Bratteland (Bykle gnr 9)

Bratteland ligg austom Dysje, og er den austlegaste av dei gamle gardane i Botnen i Bykle. Som gardsnamnet tilseier, er terrenget her nokså bratt, men på nedsida av der husa sto var likevel tolleg slakt hallande jorde. Nå er desse neddemde.

Bratteland
Bratteland 1.jpg
Bratteland på 1950-talet, Nordstog til venstre. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Rydda: Truleg folkevandringstida
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 9
Type: Gardsbruk

Tydinga av namnet trengst ikkje seiast meir om. Når det gjeld alderen, kan me melde at namnegranskarane meiner at dei fleste gardsnamn som endar på -land skal skrive seg frå folkevandringstida, dvs. frå perioden mellom åra 400 og 600. Om dette slår til når det gjeld Bratteland, vil det stille denne garden på alder med busetnaden på Tveiti og Nesland, og jamvel om me ikkje har registrerte oldfunn å vise til, tykkjer me ei slik datering virkar rimeleg.

Tilliks med Brotteli vart Bratteland i 1600- og 1700-åra rekna å ha ein landskyldverdi på 1/2 hud eller 6 kalveskinn. I 1838-matrikkelen vart garden, framleis heilt på line med Brotteli, tildela ei skyld på 1 skylddalar, 2 ort og 11 skill, men i 1886 vart han skyldsett til 2,57 skyldmark, og det er omlag 20 pst. høgre enn Brotteli. Kva som gjorde at garden såleis auka i relativ gjævleik veit me ikkje, men skyldsetjinga i 1886 skulle representere eit samla, sjølvstendig skjøn over bruksverdet, så det er altså ikkje tale om mekanisk omrekning frå den eine skyldeininga til den andre.

I den gamle gards- og ættesoga vert dei to bruka her omtala som Klubben og Systog, men på stadnamnkartet av Folke Nesland står det Nordstog og Systog, medan namnet Klubben der vert bruka om det rundvorne neset utanfor Nordstog, og etter Ivar Aasen tyder ordet 'klubb' nettopp «rundagtig næs» (Aasen: Norsk Ordbog, 1875, s. 367). I framstillinga her vil me bruke Nordstog og Systog, ikkje avdi me skal draga i tvil at Nordstog har vore omtala som Klubben, men avdi me tykkjer at Nordstog er meir sakssvarande, og veit at liksåvel det namnet har historisk hevd.

Det ser ut til at forfattaren av den gamle gards- og ættesoga meiner at Systog er eldste verestaden her, og at Nordstog er kløyvd ut frå dette. Her vil me halde Nordstog for eldst. Av denne meininga tykkjest også dei som som sto for matrikuleringa ved garddelinga i 1917 å ha vore. Det var Systog som vart utkløyvd, ikkje Nordstog. Difor vart då Nordstog ståande med bnr 1, medan Systog fekk bnr 5. I den gamle boka står det at Systog er bnr 2, men bnr 2 er Skolås, medan Skarberg er bnr 3 og ein heieteig kalla Aurdalsbeitet er bnr 4. Me kjem attende til dei frådela bruka i eigne artiklar, men lat oss fyrst sjå på den eldste eininga.

Den udela garden

Den fyrste oppsitjaren me finn nemnd heitte Jon. Han er omtala i ei rekkje kjelder, men berre med døypenamn, aldri med farsnamn. Fyrste venda ein ser noko til han er i odelsjordeboka frå 1624, sist er han nemnd i odelsskattelista frå 1647, men då var det ervingane hans som åtte garden i sameige, så på den tid må han ha vore død. I 1645 livde han, og åtte garden åleine, men kona hans var død, og han budde ilag med ei dotter som heitte Anne, står det. I 1624-jordeboka går det fram at han då åtte 1 geiteskinn i Bratteland og 1 geiteskinn i Nesland. Kven som åtte den andre helvta av Bratteland går ikkje fram, men parten i Nesland, som tvillaust var ein systerpart, gjer oss nokså sikre på at kona hans har vore ei dotter av Bjørgulv Tallaksson Nesland.

Vidare skal me halde det for truleg at Jon på Bratteland frå 1624 og frametter var den same mannen som er notert som sambrukar med Bjørgulv på Nesland frå 1610 til 1619. Dette er ei gjeting, men til støtte for henne kan førast opp at det ikkje budde nokon på Bratteland så lenge det var ein medbrukar på Nesland som heitte Jon, og det ser det ut til at det var så lenge Bjørgulv livde. Med andre ord tenkjer me oss at Jon, som var gift med dotter åt Bjørgulv, var medbrukar hjå verfaren, men då Bjørgulv døydde, og borna dela eigene hans, flutte Jon og kona hans til Bratteland.

 
Me har ingen spesifikke opplysningar om kva dei kunne sitje med av husgeråd eller utstyr på Bratteland i 1600-åra. Men det er lov å gjeta, og at dei hadde minst ei mjølbyre omlag av same slaget som den på biletet ved sidan av, er temmeleg sikkert, ettersom det var slike på alle gardar. Som ein ser er det ei rettvegga laggetunne med tregjorder og øyro til å feste loket i. Diameteren er ca 60 cm, høgda ca 110 cm, noko som gjev eit volum på vel 300 liter. Til samanlikning var ei vanleg handelskorntunne, av dei som byklarane var til byen og henta, på 139,4 liter. Byra ved sidan av finst i Henriksen-samlinga, og biletet kjem frå Setesdalsmuseet. Museet har registrert byra med nummeret MOR00378.

I den gamle gards- og ættesoga (74) står det at kona åt Jon heitte Guri (eller rettare Gyro), men det trur me er nokså på vona. Rett nok har me noko seinare funne ei Gyro Bjørgulvsdotter på Bratteland, men som me kjem attende til, kan ho vanskeleg ha vore dotter åt Bjørgulv Nesland. Det lisle me veit om Jon og folket hans kan setjast opp som fylgjer:

  • Jon, n 1610(?), 1624, 1645
g m NN Bjørgulvsdtr. Nesland. Born, iallfall:
  • Anne, n 1645, 1649(?), lagnad elles ukj.

