Bjorli skilag

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 21. mar. 2021 kl. 17:31 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjorli skilag i Bjorli, Lesja vart stifta 30, juli 1949 av Anton Bjorli, Arne Bjorli, Arvid Enstad, Ola E. Enstad, Kåre Enstad og Jon Enstad. Fleire av desse hadde tidlegare vore medlemar av Lesjaskog idrettslag.

Skilaget rydda seg hoppbakke, Jogardsbakken, og slalåmbakke alt første vinteren. Desse fekk òg samstundes flomlys som mellom dei aller første i Gudbrandsdalen,[1] og hadde kritisk punkt på 34 meter.[2] Ola E. Enstad sette bakkerekord på 38 meter i 1951, og den stod i alle fall til 1955.

Laget arrangerte 11.-12. mars 1950 kretsrenn i langrenn, hopp og slalåm med svært god deltaking. Ole E. Enstad fekk damenes premie som beste hoppar i kombinert, og laget fekk pokalen for beste tremannslag i slalåm med Arvid Enstad, Olav Enstad og Anders Bjorli. Dei neste laga var Åndalsnes og Øverdalen.[3]

Av årsmeldinga for 1950 gjekk det fram at laget hadde 25 medlemer og hadde avvikla eitt klubbrenn, eitt skimerkerenn og at det i kretsrennet hadde vore 190 deltakarar frå Lillehammer i sør til Isfjorden i Romsdalen. Det hadde vore arbeidd med flomlysanlegget, og halde to basarar som gav kr 1400 i inntekt til dette.[4] Alt søndag 14. januar 1951 arrangerte laget 17 km skirenn og om ettermiddagen flomlysrenn i slalåmbakken.[5]

Søndag 26. april 1953 arrangeret laget storslalåmrenn på Bjorli.[6].

Formenn fram til 1955:
1949: Arvid Enstad
1950: Nils Lyslo
1952: Arvid Enstad

Bjorli skilag gjekk inn i Lesjaskog idrettslag i 19__.

Litteratur

Referansar

  1. Dagningen 28. februar 1950.
  2. Ranheim 1055.
  3. Lillehammer Tilskuer 14. mars 1950.
  4. Dagningen 28. desember 1950.
  5. Dagningen 12. januar 1951.
  6. Dagningen 2. mai 1953.