Bråtebruket på Toten

Prøvedyrking av bråterug på Toten, bråten blir brent.
Foto: Mjøsmuseet (2013).

Bråtebruket var ein gammal dyrkingsmåte på Toten, minst like gammal som åkerbruket. Bøndene på Toten byrja altså med bråtebruk lenge før finneinnvandringa midt på 1600-talet. Det har tidlegare vore hevda at nordmennene tok etter finnane, som tok store avlingar, særleg av rug, etter å ha brent ned skogen og sådd i oska.

På Toten-bygdene var det mykje skog som kunne brennast til bråte, og mykje av skogen stod på næringsrik mark. Tilhøva låg med andre ord godt til rettes for bråtebruk. Nokre stader på bygda vart det brent bråte heilt til midten av 1800-talet.

Innleiing

Sommaren 1655 brente Tollef Smeby ein bråte i skogen ned mot Lenaelva. Alf Nettum og Anders Skullerud «Nedergroff den Roug i Brotten och gierdet der om», som det står i ei rettssak som følgde. Grannen hans Tollef, Simen på Vest-Kvem, meinte Tollef hadde brent i sameigeskog. 30. juli 1656 skar han storparten av rugen i bråten hans Tollef og tok med seg avlinga heim åt Kvem. Han hadde «det meste och beste Opschaaren Affsnappet och bort ført». Simen hadde ikkje berre teki rugen hans Tollef, han hadde fått med seg fem andre kvemskarar åt Smeby og teki ein del staur som Tollef hadde hoggi. Slik framferd laut det bli rettssak av. Simen fekk «Suare till huis hand Tholluff Smeby haffuer fratagit. Baade Rougsæd i en Braate och Støffuer hand hiemme ved hans gaard Sig bemandet, voldeligen haffuer bemegtiget». I rettssaka kunne gamle folk fortelja om «dj Stoere och gamble Sueer som kaldis Aaserud».

Dette er ikkje fyrste gongen vi møter på rugbråtar i rettssaker på Toten. I ei grensegangssak mellom Smeby og Kraby frå 1648 ser vi at dei dyrka rug i bråte ved overgangen mellom 15- og 1600-talet. Else Slagsvoll, som var omtrent 80 år gammal, vitna at «Peder Kraby en gang Haffde en Rueg Suee paa den østre side […] Glugebechenn». I same saka vart det sagt at «Erland Kraby [gaff] en Mand Knud Forloff at røede Enn Suee Vester Gluggebechen […] och der Knud haffde skoret Ruggen aff førde Erland Vedden hiem til Krabye». Vi møter ein Peder som brukar på Kraby i 1580-åra og i 1612. Erland, som kjørte bråteveden heim til Kraby, er kjend som brukar av garden frå 1616 til 1628. Det vil seia at dei hendingane vitna fortel om, må skrive seg frå sist på 15- eller heilt fyrst på 1600-talet.

Sve og/eller bråte?

I 16- og 1700-talskjelder frå Toten er nemningane bråte og sve brukte om einannan. Rettssaka frå 1648, som vi har skrivi om ovanfor, handlar om «en Rueg Suee», medan vi i rettssaka frå 1658 høyrer at dei «nedergroff den Roug i Brotten». I matrikkelen frå 1669 er uttrykka Braatteland og Suæland brukte side om side. I 1767 vart det haldi grensegangssak mellom Prestmarka og Jutulrud på Eina. Presten, Peder Heuch, skreiv om saka i kallsboka for Toten. Også han bruker uttrykka bråte og sve om einannan når han skriv om «en gammel Braate eller Sve kaldet Monse Sveen» og «paa dette Sted var Braate paa begge Sider af Deelestrækningen […] Jonas Sønstebye udviiste paa den Østre Siide af disse Sveer […]».

Slik uttrykka bråte og sve og bråtebruk og svedjebruk er brukte, går det ikkje an å skilje mellom dei. Dei betyr det same, brenning av skog der dyrking av jordbruksvekstar er hovudformålet. I 1722 skreiv tidlegare amtmann i Lister og Mandals amt, Povel Juel: «Braader, eller Svee, det er en Ager som giøres i Skover». Trea, «som i gemeen ere Gran eller Fure-Træer» blir hogne om våren og ligg til neste vår, da blir dei brende.[1] «Bråtån brente dom tel rugsveer», fortel Even Lundby frå Furnes.[2] Her bruker han uttrykka bråte og sve slik dei er definerte under oppslagsordet sve i Nynorskordboka: «Stykke i skogen som er rydda og kultivert med brotebrenning». Ivar Aasen har to definisjonar av ein bråte: «1) en Hob af nedbrudte el. nedhuggede Træer» og «2) et Stykke Mark, som ryddes ved Afbrændning og derefter tilsaaes». Definisjon 2 av bråte hos Aasen samsvarar med definisjonen av sve i Nynorskordboka.[3] Det spelar heller ikkje noka rolle for namnebruken om bråten eller svea er brend i barskog eller lauvskog.

Finnar, totningar og bråterugen

 
«Trälar under penningen», brenning av rugbråte i Norra Savolax i Finland på slutten av 1800-tallet, måla av Eero Järnefelt (1893).

