Bjårlii 12-14 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. nov. 2016 kl. 10:23 av Cnyborg (samtale | bidrag) (koord)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjårlii 12-14
Rydda: 1989
Utskilt: 1999
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 125
Type: Bustadeigedom
Adresse: Bjårlii

Bjårlii 12-14 vart utskilt frå bnr 106 i 1999, men huset vart oppsett av kommunen alt i 1989. Dei som budde her dei fyrste åra var Hilmar Haugen og familien hans.

  • Hilmar Otto Haugen, f 1955
g hv m Bente Anita Ludvigsen, Drammen. Born:
  • Belinda Henny, f 1977, husmor, g m Heljar Haugsjordet, busett Hokksund.
  • Nina Katrine, f 1980, ekspeditør, busett Songdalen.

Hilmar Haugen er son åt Hallvard O. Haugen i Berdalen og kona, Ingrid Oline, fødd Amundsen. Han har arbeidd i uteseksjonen i Bykle kommune som fagarbeidar og handverkar sidan 1983. Etter at han flutte ut herifrå i 1993 har han for det meste budd i Haugen, Berdalen.

Då Hilmar flutte ut, flutte Liv Flateland Flaa inn. Ho budde her til huset vart selt i 2002, etter dette flutte ho til eit anna kommunalt husvære, og var der eit års tid, inntil ho tok ut til Varentresk i Hattfjelldal våren 2003.

  • Liv Flateland Flaa, f 1966
g m Håkon Sæterstad, Hattfjelldal, f 1968. Born:
  • Kari, f 2001

Liv Flateland Flaa er frå Birkenes og dotter åt Kari og Trygve Flaa. Ho er utdanna som førskulelærar, og arbeidde i barnehagen i Bykle i åra 1988 til 1993 og 1995 til 1996. Frå 1996 til 2003 var ho lærar i Bykle skule.

Dei som kaupte huset her i 2002 var familien Kråkenes/Abbasi:

  • Kasim Abbasi, f 1958
g 1993 m Tonhild Kråkenes, f 1964. Born:
  • Daniel, f 1994
  • Cathrine, f 1996
  • Benedicte, f 1998

Kasim Abbasi er frå Mashad i Iran, og son åt Abbas og Fatimah Abbasi. Han kom til Noreg i 1987. Tonhild Abbasi Kråkenes er frå Kristiansand, og dotter åt Reidun og Tarjei Kråkenes. Far hennes kjem frå Vrådal, Kviteseid.

Familien Abbasi/Kråkenes kom til Bykle i 1994. Inntil dei overtok huset her i 2002 leigde dei ein kommunal bustad i Kyrkjelii (34 B.) Tonhild arbeider som organist i kyrkja og musikklærar i den kommunale musikkskulen. Kasim er også musikklærar, delvis i musikkskulen og delvis i Bykle skule.


0941 Bykle komm.png Bjårlii 12-14 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjårlii 10 • Neste bolk: Bjårlii 16-18

Koordinater: 59.35610647° N 7.34875866° Ø