Bjårlii 15 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:36 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjårlii 15
Rydda: 1991
Utskilt: 1991
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 106
Type: Bustadeigedom
Adresse: Bjårlii

Bjårlii 15 er eit kommunalt bustadhus frå 1991 med ei hovudleilighet og ei hybelleilighet.

Frå huset var nytt og eit par år frametter budde Toralv Hebnes i hovudleiligheta her.

  • Toralv Villy Hebnes, f 1948

Toralv er frå Jelsa, og son åt Toralv og Valborg Hebnes. Han er sjukepleiar og arbeidde som styrar på Bykle bygdeheim og leiar for pleie- og hjelpetenesta i kommunen i åra 1991-93. I det sistnemnde året flutte han til Stavanger, og bur (2003) framleis der.

Etter Hebnes kom ein danske som heiter Jens Thue Jensen og budde her eit par år. Han var kommunelækjar II i åra 1993-95, har me sett. Me har ikkje funne han att, og veit ikkje meir om han.

Dei neste som budde her var ekteparet Forøy/Bjørgum. Dei var her til våren 2001 då dei flutte inn i sitt eige nybygde hus i Kyrkjelii, Myri 10, gnr 14, bnr 67. Dei vert nærare omtala der.

Då sistnemnde flutte ut, flutte Anna Kristine Dale inn.

  • Anna Kristine Dale, f 1971

Anna er frå Birkenes, og dotter åt Gustav og Kristine Dale. Ho er sjukepleiar av yrke, og kom til Bykle hausten 1999. Fyre ho flutte ned hit budde ho i Bjårlii 12-14. Etter at ho vart tilsett i Bykle har ho teke vidareutdaning i psykiatrisk sjukepleie.

I den mindre leiligheta i huset har me funne dei fylgjande namna og innflytjingsdatoane:

  • Heimdal Eli, 1.6.1991
  • Jeppestøl, Terje, 15.10.1992
  • Moe, Eivind Andre, 15.8.1993
  • Landrø, Torill, 1.5.1998
  • Midtgarden, Kjetil, 15.12. 2002

Om Eli Heimdal veit me at ho var førskulelærar i Bykle i to periodar, 1991-93 og 1996-97, og at ho i den siste tidbolken budde i Bjårlii 23. Sidan har ho gift seg, og busett seg i Søgne, men me veit ikkje kva for namn ho nyttar nå.

Terje Jeppestøl var kokk på bygdeheimen i 1992-93. Etternamnet er frå Vennesla, men til Bykle kom han frå Arendal. Me har ikkje funne han att, og veit ingenting om han utover det nemnde.


0941 Bykle komm.png Bjårlii 15 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjårlii 21-23 • Neste bolk: Bjårlii 7

Koordinater: 59.35543251° N 7.34779598° Ø