I 1662 gjekk oppsitjarane på Garlaus i Kolbu til sak mot finnen Henrik Jørgensen som hadde slegi seg ned i marka mellom Garlaus og Kvikstad og teki seg til rettes. Fire år seinare var det ny sak mot finnen. Totningane hadde ennå problem med den nye grannen. Dommaren sa da at Henrik skulle få behalde rydningsplassen sin, dersom han ikkje meir «udsetter nogen Varme som beschadiger Omligende MedEigerers schou eller Brottehugst». Her ser vi at finnen hadde vori for nærgåande mot den skogen som var nødvendig i omløpet for bråtebruket åt totningane.

Det har vori gammal lære at den norske bonden lærte bråtebruket av finnane som slo seg ned i skogane våre midt på 1600-talet. Pontoppidan er kanskje den som har gjort mest for at dette synet skulle bli gjeldande. I 1752 skreiv han at «Rugfinnerne […] lærte Bonden Omgangsmaaden med Braatehugst».[4] Dette har vorti teki oppatt av både historikarar og landbruksfolk heilt til vår tid. Men kan det vera riktig at den norske bonden ikkje dyrka rug i bråte før finnar slo seg ned i landet vårt? Vi skal sjå litt nærare på finnane som kom åt Toten.

I 1686 vart det teki opp finnemanntal her i landet. I følgje manntalet var det seks finnefamiliar på Toten det året. Alle levde i ro på rydningsplassane sine. Dei betalte skatt og søkte kyrkje. Ein finne i 40-årsalderen oppgav at han var «fød her udj Sognet», ein 50-åring var fødd i Hurdalen, medan dei som var eldre var fødde «udj Finland» eller «udj Swerrig».[5] Ut frå det må vi kunna rekne med at dei fyrste finnane slo seg ned på Toten rundt 1640.

I matrikkelen frå 1669 er 68 av i alt 349 totengardar oppførte med «Braatteland» eller «Suæland». Dei fleste bruka med bråteland låg i utkanten av bygda, med utmarksområde innåt gardane, men også sentrale gardar som Lunna og Majer hadde bråteland. Av skifteprotokollar og rettssaker ser vi at gardar som ikkje var registrerte med bråteland i matrikkelen, kunne dyrke rug i bråte eitt og anna året. Dersom det var så at totningane hadde lært bråtebruk av finnane, måtte opplæringa ha gått uvanleg lett og fort. Snautt 30 år etter at den fyrste finnen kom åt Toten, dreiv kvar femte gard så regelmessig med bråtebruk at det vart oppført i matrikkelen og vart ein del av skattegrunnlaget for garden. I Biri og Snertingdalen hadde dei fleste gardsbruka rugbråte i 1669, men i finnemanntalet frå 1686 står at «Vdi Biri Prestegield […] Befindis ingen Finder».[6] Som vi har vist tidlegare, kan vi lesa ut av rettssaker at totningane dyrka rug i bråte heilt fyrst på 1600-talet, nokre tiår før dei fyrste finnane kom til bygda.

Også av lovverket går det fram at rugbråtar ikkje var noko nytt. I Magnus Lagabøters landslov frå 1274 er det gitt reglar for dyrking av korn i allmenning, med andre ord ikkje på åker.[7] I ei forordning frå 1490 blir kvar «skattebonde og landbo» pålagd å ha 1 mål rugbråte kvart år[8], og Christian den femtes Norske Lov frå 1687 pålegg alle leiglendingar å dyrke ny åker «enten der haver været tilforn gamle Rugbraader, eller og det er andre ny optagne Stæder».

Den måten rugbråtar blir omtala på i kjeldene frå 1600-talet, viser at dette var noko folk kjende godt til og var vande med. Det var ikkje ein ny skikk som innvandrarar nyleg hadde hatt med seg.

Vi kan med andre ord avvise påstanden åt Pontoppidan om at det var rugfinnane som lærte den norske bonden bråtebruket. Men vart totningane påverka av den måten finnane dreiv bråtebruk på? I det gamle finske bråtebruket skilde dei mellom bråtar som vart brende i gammal barskog (huuhta) og bråtar som vart brende i lauvskog eller blandingsskog (kaski). Det er sannsynleg at det gamle norske bråtebruket stort sett var brenning av bråte i lauv- og blandingsskog.[9] Vi veit ikkje kva slag bråtebruk finnane som slo seg ned på Toten dreiv med. Dersom dei hadde drivi huuhta-bruk i noka utstrekning, kan vi rekne med at det hadde komi til konfrontasjonar med dei andre innbyggarane. Utover på 16- og 1700-talet tok tømmer til å bli salsvare, og nedbrenning av tømmerskog i allmenningen er det lite truleg at fut og skrivar hadde tålt. Dessutan var ikkje Totenallmenningen større enn at dei finneplassane vi kjenner til i allmenningen på 1600-talet, låg i eller innåt beiteområda for sætrene på åsen. Derfor er det større grunn til å tru at finnane som kom, tilpassa seg den måten å drive bråtebruk på som totningane hadde praktisert frå urgammal tid, enn at totningane tok etter nye former for bråtebruk som innvandrarane hadde med seg. Nye og uvande driftsformer i sameige- og allmenningsskog ville truleg ha ført til påtale og rettssaker. Slike saker i tida rett etter at finnane kom åt bygda, kjenner vi ikkje til.

Kva hadde bråtebruket å seia, kva dyrka dei i bråten?