I 1649 var det ein som heitte Eivind som bruka 5 kalveskinn i garden, og ei som heitte Anne som bruka 1 kalveskinn. Anne kan ha vore Anne Jonsdotter, i så fall var ho vel enke på denne tid, men me tvilar på om Eivind var bror hennes.

Men korleis det nå var med denne skyldskapen, i 1651 hadde iallfall både Eivind og Anne fått avløysing som oppsitjarar. Dei som då sat her heitte Tov og Ånund. Tov åtte på den tid berre 1 1/5 kalveskinn i garden, medan Ånund hadde 4 4/5 skinn «ved pant på sin kones veigner». Det ville høve bra om Ånund var son åt Svein Brotteli, for han var far til ein med dette namnet, veit me. Han bruka ein part av farsgarden i 1645, men var ikkje til stades der i 1651. Nå har me ikkje noko prov for at denne identifikasjonen er rett, men han kan stå som ei rimeleg gjeting. Når det gjeld Tov, er me derimot heilt sikre på at han heitte Tov Knutsson, og tidlegare hadde budd i Mosdøl.

I 1659 åtte og bruka denne Tov Knutsson heile garden. Men i 1663 var det ovannemnde Gyro Bjørgulvsdotter som vart notert som eigar. Då denne Gyro vart oppskrive som gardeigar i jordeboka, var ho nok enke, gardeigande kvinner var vanlegvis det. Ut ifrå farsnamnet har det vore gjete på at ho kan ha vore dotter åt Bjørgulv Nesland, den gamle gards- og ættesoga (84) gjev opp dette. Men det virkar lite truleg at ho kunne vera den same som hadde vore gift med Jon fyre 1620, og at ho skulle ha vore syster hennes er også vanskeleg å få til å stemme. Rett nok hadde Bjørgulv Nesland ei dotter, som me ikkje veit om nokon ektemake for, men me trur helst at den kvinna var i eldste laget til å ha fått born på 1640-talet, slik Gyro på Bratteland gjorde. Men om dette er rett tenkt, får det då til fylgje at me ikkje kan vita noko om kvar Gyro Bjørgulvsdotter på 1660-talet kom frå.

Tov Knutsson, som hadde vore eigar og brukar i 1659 er siste venda nemnd i 1664. Han bruka då heile garden, men i 1665 og 1666 var det Andres og Bjørgulv som var brukarar, jamvel om Gyro åtte garden. I 1670 ser ein ikkje lenger noko til Gyro. Eigarane då var Andres og Bjørgulv, står det i jordeboka frå det året. Same kjelda opplyser at dei var søner av ein Tarjei, og at dei hadde ei syster som heitte Svålaug. Utan at me har noko direkte prov for det, satsar me på at Gyro Bjørgulvsdotter var mor deira, og stiller då opp den fylgjande familielista.

  • Gyro Bjørgulvsdotter, 1665
g m Tarjei (Andresson?). Born, iallfall
  • Andres, f ca 1641, g m ukj., sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f ca 1642, g m ukj., sjå nedanfor
  • Svålaug, n 1670

Kvar Tarjei stamma frå er på vona. Ut ifrå namnet på den eldre av sønene kan ein gjeta på at han heitte Tarjei Andresson, men me kjenner ingen med det namnet, som me kan få til å passe.

Andres var den eldste av brørne, og i skattelistene frå 1679 og frametter til 1711 står garden jamt på han.

  • Andres Tarjeisson Bratteland, f ca 1641, d ca 1711
g m ukj. Born, iallfall:
  • Olav, f ca 1654, d 1744, ug
  • Tallak, f ca 1677, g 1. m ukj., g 2. m Gunhild Olavsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • ? Margit
  • ? Anne, g m Reidar Bjørnsson, sjå Dysje.

Når me trur at Andres Tarjeisson kanskje hadde ei dotter Margit, er det avdi dette var namnet til kona åt Tarjei Olavsson Torstveit i Skafså (jfr. Mo bygdebok II, 229), som åtte ein part i garden her i 1737. At dette var ein ervepart lyt ein rekne med, og då vil me heller tru at det var kona enn Tarjei sjølv som hadde vore erving.

At Margit hadde ei syster Anne, er ogå gjeting. Men utpå 1730-talet har me funne ei Anne Andresdotter på Dysje, og det kunne høve godt både med tida og namnet, om ho kom herifrå.

Når det gjeld Bjørgulv Tarjeisson, veit me ikkje stort meir enn kva tid han døydde, og at han var gift og hadde iallfall ei dotter. Men kanskje var det to døtrer til.

  • Bjørgulv Tarjeisson Bratteland, f ca 1644, d 1714
g m ukj. Born:
  • Ingebjørg, g 1720 m Olav Knutsson Gjerden, sjå nedanfor, jfr. Nordstog, gnr 15, bnr 2
  • ?Jorunn, f ca 1689, g m Augund Tarjeisson Gjerden, sjå Der inne, gnr 15, bnr 3
  • ?Hæge, g m Gunstein Salmundsson Breive, sjå Breive Der inne, gnr 1, bnr 2

Av dei tre jentene ovanfor veit me heilt sikkert at Ingebjørg var dotter åt Bjørgulv Bratteland. Jorunn og Hæge er meir usikre, men det skal leggjast til at me ikkje har sett andre Bjørgulv-ar i Bykle eller Valle på denne tid, som me kan få til å høve som far deira. Når me kan vera sikre på Ingebjørg, er det avdi ho er nemnd som Ingebjørg Bjørgulvsdotter Bratteland både i kyrkjeboka frå 1714 og i referatet frå hausttinget på Rike i 1715. Grunnen til at ho vart omtala var at ho hadde «ladet sig besvangre af en omløber og løs person, som ikke havde hjemme her i Fogderiet, hans navn hun bekjendte at skulde være Nils». Såleis står det i tingboka. Ho fekk 6 riksdalar i bot, og ikkje nok med det hadde ho året fyre stått offentleg skrifte i kyrkja for same saka. Presten Leganger hadde jamvel skaffa seg namn og adresse på barnefaren, kor mykje nå det kan vera å sæte på. Iallfall står det i kyrkjeboka at han heitte Nils Eriksen Heskestad og var frå Bjerkreim. Korleis det gjekk med barnet, står det derimot ingenting om, men ein må vel fæle for at det døydde fyre 1.1.1714, og i så fall har me inga kyrkjebok å finne det i.

