Bjorli jernbanerestaurant

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjorli jernbanerestaurant, interiøret, i 1929

Bjorli jernbanerestaurant vart bygd på Bjorli stasjonRaumabanen i 1927. Det var ein staseleg bygning med plass til 700 gjester. Målgruppa var turistar som kom med turistskip til Åndalsnes og så kom opp med toget til Bjorli for så å få noko å forfriske seg på der før dei returnerte. Det var Norsk spisevognselskap som dreiv restauranten.

Dotter til stasjonsmeisteren på Bjorli i åra 1930-36 har fortald om desse turistane og opphaldet deira:

«Det surret i flere tungemål og det var virkelig festlig mens det stod på, og mange av bygdas kvinner var med og hjalp til med servering o.l. Oppholdet kunne dreie seg om et par timers tid, og da tok de seg gjerne en tur oppover moen til Storhaugen hvor de plukket blomster, lyng og kjerringris.»

Restauranten var todelt med ein stor restaurant som berre var open for turistane i sommarsesongen (mai - august) og ein liten restaurant knytt til venterommet på stasjonen. Mor til informanten nemnt framafor dreiv den vesle, der ho serverte kaffe to gonger dagleg i samband med at det kom dag- og nattog frå Åndalsnes. Ho fortel vidare:

Bjorli jernbanerestaurant i 1927
Særleg om kvelden ved 10-tida var det stas når 'møringen' kom stormende inn og skulle ha vin. Vi hadde vinrett for reisende, og på Møre var det jo helt tørrlagt. De reisende var begeistret og sa at nå var de kommet til sivilisasjonen når de var kommet til Bjorli.

Søndag 21. april 1940 vart stasjonsområdet bomba av dei tyske angriparane, og heile bygninga brann ned.

Kjelde