Sjølv om den dyrka jorda på Toten ikkje utgjorde meir enn omtrent 1% av det samla arealet midt på 1600-talet, kan vi utan vidare slå fast at det var korndyrking på åker som var viktigast. Det ser vi svært tydeleg i matrikkelen frå 1669. Bråtebruket er nemnt i matrikkelen, men det hadde lite å seia når skatteevna åt den enkelte garden vart fastsett. Den gjennomsnittlege totengarden på 16- og 1700-talet hadde 15-20 dekar åkerareal. Vi høyrer mykje om åkerbruk, men lite om bråtebruk i kjeldene frå 16- og 1700-talet. Likevel kunne bråterugen utgjera ein stor del av det kornet som vart hausta inn på dei gardane som dreiv med bråtebruk

I eit arveskifte på Lunna 4. november 1673 er kornavlinga ført opp. Etter at tienda var trekt frå, bestod avlinga av 62 ½ tynne bygg, 4 ½ tynne åkerrug, 18 tynner bråterug, 2 ¼ tynne erter og 9 tynner blandkorn. Rugen som var dyrka i bråte dette året, utgjorde innpå 20% av heile kornavlinga og 80% av rugavlinga. Den store andelen bråterug var kanskje eit særsyn. Sjølv ikkje i skogsbygdene i Sverige utgjorde bråterugen vanlegvis meir enn 5-10% av totalavlinga.[10]

At dyrking av bråterug ikkje var eit eingongsfenomen på Lunna, ser vi av eit skifte frå 20. desember 1713. Da var avlinga «anslagen» til 30 tynner godtkorn (bygg), 7 ¼ tynne rug, 6 tynner havre og 1 1/8 tynne erter. Og så kjem det: «Noch j braade anslagen mellem arfvingerne til 7 tdr Rug». Av dette ser vi at avlinga i bråten ennå ikkje var kjørt heim. Ho hong på hesjer eller stod i stakk ute i skogen. Sorenskrivaren og takstmennene drog ikkje til skogs for å taksere bråterugen, men stolte på vurderinga åt arvingane. Dette året utgjorde bråterugen nesten halvparten av rugavlinga og 14% av samla kornavling på Lunna.

På mange små plassar som låg opp mot, eller utpå, åsen, utgjorde bråtebruket ein større del av avlinga enn på Lunna. I lista over innkrevd tiend til kongen frå 1678 finn vi Laurits Garsjø og Peder Ruglien som båe betalte 1/8 tynne rug i kongetiend. Bjørn Nyseter betalte ½ tynne bygg og ¾ tynne rug, Matias Høvern ½ tynne bygg og 1 ½ tynne rug, Lars Svartungen 3/20 tynne rug og frå Frodalen skulle det betalast ¼ tynne rug. Dette fortel oss at det budde folk på åsen, ned mot Hurdalen, sist på 1600-talet, at desse folka dyrka rug, mest truleg i bråte, og at rugdyrkinga var heilt avgjerande for at dei kunne livnære seg der dei budde. Men tiendlista kan ikkje seia oss om det var finnar eller nordmenn som levde av bråtebruk i Høverroa, ved Svartungen og ved Garsjøen. Fornamna er norske, men det kan vera at futen fornorska dei finske namna da han skreiv lista.

Det var ikkje berre rug som vart dyrka i bråten, og det vart ofte sådd i bråten både to og tre år før skogen fekk vekse opp att. Christian Sommerfelt, amtmann i Kristians amt, fortel både kor lenge bråten vart brukt og kva dei dyrka: «Ved Rydning forstaaes her ofte Braatehugst, da et Stykke Skov nedfældes og brændes paa Jorden, hvor derefter i et eller to Aar avles Næper, Rug, Thorebyg, Havre, hvorefter man lader Jorden, om den kan, tilgroe med Græs og Skov».[11]Helgøya kalte dei det å attihakke når det vart sådd i bråten andre og tredje året.[12] Det vart dyrka både bygg og havre i bråten, men dyrking av neper passa særskilt godt, meinte Sommerfelt.[13] «Naar det skal brændes Braate, kan de ikke fordeelagtigere bruges end paa denne Maade [til neper], da Rugen voxer ligesaa got efter Næperne, som om den var saaet lige efter Brændingen». Likevel må rugdyrkinga ha vori det aller viktigaste. Det er berre rug vi høyrer om når bråtebruket blir nemnt i samtidige rettssaker og arveskifte.

Kor stor var avlinga i bråten?

Frå Toten kjenner vi ikkje til oppgåver som kan seia noko om kor store avlingar dei tok av bråterugen. Frå andre stader veit vi at avlingane kunne bli store når bråterugen slo til. I Finland opererer dei med avlingar på 6 til 40 foll , i unntakstilfelle over 100 foll, «men då måste sveden vara fälld i grov granskog på bördig mark», seier Eljas Orrman (1995, s. 100-101). At det ikkje var vanleg med slike eventyrleg store avlingar av bråterugen i Finland, ser vi av den kommentaren den finske etnologen Ilmari Manninen hadde til opplysningar om at det var teki 50 til 80 foll i rugbråtar i Vologdaregionen i Russland. Han sa at det «freilich unglaublich klingt», det vil seia at det rett og slett høyrest utruleg ut. (Manninen, 1932, s. 275).

