Bjorlie (Lesja)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Bjorlie
Alt. navn: Bjorli
Først nevnt: 1586
Sted: Bjorli
Fylke: Innlandet
Kommune: Lesja
Gnr.: 2

Bjorlie er en namnegard i Lesja kommune. Namnegarden består av ein matrikkelgard med same namn (i dag delvis ubunde Bjorli).

Bjorlie ligg i sollia på nordsida av Rauma, og grensar mot heimrast i nord, mot Stuguflotten i vest, mot Rånå i sør og mot Einbu i aust.

Gardsnamnet er i bunden form og samasett med dyrenamnet bever og terregformasjonen li; beverlia. Namnet på sideelva til Rauma, Bøvre, er etter ei eldre form av dyrenamnet. Uttalen er Bjorlie fordi li er eit sterkt hokjønnsord i målføret i Nord-Gudbrandsdalen.

Matrikkelskyld

Bjorlie vart skyldsett i 1600 til 2 huder.

Bruksdelinga

Bjorlie var eitt gardsbruk frå den tida vi har skriftlege kjelder. På midten av 1600-talet vart garden delt i to like store bruk.

Eigarforhold

Bjorlie er blant gardane som Gørvel Fadersdatter Sparre eigde fram til ho donerte dei kongen i 1586. Bjorlie var så krongods til kongen pantsatte garden til jernverkseigaren Jørgen Fillipsen ca. 1660. I 1685 pantsatte Fillipsen så Bjorlie til Oslo skole, som så i 1727 selde til jernverkseieren Reinholdt Ziegler. Utover 1730- og 40-tallet kjøpte brukarane gardane til selveie.

Kjelde

Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjonNettbiblioteket side 53-59.

Koordinater: 62.2725° N 8.0890° Ø