykte opp og Bjørkehaugen ned på tredjeplass.

Sterkt skadd av breen

Framrykkinga til Nigardsbreen øydela heilt Nigard, og Bjørkehaugen vart òg mykje skadd. I avtaksforretninga i august 1742 heiter det at "intet korn paa denne part kan komme til modenhed, thi det fandtes nu end ikke knept formedelst Jisfieldets fra sig givende kulde".[1] Sidemorena fortel at Nigardsbreen berre låg kring 100 meter frå tunet i Bjørkehaugen i 1740-åra, så mykje av slåtte- og beitemarkene til bruket må ha vore øydelagt attåt dei vonlause vilkåra for korndyrking. Synsforretninga konkluderte òg med at "det beholdne af denne part synes ikke at kand blive andet end til een Øde gaards beite eller slott for de andre nærliggende Jorder". Like fullt var det ein husmann (under Åsen) i Bjørkehaugen på dette tidspunktet, og Lars Øyane meiner det var kontinuerleg busetnad her. Den fråflytte Nigard vart i 1742 stroken frå matrikkelen medan Bjørkehaugen fekk skylda redusert med heile 78 %. Mjølver vart no ståande som det klart største bruket i grenda. (Sjå under Mjølver for detaljar og referansar.)

Tidleg lokalt eige

Bjørkehaugen var mellom dei tidlegaste bruka i Jostedalen som fekk ein lokal eigar då Anders Sjurson Kruna 6. mars 1691 fekk skøyte på bruket hjå Ludvig Munthe. Anders stod som eigar til han 30. september 1719 selde til sokneprest Henrik Nitter.

Bjørkehaugen kom under Åsen då Nitter (død 1724) eller arvingane hans snart selde vidare til Anders Olson Åsen. Etter ei deling gjennom to skifte i 1729 og 1736 vart bruket samla att 4. april 1737 då Anna Sjursdotter, enkja etter Anders Olson Åsen, vart eigar. Sonen Ole Anderson Åsen overtok 22. oktober 1756 bruket etter mor si, og han selde vidare til sonen sin, Anders Olson, 14. april 1779. Frå 1742 til ut i 1770-åra vart Bjørkehaugen nemnd som ein husmannsplass under Åsen.

Det vart Anders som 7. juni 1781 selde bruket til Ole Jetmundson som vart den fyrste brukaren i Bjørkehaugen som åtte bruket sjølv. Bjørkehaugen vart dermed det fjerde siste bruket i Jostedalen som vart sjølveigarbruk.

Gardshusa

Stovehuset i Bjørkehaugen er frå 1949. Fjøsen vart bygd i 1919 medan stabburet er gamalt og kan vere frå fyrst på 1800-talet.

Husmannsplass

Husmannsplassen Svori vart rydda tidleg i 1820-åra aust og ned for tunet og var den einaste husmannsplassen under Bjørkehaugen.

Svori vart fråskild 3.7.1903 (bnr. 8) og fekk då med seg 1/4 av skylda på Bjørkehaugen.

Jostedalsrypa

I fleire versjonar av segna om Jostedalsrypa heiter det at ho kom frå Bjørkehaugen. Jonas Ramus (1715) og Erik Pontoppidan (1749) nemner ikkje kvar Jostedalsrypa kom frå i sine knappe versjonar av segna, men Matthias Foss si attgjeving av segna frå 1750 byrjar slik:

"Efterat den saa kaldte sorte Død havde overgaaet Juste­dalen og alle, undtagen et eneste lidet Pigebarn paa foromtalte, nu ødelagte, Gaard Birkehougen i Milvirsdalen, vare bortdøde, har Kreaturet søgt igiennom Skovene..."[2]

Foss skriv vidare at jenta hadde gøymt seg i "Birkehougskoven". Dei fleste lengre versjonar av segna etter dette heimfestar Rypa til Bjørkehaugen.

Foss nemner i sin versjon av segna at Bjørkehaugen nyleg var øydelagd (av breen). Denne nyare dramatiske soga til garden kan vere forklaringa på at segna om Jostedalsrypa vart knytt til han.

Notar

Kjelder og litteratur

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°39′36″ N 007°16′28″ Ø