I Trysil skal finnane ha hausta 16-20 foll i rugbråtane (Kraft, 1820, s. 600). Sjølv det var eit eventyrleg utbytte i eit jordbruk der ein var vand med å ta avlingar på 3-8 foll. Når bråterugen gav betre avling enn åkerrugen, kom det ikkje minst av at bråtelandet var fritt for ugras. Elden tok kverken både på ugrasfrø og rotugras. I åkerbruket var ugraset ei sann plage.

Finnane skal ha hatt eit rugslag som var svært til å bole seg. Av kvart frø kunne det koma ein heil krans med strå. Ved prøvedyrking av gammal bråterug i Solør, vart det observert at éi plante kunne gi over ti tusen frø. (Tvengsberg, 1995, s. 113). Det som er sitert ovanfor om rugavling i Finland, viser at det i praktisk bråtebruk har vori umogleg å oppnå avlingar på fleire tusen foll. I unntakstilfelle kunne ein få rundt 100 foll.

Korndyrking i allmenningen

I Magnus Lagabøters landslov frå 1274 står det at om nokon sår i allmenningen utan å betale leige til kongens ombodsmann, er det kongen som eig kornet (Taranger, 1915, s. 157). Det fekk ein del totningar smerteleg erfare i 1672. Hos Erik Festad hadde husa brunni ned. For å rette opp økonomien ville han dyrke bråterug oppi Veståsen. Han fekk med seg mange på det, brente bråte i skogen, ikkje langt frå Furuset, og sådde. Det er omtrent to mil frå Festad til området der bråterugen vart sådd. Erik hadde ikkje søkt om løyve, og futen, som var kongens ombodsmann, reiste sak. Pål Gihle har skrivi om denne saka, på grunnlag av det som er ført inn i tingboka :

Enten de var helt uvitende om lovene, eller det var for å spare noen dalere, skaffet de seg ikke tillatelse fra fogden. Fogden var helt sikkert kjent med foretaket, men ventet til rugen var skåret og hengt opp, da ble alle deltakerne stevnet til å møte på åstedet. Avlingen var taksert til å være 100 tønner, altså ca 10 tonn, som de mistet, og de måtte betale 6 riksdaler i omkostninger. Retten fant at Erik Festad hadde handlet i misforstand, men føyde til at det var å ønske at fogden behandlet de innstevnte pent. Men rugen tilhørte med all rett kongen.

De som var med på eventyret, var Siver Grevlaus, som hadde 5 hesjer sammen med Erik Festad, Søren Jonsen Festad, soldat, 4 hesjer, Peder Prestsæter, 4 hesjer sammen med Erik Festad, Halvor Ånnerud, 2 hesjer sammen med Erik, Hans Rud, ei lita hesje som hans kvinne hadde skylda for før de ble gifte, Peder Malterud, 2 hesjer, Erik og Jens Festad 1 hesje og Peder Hammerstad 1. I alt vart det 8 karer, 1 kvinnfolk og 20 hesjer. Erik Festad var delaktig i 12 hesjer.

Dette må ha vori ein uhorveleg stor bråte. Avlinga var omtrent 100 tynner. Her er det tale om «totentynner», som tok 10 skjepper, eller 174 liter. Med ei hektolitervekt på omtrent 70 kg blir det rundt 120 kg rug per tynne. 100 tynner gir da 12 tonn. Med ei slik avling må bråten ha vori svært stor, ein stad mellom 100 og 150 dekar.

Lovregelen frå 1274 som desse totningane vart dømde etter, vart ført vidare i Christian den femtes Norske Lov frå 1687.

Kamp om ressursane

Bråtebruk er ei arealkrevjande bruksform som legg beslag på store utmarksområde. I samfunn der det blir drivi bråtebruk i dag, utgjer det aktive arealet ofte berre 1/15 av arealet som ligg brakk. (Bergersen og Hofset, 1987, s. 60; Boserup, 1977, s. 35).

Etter kvart som skogen fekk større verdi som salsvare og folketalet voks, kom styresmaktene til å sjå på bråtebruket som skadeleg. Alt i 1630 uttala ein kongeleg kommisjon at bråtebrenninga laut drivast yttarst varsamt av omsyn til skogen. (Lunden, 2002, s. 189). I 1753 svara sorenskrivaren og futen på Toten på spørsmål skogkommisjonen hadde komi med om skogbruket. Dei to sentrale embetsmennene meinte at bråtehogst og brenning burde bli forbode. (Gihle, 1986, s. 16-18). Innpå 40 år seinare var amtmann Christian Sommerfelt derimot ikkje einsidig negativ til bråtebruket. Han såg nok at driftsmåten hadde negative sider, men «i Almindelighed frembringes dog derved aarlig nogle Hundrede Tønder Korn, som ellers ikke bleve vundne», skreiv amtmannen. (Sommerfelt, 1928, s. 51).

Styresmaktene freista legge hindringar i vegen for bråtebruket. I 1781 kom det ei forordning om at det skulle vera forbode å brenne bråte i juni og juli månader. Dette råka bråtebruket hardt. Rett såtid for bråterugen var månadsskiftet juni/juli. Det var for tidleg å brenne til bråterug i mai og for seint i august. I 1783 vart 57 totningar melde for å ha brent bråte til rugsåing ulovleg i juni og juli månader. Dét skulle straffast med ei bot på 20 riksdalar for kvar av dei. Dei 57 fekk sett ned bota til 3 dalar. Dei bøtelagde bøndene var spreidde over heile bygda og representerte alle gardsstorleikar, frå storgarden Rognstad nedunder Balkekjørkja, til husmannsplassen Kyseteige i Åsmarka. Dette viser kor vanleg og allminneleg godkjent bråtebruket var så seint som sist på 1700-talet, seier Kristian Tollersrud. (Skappel 1904, s. 54; Tollersrud, 1968, s. 164).