I 1718 var det eit par folk som heitte Torleiv og Gunhild, som hadde ei dotter som fekk namnet Eli til dåpen frå Bratteland. Me veit ikkje meir om nokon av desse, Torleiv vert berre oppskriven med etternamn Bratteland, og at Gunhild vert kalla Olavsdotter, hjelper oss ikkje med å identifisere henne. Ein skal vel ikkje sjå bort ifrå at Torleiv kan ha vore her frå garden, og dermed ein son åt anten Andres eller Bjørgulv, men det er då på vona.

Kvifor den eldste av sønene etter Andres ikkje kom til å overtaka eigedomen, når han likevel vart buande her til han døydde i høg alder, kan me ikkje vita. Det me veit er berre at det var den yngre broren som vart den nye oppsitjaren.

  • Tallak Andresson Bratteland, f ca 1677-1686, d 1747
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • Ingebjørg, f ca 1709, d 1758, ug
  • Eli, f ca 1711(?), d 1743, ug, sjå nedanfor
  • Andres, f ca 1713, g 1747 m Signe Knutsdtr., sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Sigrid, f 1715, g 1745 m Jon Folkesson Brotteli
g 2. m Gunhild Olavsdtr. Stavenes, f ca 1695, d 1747. Born:
  • Udøypt gut, f 1721, d 1721
  • Turid, f 1722, d 1778, ug
  • Knut, f 1725, d 1726
  • Olav, f 1730, d 1816, ug
  • Knut, f ca 1731, til stades 1747, seinare lagnad ukj.
  • Knut, f 1736, d Bjørnarå 1774, ug
 
Mjølkeholk med beresilar av vidjer. Breidde ca 45 cm, høgde ca 75 cm. Om holken hadde vore rund, ville han teke kring 70 liter, men det ovale tverrsnittet reduserer volumet ein god del, og me gjet på at det ligg på omlag 50 liter. Slike holkar fulle av mjølk eller rjome vart nok i tyngste laget til at ein kar kunne bera dei særleg langt på ryggen, men når ein festa ein på kvar side av klyvsalen, slik at det vart jamvikt, kunne hesten føre avdråtten heim frå støylen. Holken på bilet finst i Huldreheimen, Setesdalsmuseet registrerte han med nummeret HU0258, og skaffa biletet av han.

At Tallak var to vender gift er gjeting, men fødselsåra til borna tykkjest peike i den lei. Far åt Gunhild, som truleg var andre kona, var Olav Torleivsson Stavenes (e.). Kva mora heitte har me ikkje lukkast i å finne ut, men me har kome til at ho må ha vore ei knutsdotter frå Mosdøl.

Når det gjeld fødselsåret av Tallak, gjev me det opp med romsleg margin. For etter eit militærmanntal frå 1718 skulle han vera 32 år i det året, og altså fødd ca 1686, men då han døydde i 1747 vart det gjeve opp at han då var 70 år, noko som vil setje fødselsåret til ca 1677.

Dottera Eli vart oppgjeve til å vera 20 år då ho døydde i 1743. Dette er nok gale, ettersom Tallak Bratteland ikkje tykkjest ha hatt noko barn til dåpen i 1722-24. Sannsynlegvis var ho fødd fyre me finn noka kyrkjebok, dvs. fyre 1714, og difor har me berre plassert henne inn på ein stad der det tykkjest vera eit høveleg hol i fødselsrekkja.

Knut Tallaksson (e.) har me ikkje funne korkje dåps- eller gravferdsdato for, kanskje vart han gravlagd utanfor bygda? Det einaste me veit om han er at han var til stades på skiftet etter faren i 1747, og at det då vart oppskrive at han var 16 år.

Tallak, Gunhild og borna deira budde på Bratteland til 1737. Då flutte dei til Ryningen, som Tallak same året hadde kaupt hjå Knut Åsmundsson Tveiten for 196 riksdalar.

I 1737 selde Tallak Andresson Bratteland og Tarjei Olavsson Torstveit garden. Korleis Tarjei Torstveit i Skafså hadde vorte medeigar, veit me ikkje, men som me var inne på ovanfor, ligg forklaringa truleg i ein skyldskap, og me har gjete på at Margit, kona åt Tarjei, var syster åt Tallak.

Kauparen i 1737 heitte Gunstein Tarjeisson. Kvar denne Gunstein kom ifrå er på vona. I den gamle gards- og ættesoga (181), står det at han var bror åt Åsmund Tarjeisson i Berdalen Der uppe, men det trur me ikkje kan vera rett, for i så fall ville det ha ha vorte notert i kyrkjeboka at brurefolka var syskenborn, då Gro Gunsteinsdotter i 1761 gifte seg med Arne Åsmundsson. Dette var noko prestane jamt passa nøye på, avdi så nærskylde brurefolk skulle yte ei ekstraavgift på 10 riksdalar til kongens kasse.

I 1758 stemnde Gunstein bøndene på Løyland og Dale avdi dei ulovleg skulle ha henta 6 vinterlass med høy på ei slåtte som heitte «Flaad», eller rettare Flotti. Saka vart utsett eit par vender, og enda til slutt i eit forlik, som tingboka ikkje gjev att innhaldet i (jfr. Valle VI, 74). Likevel trur me helst at det var Gunstein som måtte gjeva seg, for i 1842 kaupte Olav G. Dysje den same slåtta hjå dei som då sat på Løyland og Dale.

