Bokn sokn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2018 kl. 08:28 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bokn sokn''' i Den norske kyrkja dekker heile Bokn kommune i Rogaland. Det går attende til mellomalderen, men først gong vi har ein sikker omtale av kyrkja er fr...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bokn sokn i Den norske kyrkja dekker heile Bokn kommune i Rogaland. Det går attende til mellomalderen, men først gong vi har ein sikker omtale av kyrkja er frå 1620. Fram til 1848 var det ein del av Skudenes prestegjeld, og soknet vart derfor òg ein del av Skudenes kommune i 1838. Det vart så overført til nye Tysvær prestegjeld saman med hovudsoknet Tysvær som vart skilt ut frå Skjold prestegjeld. I 1849 vart soknet eigen kommune. Soknet ligg i Nordre Ryfylke prosti under Stavanger bispedøme.

Einaste kyrkje i soknet, og under Bokn kyrkjelege fellesråd, er Bokn kyrkje frå 1847. Den står på same staden som Bokn gamle kyrkje frå kring 1686 og Bokn mellomalderkyrkje.

Litteratur og kjelder