Brøstsaga

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2018 kl. 20:48 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (justerte lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamalt lager
Foto: Arnfinn Kjelland

Brøstsaga var opphavleg ei oppgangssag som vart bygd opp kring 1870 ved den gamle vasskanalen Sagelva nær nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Det var gardane Ner-Brøste i Øverdalen i Romsdalen og Stuguflotten og Nystugu i Lesja som bygde denne saga.

Det første bladet i oppgangssaga vart smidd av ein bygdesmed. I 1890-åra vart det bytta ut med eit tynnare, valsa blad. I 1917 bygde brukaren i Ner-Brøste om saga til sirkelsag. Under bygginga av Raumabanen vart det skore mykje svillar og annan materialer til anlegget.

Etter krigen var saga i vanleg drift, og brukte fram til 1959 vatnet frå Sagelva som kraftkjelde. I åra etter 1999 er saga bygd opp att av Brøste-Stueflotten Kulturlag slik at den i dag utgjer hovuddelen av Sagelva Vasskraftsenter.

Bilde frå den rekonstruerte saga

Kjelder

  • Kylling, Asmund 2006: Brøstsaga i Lesja. Utvikling frå 1870. Treteknisk Informasjon nr 1 s. 31-34.

Koordinater: 62.27750° N 8.12040° Ø