Gunstein og Birgit var framleis i Bratteland i 1762, men i 1764 fekk ein Eivind Kristensson tinglyst skøyte på garden. Denne mannen tykkjest ikkje ha vore korkje byklar eller valldøl, men kvar han enn budde, sat han aldri i Bratteland. Den gamle gards- og ættesoga melder (84) at her budde ein husmann som heitte Sigurd Hansen i 1764, og det er rett at ein kar med det namnet er oppskriven i ei skatteliste frå det året. Men elles har me ikkje funne denne Sigurd nemnd fleire stader. I alle høve reknar me med at Gunstein og huslyden hans flutte til Hagen i Berdalen i 1763 eller 1764.

Men same kva år dei nå bytte bustad, så ser me at dei budde på det nemde bruket i Berdalen i 1771, og at dei då åtte brukeleg pant der. Grunnen til at me veit at dei var der, er at foreldra i september det året ynskte å overdraga bruket til sonen Vrål, og gjeva seg i foddog, men han tykte dei stilte for harde vilkår, og stuvnekta. Om dei kunne få nokon annan til å yte så mykje, skulle så visst ikkje han stille seg i vegen, let han.

Same hausten, i oktober 1771, fekk den neste oppsitjaren me veit om skøyte på Bratteland. Om det var fyrrnemnde Eivind Kristensson som var seljaren, går ikkje fram av innførsla i tingboka, men kauparen er nemnd. Tilliks med fyremannen var han truleg innflytjar, og etter den gamle gards- og ættesoga (83) skal han ha vore numedøl.

  • Olav Larsson, f ca 1721(?), d 1805
g 1. ca 1750 m Ingebjørg Mikkelsdtr. Byklum, f 1717, d 1789. Born:
  • Ivar, f ca 1752, d 1769
  • Ditleiv, f ca 1753, g 1782 m Torbjørg Olavsdtr. Bjørnarå, sjå Bjørnarå Der Aust
  • Mikkel, f ca 1755, g 1790 m Signe Olsdtr. Homme, sjå nedanfor
  • Birgit, f ca 1758, g 1789 m Odd Tarjeisson Røysland, sjå Austistog Byklum
g 2. 1791 m Eli Sigbjørnsdotter Vatnedalen, f 1757, d 1837. Born:
  • Sigbjørn, f 1791, d 1791
  • Ingebjørg, f 1792, g frå Holen 1815 m Olav Olavsson Nesland, sjå Systog Nesland, gnr 10, bnr 4, jfr Holenplasset.
  • Torbjørg, f 1794, d Holen 1857, ug., fatiglem
  • Olav, f 1800, g 1822 m Gyro Knutsdtr. Vatnedalen, sjå Myri Holen, bnr 1

Me har leita etter numedølar med namnet Olav Larsson, som var fødde kring 1720, og som flytte ut frå Numedal. Men å koma fram til ein positiv identifikasjon av ein kar med så vanleg eit namn på så spinkelt eit grunnlag, let seg diverre ikkje gjera. Elles kan ein også tvile på om kyrkjeboka har rett i at Olav røynleg var så mykje som 84 år, då han døydde i 1805. Men jamvel om denne aldersoppgåva kan vera ei overdriving, var han nok godt oppi åra, då han gifte seg andre venda.

Ingebjørg, fyrste kona, kom frå Austistog Byklum. Mikkel Tarjeisson Mosdøl og kona, Birgit Torleivsdotter, fødd Byklum, var foreldra hennes. Olav og Ingebjørg tykkjest ha budd på Bratteland frå 1772 og til ho døydde i 1789. Borna vart ikkje døypte i Valle eller Bykle, så fødselsåra deira her ovanfor er utrekna etter aldersoppgåvene ved dødsfalla deira, og kan fylgjeleg vera noko misvisande.

Etter to år som enkemann gifte Olav seg omatt med Eli Sigbjørnsdotter. Ho var frå Vatnedalen, og dotter åt Sigbjørn Torkjellsson Rannestad og andre kona, Torbjørg Knutsdotter, fødd Vatnedalen. Olav og Eli budde på Bratteland då dei døypte dei tre fyrste borna, men då dei i 1800 hadde yngstesonen Olav til dåpen, heldt dei til i Vatnedalen Der sø, og me trur at dei flutte dit i 1795 eller 1796. Eli dela då heimegarden med broren Knut. I 1805 makeskifte Olav bort bruket i Vatnedalen mot Myri Holen. Det var Auver Jonsson Holen som bytte bort det bruket. Olav budde der då han døydde, same året som han hadde overteke.

Ditleiv, eldstesonen, som budde som bruksmann i Nordtveiti, tenkte seg til å overtaka heimebruket åt kona si, ho var frå Bjørnarå Der aust. Difor vart det til at den yngre broren vart sitjande med Bratteland, som han fekk seg overdrege på skiftet etter mora i 1789. Gardverdet då vart sett til 500 riksdalar.

  • Mikkel Olavsson Bratteland, f ca 1755, d 1837.
g 1790 m Signe Olsdtr. Homme, f 1761, d 1839. Born:
  • Jorunn, f 1790, d 1795.
  • Ditleiv, f 1792, g 1814 m e Astrid Bjørgulvsdtr. Nesland, sjå nedanfor.
  • Olav, f 1794, d 1810.
  • Ånund, f 1797, g 1821 m Kjersti Olavsdtr. Skolås, sjå nedanfor.
  • Ingebjørg, f 1799, g 1822 m Torleiv Olsson Røyseland, sjå Skarberg.
  • Olav, f 1802, g 1826 m Ingebjørg Olavsdtr. Nesland, sjå Nesland Der heime.
  • Gunhild, f 1807, g 1835 m Hallvard Knutsson Hisdal, sjå Lisle Hisdal.
  • Jon, f 1805, d 1805.
  • Dødfødd, 1806.