Etter kvart som kampen om utmarksressursane vart hardare, førte bråtebruket til konfliktar mellom ulike brukarar av utmarka. I 1796 klaga sætereigarane i Veståsen i eit brev til amtmannen over at nybyggarar tok seg til rettes i sætermarka. Dei øydela skogen med bråtebrenning, skreiv sætereigarane. (Gjørvad, 1954, s. 123):

Skoven i almindingen ødelegge disse nybyggere hvert aar med braatehugst og brænding, til dels inden den tilbageværende skov, saa at disse braater ei skal findes uden af en hændelse eller efter megen søgning. Disse braater, naar de findes, blive vel efter øvrighedens foranstaltning dem fradømt, men de hugger og brænder paa ny, og skoven ødelegges. I dette aar alene er de anmeldt for ungefær 20 saadanne braater, som de dog nægter at have hugget og brændt, og saaledes hvert aar.

Bråtebrenninga og landskapet

Bråtebruket sette sitt preg på landskapet. «Svedjerøjningar sågs ömsom vägen», dei var «kringstängda med gärdsgårdar gjorda av halvbrända trädstammar», fortalde Carl von Linné etter ei reise gjennom Småland midt på 1700-talet (Gadd, 2000, s. 30). Gerhard Schøning drog gjennom Ringsaker i 1775. Der såg han «overalt forekommende Spor og Mærker, efter den her brugelige Huusholdnings-Maade med de saakaldte Sveer eller Brotter. Man saae deri Havre og Byg tillige med Vinter Ruug». (Schøning, 1980, s. 21-22 og 69). «Smerteligt var det mig paa mange Steder paa Hedemarken at se skjønne Lunde og smaa Skoge antændes for at brændes til Braate», heiter det i ei reiseskildring frå 1806 (Skappel, 1904, s. 55).

Også på Toten var landskapet prega av bråtebruket. Vi høyrer om det i ei takst på Kise i Vestbygda 13. oktober 1801. Etter at retten hadde sett på skigardane på garden, gjekk dei vidare til skogen «som befandtes 1/8 deel Soug og Huustømmerskoug, ¼ part ung vexterlig Skoug og de øvrige 5/8 Sveer og kratskov». Over halvparten av Kiseskogen var altså brukt til bråtebruk, medan berre ein åttandedel var hogstmodent tømmer og ein fjordedel ungskog i god vekst.

Når oppstod bråtebruket, og når kom det åt Toten?

Bråtebruket, eller svedjebruket, går attende til neolittisk tid (4000-2000 f. Kr.). Det spreidde seg til dei fleste strøka av kloden der det fanst skog som kunne brennast og gi næring til dyrking av åkervekstar. Etter kvart som folketalet voks, vart bråtebruket avløyst av dyrkingsformer som la beslag på mindre areal. Det vil seia åkerbruk.[14]

Vi kjenner ikkje til sikre spor etter bråtebruk på Toten i førhistorisk tid, heller ikkje frå mellomalderen, men pollengranskingar viser at denne driftsforma var i bruk i Gausdal for omtrent 4000 år sidan.[15] Funn av kornpollen saman med kolstøv i ei myr nedunder Kråkhugu i Snertingdalen, ca 750 meter over havet, tyder på at det vart drivi bråtebruk i området for ca 3000 år sidan.[16] Fram gjennom hundreåra har det vori stilt om bråtebruket i Noreg. At bråtebruk godt som ikkje er nemnt i dokument, treng ikkje bety at det ikkje fanst. Pollengranskingar frå Dalarna i Sverige viser at det vart drivi bråtebruk der i tidleg mellomalder, men det er ikkje nemnt i mellomalderdokument frå området.[17]

Bråtebruket var ein relativt enkel og lite arbeidskrevjande metode for å auke tilgangen på matkorn. Det var elden som gjorde grovarbeidet i bråten. Når bonden sådde i bråte, var han ikkje avhengig av trekkdyr til plog eller ard, han trong ikkje rydde unna røter og steinar, ikkje var det nødvendig å gjødsle og heller ikkje å bekjempe ugraset. Det einaste han laut gjera, var å hogge ned trea, brenne dei, så rug eller nepe eller torebygg, krafse såfrøet ned i oska og gjerde inn bråten. Gjerdet var ein enkel risgard, ikkje ein forseggjort skigard.

Åkerdyrkinga var meir omstendeleg og kravde både fleire arbeidstimar og meir trekkraft for kvart kilo korn som vart produsert. Når bonden dyrka korn på åker, laut han fyrst bryte opp åkeren. Kvart år laut han arde eller pløye og harve, og plukke stein før han kunne så. Etter såinga laut han molde ned såkornet med ard eller harv. Åkeren laut få tilført gjødsel skulle det bli noka avling, men gjødsel var ein minimumsfaktor. På Toten kunne det gå 10-12 år mellom kvar gong åkeren vart gjødsla.[18] Ugraset var ei sann plage i åkerbruket. For å ha ein nødvendig kontroll med ugraset laut åkeren ardast eller harvast fleire gonger før såinga, og når det vart for mykje ugras i åkeren, laut han leggast brakk i eitt eller to år.

