Bjarne Rabben

Bjarne Rabben (fødd 19. juni 1907 i Ålesund, død 4. juli 2003 på Herøy aldersheim i Myrvåg) var lokalhistorikar med omfattande skriftleg produksjon og deltaking i lokale aktivitetar. Arbeidet hans var konsentrert om heimtraktene, Herøy, Sande og Rovde på Ytre Søre Sunnmøre, men han tok òg for seg emne frå heile fylket, mellom anna eit viktig arbeid med fiskerisoge.

Byste/bauta av Bjarne Rabben.

Rabben var fødd utanfor ekteskap med dårlege odds. Av skulegang hadde han berre folkehøgskule og småbrukarskule. Men han kom til gode fosterforeldre på Moltustranda og vart buande der heile livet.

Utanom lokalhistoria var han sterkt engasjert i fråhalds- og målsaka. I 37 år var han reisesekretær for IOGT og Det Norske Totalavholdsselskap. Han skreiv òg ein roman og fleire salmar, og han hadde mange kommunale verv, mellom anna som varaordførar. Han var redaktør for lokalavisa Vestlandsnytt i åra 1952–55 samstundes som han samla stoff til Herøysoga. Kona og barna dreiv småbruket.

Rabben var ein av dei som var med og starta Herøy sogelag i 1936. I 50 år redigerte han årsskriftet Folk og fortid, og han vart æresmedlem i sogelaget. Han var òg æresmedlem i Sunnmøre historielag og Den norske historiske forening (HIFO). Bjarne Rabben fekk Kongens fortjenstmedalje i sølv 1973 og i gull i 1989. Han fekk Herøy kommune sin kulturpris og ei rad andre prisar.

Da Rabben og kona flytte på aldersbustad, gav han heile det lokalhistoriske tilfanget sitt til sogelaget slik at det vart teke vare på og tilgjengeleg for framtidig forsking. På Herøy gard er skrivestova til Rabben sett opp att.

Lokalhistorisk bibliografi (utval)

  • Herøy og Leikong Sparebank 1843–1953 (1953, tillegg 1968)
  • Moldtustranda. Drag frå bygdelivet i fortid og notid (1959)
  • Soga om Sande og Rovde, 5 band (1975–1979)
  • Herøyboka, til saman 8 band
  • Gardar og folk, 3 band (1962–63, ny utgåve 1979–83)
  • Landslag og folkeliv (1970)
  • Ute i krig. Herøyværingar utalands 1940-45 (1987)
  • Bygdesoga, 3 band (1972–89)
  • Folk ved havet. Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal, 3 band (1982–83)
  • Kommunestyring i Herøy 1837-1987 (1987)
  • Brev frå Sæterrabben (1988)
  • Vestlandsnytt, bodberar i 60 år (1995)
  • Glimt frå mitt hundreår (1999)

Litteratur og kjelder