Signe, kona åt Mikkel, kom frå Bjones. Olav Olsson Homme og Gunhild Eivindsdotter, fødd Trydal, var foreldra hennes. Faren døydde forresten hjå dottera og versonen på Bratteland i 1798.

Gunhild Mikkelsdotter fekk i 1832 dottera Signe, faren var Gunnar Knutsson frå Systog Nesland (gnr 10, bnr 4). Korleis det sidan gjekk med Signe Gunnarsdotter, har me ikkje funne ut, men ho tykkjest ikkje ha vore med mora i Hisdal.

Som det har kome fram ovanfor, var Mikkel nest eldste son. Dermed hadde borna åt den eldre broren betre odel, og i 1808 laut difor Mikkel kaupe odelsretten av Torleiv Ditleivsson Bjørnarå for 1400 riksdalar. Det høyrest uhorveleg mykje ut, men så lyt ein koma i hug at dette var i «fillepeningtidi», då dalarane var lite verde.

Korleis gjekk det så vidare med Bratteland? Tinglyste heimelsovergangar er det smått med frå denne tida, så det me har å byggje på er for det fyrste kyrkjeboka, og for det andre nokre amerikanske ættesogemanuskript, ihopskrivne av emigrantetterkomarar. Men desse kjeldene kjem med til dels motstridande opplysningar. I eit manuskript av Tellef B. Nesland, som budde i Kanada, på ein stad kalla Sask Frontier (seinare Nelson), British Columbia (Slektsoversikt for Nesland, dat. 25.10.1939, avskrift ved Folke Nesland 12.12.1990), vert det fortalt at Ditleiv og Ånund «eide hver sin halvdel av Bratteland nokre år, frå 1824», og at Ditleiv hadde «Der nede[eller] Syga, senere [kalt] Systog».

Dei andre amerikanske kjeldene er mindre detaljerte, men peikar i same lei. Me meiner at dei fer gale, at korkje Ånund eller Ditleiv hadde overteke nokon eigedom på 1820-talet, og at Ditleiv, som var odelsmannen, åtte heile garden frå 1835 og til han døydde. Grunnane til at me har denne oppfatninga, kjem me attende til nedanfor.

Men lat oss nå fyrst sjå noko nærare på Ditleiv og lagnaden hans:

  • Ditleiv Mikkelsson Bratteland, f 1792, d 1845
g 1814 m e Astrid Bjørgulvsdtr. Tveiten, f 1768, d 1844, ikkje born.

Ditleiv og Astrid tykkjest ha budd på Vodden Nesland frå kring 1814 og til Ditleiv vart eigar av Bratteland i 1835. Noko etter dette flutte dei hit. Astrid Bjørgulvsdotter var dotter åt Bjørgulv Knutsson Nesland og kona, Torbjørg Tarjeisdtr. Desse budde på Nesland Der heime. Då Ditleiv gifte seg med Astrid i 1814, var ho enke etter Ånund Hallvardsson Tveiten. Med han hadde ho fått eitt barn, som ikkje livde opp, med Ditleiv fekk ho ingen.

Han hadde likevel ein son, Hallvard, som vart fødd i 1842. Mora var Ingebjørg Olavsdotter, ei dotter åt Olav Torsteinsson Ørnefjødd og kona, Gunvor Olavsdotter, fødd Berdalen. Desse budde på plassen Ljosådalen under Løyland (jfr. Valle VI, 130f).

I 1850 fekk Ingebjørg flytjeattest for å reise til Stavanger amt, og den 8 år gamle sonen fylgde med dit. Då folketeljinga vart oppteke i 1865, var mora truleg død, men Hallvard Ditleivsson budde som busete på ein plass under HåvardsteinRennesøy. Han var jordbruksarbeidar og gift mann, står det, og kona hans heitte Marthe Eriksdatter. Nokre år seinare, i 1870, tok han ut til Amerika med eit emigrantskip frå Stavanger. Han hadde då vorte enkemann, og gift på nytt, og den nye kona heitte Anna Malena Olsdatter, og var fødd i 1835. Det er ikkje nemnt noko i (den rekonstruerte) emigrantprotokollen frå Stavanger om at dei hadde born med seg på reisa.

Skiftet etter Astrid Bjørgulvsdotter i 1844 viser at Ditleiv inntil då hadde sete med heile garden. Men på dette skiftet vart eigedomsretten dela, slik at Ditleiv og Ånund fekk 3 skinn kvar. Me reknar med at Ånund budde i Systog og Ditleiv i Nordstog. Men då Ditleiv døydde året etter kona si, og utan nokon ektefødd erving, vart Ånund eigar av heile Bratteland.