I forhold til åkerbruket var bråtebruket ein lite arbeidskrevjande måte å dyrke korn på. Dessutan gjekk det med mindre såkorn, ettersom det vart teki fleire foll i bråte enn i åker. Vi kan òg ta med at bråtebruket kunne utgjera ei arbeidsmessig tilpassing på garden. Brenninga og såinga i bråten kom i håvallen, den rolege perioden mellom våronna og slåttonna, og haustrugen i bråten vart skoren før skurdonna heime på garden tok til.

I det førindustrielle jordbruket endra driftsformene seg med folketalet. Når folketalet auka, laut jordbruket skaffe mat åt fleire folk. Da måtte ein legge om til driftsformer som gav større avling per arealeining, sjølv om det kravde meir arbeid og avkastinga per innsett arbeidseining vart mindre. Gjekk folketalet ned, var det færre folk som skulle ha mat. Dermed kunne ein gå over att til driftsformer som la beslag på meir areal, men som kravde mindre arbeid. Ettersom det skulle til mindre arbeid, men meir areal for å produsere ein kilo korn i bråte enn på åker, er det nærliggande å gå ut frå at den sterke nedgangen i folketalet frå midt på 1300-talet til fyrst på 1500-talet førte til at bråtebruket vart meir vanleg i bygder der det var ein del skog.

Vi kan ikkje seia sikkert når bråtebruket kom åt Toten. Det vi veit, er at denne dyrkingsmåten var vanleg lenge før finneinnvandringa midt på 1600-talet. Ut frå den kunnskapen vi har om bråtebruk andre stader i verda, kan vi gå ut frå at bråtebruket på Toten var minst like gammalt som åkerbruket. Her var det mykje skog som kunne brennast til bråte, og mykje av skogen stod på næringsrik mark. Det seier seg sjølv at så lenge forholda låg til rettes for bråtebruk, ville denne måten å dyrke korn på bli brukt.

Bråtebruk og nydyrking

 
Vålsjøen på Totenåsen. Sjøen har namn etter vålfallet, det som bråten vart kalla etter at avlinga var hausta inn.

Det har vori hevda at det norske bråtebruket fyrst og fremst hadde som formål å rydde ny åker. Det kan ikkje vera rett.

Vi kan fyrst ta for oss dei to mellomalderkjeldene vi har vist til ovanfor. I forordninga frå 1490 blir kvar skattebonde pålagt å ha eitt mål rugbråte kvart år. Det hadde vori meir enn merkeleg om dette hadde vori eit påbod om å bryte eitt mål ny åker kvart år. Dét hadde knapt vori gjennomførbart, og i 1490, medan det var store åkerareal som låg for fefot etter folkenedgangen på 13- og 1400-talet , ville eit påbod om storstilt nydyrking vori heilt på jordet, bokstavleg tala. Det må vera regulært bråtebruk det er tale om i denne forordninga. I landslova frå 1274 står det at korn som er dyrka i allmenningen tilfell kongen dersom bonden ikkje har betalt avgift for dyrkinga. Bryting av ny åker i allmenningen ville ført til permanent skyldsetjing og skattlegging av åkeren. Her må det vera dyrking av korn i bråte det er tenkt på.

Nyare kjelder skil svært tydeleg mellom bråtebruk og nydyrking. I avhandlinga si om Jordbrugets Forbedring i Norge ved Rødning frå 1776 understreker Christian Sommerfelt at bråtebruk og rydningsbrenning er to forskjellige ting. «Vi handler her aldeles intet om den Rødning, som bestaar deri, at man nedhugger Skoven, brænder Svee, høster et Aars Afgrøde, og lader det saa tilgroe igjen. Dette er ikke at oprødde Jorden», skriv han.[19] Dessutan meiner han at brenning er ein dårleg måte å rydde bort skogen på, dersom formålet er å bryte ny åker. «Det er skadeligt at brænde Svee paa den Jord, som man vil oprydde til Ager og Eng; thi Jorden har skade deraf i Fremtiden».[20]

Ei anna sak er det at etter kvart som folketalet auka, vart mange gamle bråtar tekne i bruk som husmannsplassar og gardsbruk. Det vitnar alle dei stadene som heiter Bråten, Sveen/Sveom om, og alle stadnamna som er samansetjingar som sluttar på –bråten og –sveen. Sveen er dativform av svea, bestemt form av ei sve. Sveom er bestemt form fleirtal.

Kor lenge heldt bråtebruket seg på Toten?

 
Bruket Sveom i Nordlia, med namn etter svirydding.
Foto: Trond Nygård (2012).

Gjennom arveskifter og rettssaker har vi følgt bråtebruket på Toten i rundt 200 år, frå heilt fyrst på 1600-talet til fyrst på 1800-talet. Når vi ser utanfor Toten, høyrer vi at det vart stadig mindre av denne driftsforma utover 1700-talet. Det er ikkje overraskande når vi kjenner til utviklinga av folketalet i denne perioden. I Europa vart folketalet nesten dobla frå 1750 til 1850. På Toten fekk vi langt bortimot ei tredobling av folketalet frå 1666 til 1801.

