Bjorli stasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. apr. 2021 kl. 13:33 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: miniatyr|Bjorli stasjon i 1922. [[Anders Beer Wilse]] '''Bjorli stasjon''' er den største på Raumabanen, Den vart opna 19. oktober 192…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjorli stasjon i 1922. Anders Beer Wilse

Bjorli stasjon er den største på Raumabanen, Den vart opna 19. oktober 1921 etter å ha vore under arbeid sidan 1918, og var endestasjon fram til banen nådde Åndalsnes i 1924. Det vart derfor bygd svingskive, sidespor, lokomotivstall og vasstårn, og seinare restaurant.

Stasjonen ligg 574,7 moh., og fallet frå høgaste stasjonen på banen, Dombås, er berre 84,6 m på 56,8 km. Kostnaden ved bygginga var kr. 117.062, utført med 26883 arbeidstimar.

Dei somrane det var grusing på banen vart det ekstra trafikk på Bjorli, for grusen vart henta i eiga grusgrup her. Om vintrane var det stor aktivitet med snørydding, ikkje berre på stasjonen, men òg i sjeringane vest for Bjorli.

Bjorli vart ein viktig stasjon for Eikesdalen. Bøndene der førte slaktefeet over fjellet og kunne sende det vidare med tog.

Kjelde