  • Ånund Mikkelsson Bratteland, f 1797, til Amerika med heile familien 1846, d 1847, Rock River Settlement, Lebanon Township, Dodge County, Wisconsin
g 1821 m Kjersti Olavsdtr. Skolås, f Midtre Lien i Svartdal, Seljord 1794, d Otisco, Waseca County, Minnesota, 1863. Born:
  • Anne, f 1822, farmarkone d 1908, g 1845 m Bjørgulv Knutsson Nesland (Burgruf Newton!), busett Polk County, Minnesota, sjå Nesland Der heime.
  • Signe, f 1825, d 1845, ug
  • Jorunn, f 1827, d 1828
  • Mikkel, f 1829, farmar, d 1888, g 1851 m Ingebjørg Ånundsdtr. Straume, (jfr Valle I, 215), f 1831, d 1891, busett Hendrum Township, Norman County, Minnesota, born:
  • Ånund (Andrew), f 1852, d 1903, g 1874 m (syskenbarn) Anette Gurine Olsdtr. Ljosådalen (jfr Skolås), f ca 1848, d 1930, busett Hendrum til kort etter 1900, då til Saskatoon, Saskatchewan, Canada
  • Christian f 1855, d liten
  • Ole, f 1858, g m Ida Johnson, busett Hendrum til 1901, sidan Hillsboro (Washington), sist Fargo (Nord-Dakota), 5 born
  • Michael, f 1861, d 1940, jurist, domar frå 1934, busett Hendrum til 1934, sidan Thief River Falls, g m Mabel Dawley, f 1872, d 1958, 2 born
  • Serena, f 1869, d 1894, ug
  • Gilbert, f 1876, d 1963, busett Thief River Falls, g m Clara Gilbertson, f 1889, 2 born
  • Jorunn (Julia), f 1831, farmarkone; d 1892, g 1847 m Bjørgulv Olsson (Bø) Sandnes (jfr. Valle III, 99), f 1829, d 1902, frå ca 1860 busett Otisco Township, Waseca County, born, iallfall:
  • Olav, f 1855, d 1929
  • Aanon, f 1858
  • Sigrid, f 1860, d 1894, ug
  • Julia, f 1861, d 1861
  • Andrew, f 1864, g m ukj., 1942 busett Flaxville, Montana
  • Ole, f 1866, d 1920
  • Severine, f ca 1870, d 1930, ug
  • Julia, f 1872 (forfattar av History and Genealogy of Brattland, Olson, Knutson and Newton Families, ms 1942) g m Martin Eggen, f 1866, 1902 busett Huron Township, Pennington County, Sør-Dakota; frå ca 1910 Grindstone Township, Haakon County, Sør-Dakota, iallfall 4 born
  • Anna Maria, f 1873, d 1924, ug
  • Christian, f 1876
  • Sophia, f 1873
  • Julius, f 1883
  • Ingebjørg, f 1834, d 1925, farmarkone, jordmor, g 1852 m Halvor Halvorson Hellem, Rogaland, f 1834, d 1912, busett Otisco, Waseca County, Minnesota til 1890, sidan Warren, Marshall County, Minnesota, born:
  • Halvor, f 1853, d 1942, g m Kjersti Goline, 4 born
  • Andrew, f 1855, d 1931, g m Ragna Hendrickson, 11 born
  • John, f 1859, d 1942, g m Gina Rustad, 11 born
  • Inger, f 1861, d 1941, g m Oluf Hansen, 4 born
  • Kjersti Signetta, f 1864, d 1933, g m John Gustavson, 16 born
  • Olaus, f 1868, d 1951, g m Theodora Vold, 3 born
  • Anna, f 1870, d etter 1942, g m Martin Sorum, 5 born
  • Nels, f 1972, d 1952, g m Magda Stengelson, 2 born
  • Elizabeth, f ca 1874, d etter 1942, g m Dennis LeSage, 5 born
 
Kart over Nord-Dakota. Som ein ser ligg Pennington og Haakon Counties, der Julia Eggen budde i den vestre parten av staten, litt nedanfor midten. Frå US Census Bureau.
 
Då dei kom til Kristiansand, fann dei at skipet dei hadde tinga seg rom på hadde reist. Teikning av Tove Krogh 2005.

Far åt Kjersti Olavsdotter, kona åt Ånund Bratteland, heitte Olav Høljesson Lien, og kom frå Midtre Lii i Nord-Svartdal i Seljord.

Anne Olavsdotter, mor åt Kjersti, kom frå Syndre Svartdal. Desse folka er omtala under Skolås. Ånund og Kjersti budde på Bratteland frå dei gifte seg i 1821. I 1822 og 1825 vert Ånund kalla «inderst», og har vel då budd saman med broren og foreldra i Nordstog. I 1827 var han brukar einkvarstad på Nesland, men i 1829 var han attende på Bratteland, og bruka garden saman med broren.

Han hadde altså ikkje overteke halve garden, slik det står i manuskriptet av Tellef B. Nesland. Men i 1831 var han i fylgje kyrkjeboka husmann på Bratteland, så i laupet av åra 1829 til 1831 har han då truleg bygt seg opp ein ny verestad i Systog, som husmannsplass under hovudbruket. I 1834 var han framleis husmann, men då budde familien i Skolås, og året etter reiste dei til Årdal i Ryfylke, og vart der i 2 år.

Dei amerikanske kjeldene seier at Ånund selde garden sin fyre flytjinga til Rogaland i 1835. Ovanfor har me nemnt manuskriptet av Tellef Nesland, men det same står å lesa i History and Genealogy of Brattland, Olson, Knutson and Newton Families, skrive av Julia Eggen og redigert av Beatrice Olson i 1942, og sameleis i Journal of Andrew A. Bratteland, also known as Andrew M. Anderson or Aanond Mikkelsen, Prior to May 25th, 1901. Dei to siste manuskripta har me fått oversendt frå JoLeen Randolph, Victoria, Minnesota. I kva mon dei amerikanske manuskripta er uavhengige av kvarandre, er ukjent, men delvis samanfallande innhald gjev grunn til å tenkje seg at Julia Eggen kan ha hatt tilgjenge til dagboka av Andrew Bratteland.

Korleis skal me då skjøne alt dette? Me vil tru at samanhengen er som fylgjer: Mikkel Olavsson hadde ikkje skift ifrå seg fyre Ånund ville flytje ut i 1835. Ånund og Kjersti var husmannsfolk i Systog frå ca 1827 til ca 1833, men så har dei kanskje råka usams med far og/eller bror hans, iallfall flutte dei til Skolås. Men når så Ånund i 1835 kom og fortalde at han ville reise, og kravde arven sin, var det ikkje råd å nekte han det, så då vart det halde skifte.

Ditleiv overtok garden og Ånund fekk ein pengesum. At dei amerikanske etterkomarane hans har oppfatta dette som om han «selde garden sin», er ikkje så underleg, kanskje kan han også sjølv ha opplivd det slik? Men i røynda hadde han i 1835 ingen gard å selje, berre eit ervekrav.