På garden Åker i VangHedmarken sådde dei rug i bråte siste gong i 1755.[21] Soknepresten i Odalen (Strøm prestegjeld) fortel i 1743 at bråtebruket syng på siste verset: «J forrige tiider havde jndvaanerne stoer hielp til deris underholdning af det saakaldet braateland hvorudj die til dels saaede havre og dels rug, mens nu det saakaldt braateland er dem mere indskrenket og til dels forbuden».[22] Også fleire stader lengre sør i Europa vart det slutt på bråtebruket på denne tida. På mindre fruktbar jord i Skotland, delar av England og i Irland heldt det seg til utpå 16-1700 talet.[23] Andre stader overlevde driftsforma lenger. I fleire skogsområde i Tyskland, Sveits, Belgia og Frankrike dreiv dei ennå med regulært bråtebruk i dei siste tiåra av 1800-talet.[24]

På Biri og i Snertingdalen vart det avla rug i bråte til uti 1840-50-åra.[25] Det naturlege ville vori at bråtebruket tok slutt tidlegare på Toten enn på Biri og i Snertingdalen. På Toten var det fleire folk og mindre utmarksareal enn i dei skogrike bygdene lengre nord. Men vi veit at det vart dyrka bråterug regelmessig på Toten til langt utpå 1800-talet. I boka om Stor-Bjørnstad i Nordlia skriv Nils Rustad: «På Bjørnstad var det almindelig helt til 1860 at et par mål skog blev brent til bråte. Det blev svær avling på disse bråter de 2-3-første år. Så frødde skogen seg igjen».[26] Dette er siste sporet vi kjenner til av regulær rugbråtedrift på Toten.

