Bombinga av Vemork 16. november 1943

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Åtaket var retta mot Norsk Hydro sitt anlegg, men fleire andre bygningar på Rjukan vart treft av bomber.
Foto: Emil Hanssen (1930).
Minnesmerke på Vemork over dei omkomne.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)

Bombinga av Vemork 16. november 1943 var eit alliert åtak mot Norsk Hydro sitt anlegg på Vemork ved Rjukan. Dei 173 amerikanske bombeflya som deltok slapp 1099 bomber over Rjukan, men klarte ikkje å stogge produksjonen av tungtvatn, som hadde kome i gang att etter tungtvassaksjonen tidlegare på året. Fleire sivile vart drepne i åtaket, både ved fabrikken og ellers i området.

Åtaket kom på morgonen 16. november 1943, og innbyggjarane på Rjukan var ikkje førebudd på det. Sjølv dei som var i kontakt med London hadde ingen aning om kva som skulle hende. Dei som var involvert i arbeidet mot produksjonen av tungvatn, som var nytta i tysk atomforsking, meinte at bombing i den tronge dalen ikkje ville ha nokon verknad, og at ein ny sabotasjeaksjon var det rette. Flyalarmen gjekk i 11-tida. Ikkje alle løp i tilfluktsrom eller kjellarar med ein gong, for dei var vane med falsk alarm.

Dei tunge bombeflya, av typane B-17 og B-24, skulle sleppe bombene så nær 11.45 som mogleg. Dette var fordi det då var lunsjpause, og såleis så få arbeidarar som mogleg inne i anlegget. Det skulle ha vore nokre færre fly over Rjukan, for ein hadde samstundes eit tokt mot Kjeller flyplass, men på grunn av tåke der vart tolv fly omdirigert til Rjukan. Totalt var 175 fly på veg inn mot Rjukan. Dei var litt tidleg ute, og under ei ekstra runde over Nordsjøen for å tilpasse tida mista dei to fly; eitt var skote ned og eit vart skada og måtte vende snuta mot England. 161 av flya skulle sleppe bombene over Vemork, medan dei tolv ekstra flya blei sendt mot fabrikkane.

Inne på Norsk Hydro sitt område braut det ut brann i tårnhusa og emballasjefabrikken, der ein no finn Næringsparken. Fleire bomber traff også eit nybygd tilfluktsrom på Våer, der seksten personar vart drepne, dei fleste av dei kvinner og born. Såheim kraftverk var også eit mål, men bombarane sikta feil og traff kvelstofffabrikkane ein halv kilometer lenger opp i dalen. Nokre bomber blei slepte så langt unna som Bosnuten ved Møsvatn, atten kilometer unna Vemork. Vemork kraftverk fekk fire treff, medan vannstoffabrikken fekk to treff. Dei fire øverste etasjane blei øydelagt, og 14 000 glasruter blei knust. Berre ei tungtvasscelle blei treft, og seksti kilo tungtvatn øydelagt.

Fem bustader og tre brakker på Vemork blei øydelagt, og tre bustader blei skada. På Våer blei eit hus øydelagt og barneskulen blei skada. Rjukan stasjon blei også skada. Om lag hundre personar miste nær sagt alt dei eigde. I tillegg til dei som omkom på Vemork, døydde ein person på Rjukan. Totalt var det om lag tjue som miste livet.

Sjølv om skadane var store og fleire sivile hadde mist livet, og aksjonen var ein fiasko militært sett, blei harmen frå lokalbefolkninga retta mot tyskarane, ikkje mot dei allierte.

Dei omkomne

Lista over dei omkomne er samla frå opplysningar i Våre falne, og er truleg ikkje komplett.

Namn Født Fødestad Yrke Merknader Bilete
Abrahamsen, Jennie Karoline 1898-05-07 Risør Husmor Gift med Tor Nikolai Abrahamsen. Gravlagt i Risør. Jennie Karoline Abrahamsen.JPG
Abrahamsen, Tor Nikolai 1899-01-01 Søndeled Verksmester Var med på planlegging av tungtvassaksjonen. Gift med Jennie Karoline Abrahamsen. Gravlagt i Risør.
Arnesen, Arnold 1931-07-10 Tinn Skoleelev Son av Magnhild Magdalene Arnesen. Arnold Arnesen.jpg
Arnesen, Magnhild Magdalene 1907-09-18 Voss Husmor Mor til Arnold Arnesen.
Bergstuen, Torkjel 1915-02-15 Tuddal Linjearbeidar Såra i angrepet, døydde på sjukehus same dagen.
Brokka, Astrid Amalie 1917-12-25 Tinn Husmor Gift med Thorleif Brokka. Gravlagt på Rjukan.
Brokka, Thorleif 1915-02-16 Solum Politikonstabel Gift med Astrid Amalie Brokka. Gravlagt ved Melum kyrkje i Skien.
Bøilestad, Arnfinn Normann 1919-12-29 Tinn Lagerekspeditør Tidlegare Grinifange.
Ekeland, Aage Johan 1914-10-31 Tinn Laborant
Engebretsen, Ingeborg Kristine 1889-02-18 Drangedal Husmor
Firing, Othilie 1879-12-28 Nøtterøy Husholderske Gravlagt på Rjukan.
Kling, Anna Louise 1872-09-07 Tinn Husmor Gravlagt på Rjukan.
Knutsen, Arne 1931-10-21 Tinn Skoleelev Sønn av Solveig Kathinka Knutsen.
Knutsen, Solveig Kathinka 1899-07-16 Hønefoss Sentralborddame Mor til Arne Knutsen.
Moe, Ingrid 1895-02-17 Sandsvær Husmor
Olsen, Emilie Marie 1898-05-29 Solum Husmor Gravlagt på Rjukan.
Roterud, Hilda Sofie 1874-09-13 Hønefoss Husmor Gift med Johan Roterud. Gravlagt på Rjukan.
Roterud, Johan 1875-09-19 Norderhov Bestyrer Gift med Hilda Sofie Roterud. Gravlagt på Rjukan.
Sandsbråten, Gullik 1895-01-13 Sigdal Formann Gravlagt i Modum.
Aas, Julie 1921-08-09 Tinn Kontordame

Kjelder