Vidare vil me halde fyre at det sikkert er rett, slik dei amerikanske kjeldene er samstemte om, at han eigentleg var meint på å reise til Amerika alt i 1835. Men Kjersti skal inntil vidare ha greidd å overtala han til å verta verande i heimlandet, så dei budde to år i Årdal i Ryfylke, og vende så attende til Bykle i 1837.

Ditleiv budde då framleis i Nordstog, og Ånund flutte innatt i Systog, der han hadde vore tidlegare. At Ånund då kaupte det bruket attende hjå broren, slik dei amerikanske kjeldene vil ha det til, er lite sannsynleg, då skulle ikkje Astrid og Ditleiv ått heile garden i 1844. Så mest truleg vart Ånund atter ei tid sitjande som husmann. Men så hende det som me har vore inne på ovanfor, at Ditleiv døydde i 1845, og at Ånund dermed vart eigar av heile Bratteland.

Då kunne ein vel tenkt at han hadde sete godt, og slege seg til ro, men etter det Mrs. Eggen fortel hadde han «fått Amerikafeber, og kunne ikkje tala om, eller tenkje på, noko anna». Difor overdrog han då, det var våren 1846, garden til Olav Torleivsson Bjørnarå, og tok med seg kona, borna, den vaksne dottera og hennes huslyd, og til og med den 82 år gamle gamle verfar sin, og reiste til Amerika. Denne flokken med skyldfolk var dei fyrste byklarane som emigrerte.

Dei fekk fylgje på reisa av ein flokk med valldølar. Av desse nemner me Såve Gunnarsson Flateland, Torjus Kjetilsson Homme, Eivind Arnesson Kyrkjeled og Torleiv Torleivsson Hoftuft, alle med familiar. Vidare tek me med at ungkaren Tallak Gjermundsson Byklum, eller kanskje rettare Stavenes, tok ut med det same fylgjet.

Då dei kom til Kristiansand, fann dei at skipet dei hadde tinga seg rom på hadde reist. Dei laut difor vente ei veke i byen fyrr dei kom seg med ei trelastskute som skulle til Frankrike. Etter 5 dagar på denne kom dei til Le Havre, der dei fekk vita at den amerikanske briggen The Palestine, som hadde ledige passasjerplassar, skulle til New York eit døger seinare, og der kom dei seg ombord.

Forutan 10 norske familiar var der omlag 300 tyskarar og irlendarar. Så, etter 35 dagars sjøsjuk seilas, kom dei til New York den 5. oktober 1846. Endå sto det att ein god del reising fyrr dei kom seg til Rock River Settlement i Wisconsin, der dei slo seg ned inntil vidare. Kvar det sidan vart av dei, skulle gå fram av familieoversynet ovanfor. Elles kjem me attende til fleire einskildpersonar i denne fyrste emigrantflokken frå Bykle i bolkane om stadene der dei budde fyre dei reiste. Det vil då seia Skolås, Nesland Der heime og Uppistog Byklum. Avhendinga av Bratteland kan ha utgjort ein vesentleg del av det økonomiske grunnlaget for utreisa for fleire av dei.

Denne transaksjonen vart nokså spesielt utforma, for Ånund ville ikkje aldeles brenne bruene attom seg. Som tinglysingsteksten syner, skal det likevel godt gjerast å få ei formell pantsetjing til å liggje tettare opptil eit røynleg sal:

Obligation fra Aanon Mikkelsen til Ole Tellefsen Bjørnaraa for 800 spd, uopsigelig i 30 aar med haandfaaet og brugeligt pant i hele denne gaard, og saaledes, at hvis ingen opsigelse foregaar inden udløbet af de 30 aar fra debitors side, skal kreditor være eiendomsberettiget til bruget. Dat. 3. april 1846, thl. 12 juni s.a.

Litt tidlegare same året hadde Ånund overdrege plassen Skolås til verbroren Hallvard Olavsson Skolås på same slags vilkår for 300 spd, så i alt hadde han nok over 1000 dalar til utferda. Ein lyt då rekne Skolås som eit sjølveigande småbruk frå 1846, jamvel om det ikkje vart formelt utskilt og matrikulert for seg fyrr i 1853.

Ånund Mikkelson døydde i Rock River Settlement, Lebanon Township, Dodge County, Wisconsin, alt året etter utreisa frå Noreg. Denne opplysninga, og sameleis det meste av det me ovanfor har lista opp av informasjon om borna hans etter utreisa, har me fått hjå JoLeen Randolph i Victoria, Minnesota og Mary Farrell i Sacramento, California. I Lebanon Township finn me også denne familien att i ei liste over nordmenn i Wisconsin i 1850 frå Vesterheim Genealogical Centre i Madison, Wisconsin. Denne kjelda stadfester at Ånund Mikkelsson på den tid var død og borte.

Olav T. Bjørnarå, som kaupte Bratteland av Ånund Mikkelsson Bratteland, var son åt Torleiv Ditleivsson, og altså syskenbarnet av Ånund. Olav kaupte i 1850 Utistog Stavenes, der han slo seg til, så han får nøyare omtala der. Det er truleg at han selde Bratteland for å finansiere kaupet av stavenesbruket, og me vil difor rekne med at salet kan ha gått fyre seg i 1849 eller 1850. Det er ikkje tinglyst, men det er ingen tvil om at det har funne stad, og heller ikkje om kven kauparen var.

Han heitte Tarjei Oddsson Byklum, og var frå Austistog. Foreldra hans var Odd Tarjeisson Røysland og kona, Gyro Åsmundsdotter, fødd Løyland. Men då Tarjei kaupte Bratteland, kom han frå Attistog Gjerden, som han i 1815 hadde teke på odel hjå Åvold Jonsson (sjå Neire Dysje).

