Brandlie (Lesja)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brandlie
Alt. navn: Brandli, Brandlien
Først nevnt: 1612
Fylke: Oppland
Kommune: Lesja
Gnr.: 18
Bnr: 1
Postnummer: 2668

Brandlie (-li i bunden form, sterkt hokjønn, dativ: «i Brandli'n») er ein namnegard (med gardsnummer 18) i Lesja kommune og den austlegaste garden i KyrkjekretsenLesjaskogen. Garden er nemnt fyrste gongen i ei skatteliste i 1612. Garden vart truleg nyrydda på den tida.

Tydinga av det samansette gardsnamnet er usikker, jfr. O. Rygh. Mest trulege kjem det av brenning, avsviing av vegetasjon i samband med nydyrkinga.

Brandlie har ikkje vore bruksdelt på ordinær måte, men hadde to husmannsplassar, Brandlistugu og Brandliskridu, der den fyrstnemnte vart frådelt og skyldsett med eige gardsnummer.

Brandlie hadde seter på Alfsetre på sørvestsida av Aursjøen inst på Dalsida. Ho vart bygd i 1849 og rive i 1954 i samband med Aurautbygginga.

Eksterne lenkjer

Litteratur

Einbu, Per og Arnfinn Kjelland 1988: Setrane i Lesja i teikning og tekst. Utg. A. Kjellands forlag. 1988. Digital versjonNettbiblioteket: s. 158.

Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjonNettbiblioteket: s. 434-443.

Mal:Infoboks gardsbruk