Kjelder og litteratur

  • Nøkleby, Olaf: «Bråtebruk på Toten», manuskript som òg er publisert i Årbok for Mjøsmuseet (2016). Nøkleby bygger på:
    • Bath, B.H.S. van, 1963, The agrarian history of Western Europe A.D. 500-1850, Edward Arnold (Publishers) Ltd, London.
    • Benedictow, O.J. 1992, Plague in the Late Medieval Nordic Countries. Epidemiological Studies, Middelalderforlaget, Oslo.
    • Bergersen, O.F. og E.H. Hofseth, 1987, Gausdal bygdehistorie. Bind I. Fra istid til vikingtid. Forhistorie, Gausdal kommune, Østre Gausdal.
    • Borgedal, P. 1966, Norges jordbruk i nyere tid. Bind I. Planteproduksjonen, Bøndernes Forlag, Oslo.
    • Boserup, E. 1977, Jordbruksutveckling och befolkningstillväxt, Liber Läromedel, Lund.
    • Fasting, G. 2004, «Strøm prestegjeld», i K.M. Røgeberg (utgivar), Norge i 1743. Innberetninger som svar på 43 spørsmål fra Danske Kanselli. **2. Akershus stift. Hedmark. Oppland, Solum Forlag/Riksarkivet, Oslo.
    • Gadd, C.J. 2000, Det svenska jordbrukets historia, band 3. Den agrara revolutionen: 1700-1870, Förlaget Natur & Kultur, Stockholm.
    • Gihle, P. 1986, «Det gamle skogbruket», i Østre Toten Skogeierlag 75 år, Totens Bokhandel, Lena, s. 9-21.
    • Gihle, P. 1992, «Toten-almenningene før 1805», i J. M. Alm (red), Toten-almenningenes historie, utgitt av Toten almenning lodd nr 1, nr 2, nr 3, nr 4, nr 5, og Eina almenning.
    • Gjørvad, 1954, «Veståsen», i Totn. Tidsskrift for Toten Historielag, hefte 2, s. 115-132.
    • Goltz, T. v.d. 1900, «Haubergswirtschaft», i J. Conrad, L. Elster, W. Lexix og E. Loening (red.), Handwörterbuch der Staatswirtschaft. Zweite, gänzlich umgearbeitete Auflage. Vierter Band, Verlag von Gustav Fischer, Jena, s. 1123-1126.
    • Holm, I. 2013, «Skogfinsk og norsk svedjetradisjon», i Heimen, band 50, Oslo, s. 162-174.
    • Høeg, H.I. 2003, «Pollenundersøkelse i Kråkhuggu», i Årbok for Gjøvik. Tverrdalene, Gjøvik Historielag, Gjøvik, s. 67-79.
    • Juel, P, 1722, En god Bonde, hans Avl og Biæring. Kongl. Mayest. privilegerede Bogtrykkerie, København.
    • Kraft, J. 1820, Topografisk-statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge. Første Deel, Chr. Grøndahl, Kristiania.
    • Lauvdal, T. 1951, «Jordbruket og bondekulturen», i T. Lauvdal (red.), Biri-Snertingdal bygdebok, utgitt av en komité, Gjøvik, s. 127-197.
    • Lundby, E. 1947, Fra hans liv. Fortalt av ham selv, skrevet ned av Svein Erik Lundby, bind 2, Brumunddal.
    • Lunden, K. 2002, Norges landbrukshistorie II. 1350-1814. Frå svartedauden til 17. mai, Det norske Samlaget, Oslo.
    • Manninen, I. 1932, Die finnisch-ugrischen Völker, Otto Harrassowitz, Leipzig.
    • Mazoyer, M. og L. Roudart, 2006, A history of world agriculture from the neolithic age to the current crisis, Earhscan, London.
    • Myrdal, 1985, Medeltidens åkerbruk. Agrarteknik i Sverige ca 1000 till 1520, Nordiska Museets handlingar 105, Stockholm.
    • Myrdal, J. 1999, Det svenska jordbrukets historia, band 2. Jordbruket under feodalismen: 1000-1700, Förlaget Natur & Kultur, Stockholm.
    • Nynorskordboka, 1989, Det norske Samlaget, Oslo.
    • Olssøn, N. 1935, Hovelsrud gaard. Helgøen paa Hedmark, Statsarkivet i Hamar, manuskriptsamling 104, MAN ID 9800537.
    • Opsahl, E. og H. Winge, 1990, Finnemanntallet 1686, Norsk historisk kjeldeskrift-institutt, Oslo.
    • Orrman, E. 1995, «Svedjebruk på 1500-talets finska kungsgårdar», i B. Larsson (red.), Svedjebruk och röjningsbruk i Norden – terminologi, datering, metoder, Nordiska Museet, Stockholm, s. 95-108.
    • Rustad, N. 1943, Gården Bjørnstad store i Østre Toten og slekten derfra, Brøggers Boktrykkeri, Oslo.
    • Schøning, G. 1980, «Reise gjennem Hedemarken 1775», opptrykk av utgåve frå 1942 i G. Schøning, Reise giennem en deel af Norge i de aar 1773, 1774, 1775 paa Hans Majestets Kongens bekostning, tredje bind, Gudbrandsdalen og Hedemarken, Tapir Forlag, Trondheim.
    • Skappel, S. 1904, Træk af det norske Agerbrugs Historie, Grøndahl & Søn, Kristiania.
    • Sommerfelt, C. 1776a, «Forsøg om de vigtigste Natur-Produkter af Plante-og Dyr-Riget i Norge især i Aggerhuus-Stift», i Det Konglige Danske Landhusholdnings-Selskabs Skrifter. Første Deel. Trykt og forlagt ved Nicolaus Møller, København, s. 1-34.
    • Sommerfelt, C. 1776b, «Underretning om Jordbrugets Forbedring i Norge med Rødning», i Det Konglige Danske Landhusholdnings-Selskabs Skrifter. Første Deel. Trykt og forlagt ved Nicolaus Møller, København, s. 35-96.
    • Sommerfelt, C. 1790, «Agerdyrknings-Katekismus, eller Grundregler for et retskaffent Jordbrug i Norge», i Det Kongelige Danske Landhusholdnings-Selskabs Skrifter. Anden Deel, Gyldendals Forlag, København, s. 1-124.
    • Sommerfelt, C. 1928, «Efterretninger angaaende Christians amt av amtmann Christian Sommerfelt, forfattet 1790, trykt 1795-1796», ved O. Kolsrud, i Bygd og Bonde. Tidsskrift for historie og folkeminner, 10. årgang, utgitt av Oplands Historielag, s. 3-114.
    • Taranger, A. 1915, Magnus lagabøtes landslov oversat av Absalon Taranger, Cammermeyers Boghandel, Kristiania.
    • Todderud, P. von, 1998, Generalmajor Peder von Todderud sin annotiationsbog fra Aggersgaard 1749-1772, Stange Historielag.
    • Tollersrud, K. 1968, «Jordbruket på Toten», i Totens Bygdebok. Bind III, Bygdebokkomitéen, Bøverbru, s. 9-302.
    • Tvengsberg, P.M. 1995, «Det värmlandsfinske svedjebruket», i B. Larsson (red.), Svedjebruk och röjningsbränning i Norden – terminologi, datering, metoder, Nordiska Museet, Stockholm, s. 109-118.
    • Aasen, I. 1918, Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Fjerde uforandrede Udgave, Cammermeyers Forlag, Kristiania.

Referansar

  1. Juel, 1722, s. 34.
  2. Lundby 1947, s. 255
  3. Nynorskordboka 1989, s. 711; Aasen 1918, s. 83
  4. Skappel 1904, s. 49.
  5. Opsahl og Winge 1990, s. 144-148.
  6. Lauvdal 1951, s. 161; Opsahl og Winge, 1990, s. 149.
  7. Taranger 1915, s. 157.
  8. Lunden 2002, s. 188.
  9. Holm 2013, s. 162-174.
  10. Myrdal 1999, s. 293.
  11. Sommerfelt 1928, s. 51.
  12. Olssøn 1935, s. 458.
  13. Sommerfelt 1776a, s. 22.
  14. Boserup 1977, s. 17; Mazoyer og Roudart 2006, s. 102, 127 og 217-218; Goltz 1900, s. 1123.
  15. Bergersen og Hofset 1987, s. 57.
  16. Høeg 2003, s. 72-74.
  17. Myrdal 1985, s. 54-55.
  18. Sommerfelt 1928, s. 54.
  19. Sommerfelt 1776b, s. 39.
  20. Sommerfelt 1790, s. 23.
  21. Todderud 1998.
  22. Fasting 2004, s. 83.
  23. Bath 1963, s. 10.
  24. Goltz 1900, s. 1124 og 1126.
  25. Lauvdal 1951, s. 161.
  26. Rustad 1943, s. 7.