Gunhild, kona åt Tarjei, kom frå Nordigard Nomeland (Valle), men far hennes var byklar, Bjørgulv Åsmundsson Gjerden heitte han, medan mora heitte Gunhild Jonsdotter, og var fødd Dale (jfr. Valle III, 632).

  • Tarjei Oddsson Byklum, f 1789, d 1852
g 1815 m Gunhild Bjørgulvsdotter Nomeland, f 1798, d 1876. Born:
  • Birgit (e.), f 1819, d 1819
  • Bjørgulv (e.), f 1820, d fyre 1833(?)
  • Birgit (y.), f 1822, sjå nedanfor
  • Margit, f 1825, g 1854 m Knut Torleivsson Homme, sjå Valle VI,
  • Gunhild (e.), f 1828, d 1829
  • Gunhild (y.), f 1830, til Stavanger amt 1861, sjå nedanfor
  • Bjørgulv(y.), f 1833, g 1859 m Targjerd Kjetilsdtr. Harstad, f 1832, til Amerika 1866, sjå nedanfor, jfr. Systog, bnr 5
  • Odd, f 1835, g 1859 m Gro Bjugsdtr. Åkre, til Amerika ca 1880, sjå Nordstog, bnr 1
 
Mellom lausøyren på auksjonen i 1854 var også eit bakstetraug, som truleg kan ha sett ut omlag som det ved sidan av. Det er på ca 60 x 40 cm, og som ein ser har det byrja å sprekke, slik at det har vore turvande å forsterke det med heimesmia jernbygler. Trauget ligg i Huldreheimen, Setesdalsmuseet gav det reg.nr HU00120 og fekk teke biletet av det.

På skiftet etter Tarjei Oddsson i 1853 vart kaupmann Lauritz Lorentzen i Kristiansand tillotta krøtera på bruket, som var 1 hest, 3 kyr, 1 kalv, 12 geiter og 4 sauer. Desse vart rekna å vera verde 51 speciar, men då dei gjekk på auksjon i mai 1854, kom det berre inn 21. Truleg var dette bakgrunnen for at enka Gunhild Bjørgulvsdotter uti juli heldt ein ny auksjon, denne venda «friviljug», for å selje unda meir lausøyre og ymse uteståande krav, som vart rekna for usikre. Den samla tilslagsprisen på denne auksjonen vart 28 dalar, men til frådrag frå dette kom 10 dalar for ei kyr, ein huspostill og ei salmebok, som Gunhild fekk tilslaget på sjølv.

Elles kan nemnast at Åsmund Pålsson Nomeland slo til seg eit krav på 35 speciar på Olav O. Dysje. Dette gav han berre 1 skilling for, så det vart nok rekna for høgst usikkert om han kom til å få inn noko.

Me har ikkje sett noko skrive om kva tid Bjørgulv Tarjeisson (e.) døydde, men gjet på at han var død då dei gav også den neste sonen i rekkja namnet Bjørgulv.

Birgit Tarjeisdotter fekk i 1842 sonen Olav, faren var Neri Vetlesson, som då han trefte Birgit budde i Nordgarden Breive. Foreldra hans var Vetle Nerisson Tveiten og kona, Asle Ånundsdotter. Kvar Birgit vart av er ikkje kjent, men Olav Nerisson finn me i 1865 att i smia hjå smedmeisteren Anders Johnsen Hognestad i Stavanger by. Sidan taper me også han av syne, men sumt tyder på at han emigrerte.

Gunhild Tarjeisdotter fekk fyrst dottera Tone Tarjeisdotter. Dette var i 1851, og faren var Tarjei Olavsson Dysje. Nokre år seinare, i 1858, fekk ho dottera Gyro. Til presten gav ho opp at faren var Dreng Torleivsson Homme, bror åt mannen av systera. Så fekk ho ei dotter att i 1860, Ingebjørg heitte ho. Nå kom det fram at ho i 1858 hadde gjeve opp feil far for Gyro, og at Tarjei Dysje, eller Skolås, som han nå vart kalla, var far til alle dei tre døtrene. Som fylgje av dette vart ho sett under tiltale for falsk forklaring, og laut sone 5 dagar på vatn og brød i lensmannsarresten, det var i 1861. Etter dette tok ho utflytjing til Stavanger amt. Sidan fekk ho ein son som heitte Bjørgulv Johansson, fødd i 1872. Ho budde på denne tid i Hjelmeland, og der hadde ho møtt ein svenske som heitte Johan Jonasson Brandt, opplyser Valle kyrkjebok.

I folketeljinga frå 1865 ser me at Tone og Gyro på den tid budde som busetar hjå Odd Tarjeisson i Nordstog Bratteland, men mora var ikkje der, og me veit ikkje kvar ho var på den tid. Sidan er det mest på vona korleis det gjekk, både med mora og borna, men eldstedottera Tone skal, etter det Reidar Vollen i Kristiansand har fått vita, ha hamna i Amerika, og fått stor etterslekt der.

Bjørgulv Tarjeisson fekk i 1859 dottera Birgit med Ingebjørg Eivindsdotter Trydal i Stigamidjom. Jentebarnet døydde etter berre 4 dagar, mora vart sidan gift med ovanomtala Tarjei Olavsson Dysje. Bjørgulv gifte seg også, det var sumaren 1859, men det var med ei anna. Korleis det vidare gjekk han, kjem me attende til i bolken om Systog.

Heller ikkje ved dette leitet går eigedomstilhøva på garden heilt klårt fram av kjeldene, ettersom fleire, som me veit var eigarar, tykkjest å ha spart utgiftene til tinglysing. Men ei innførsle frå 1855 syner likevel at ervingane må ha selt halve garden til Olav Gunnarsson Dysje etter at Tarjei Oddsson var død i 1852. Dette kjem fram av at Olav hadde lånt 152 speciedalar av Hallvard Olavsson Skolås, og pantsette 3 skinn i Bratteland til trygd for denne summen, noko han ikkje godt kan ha gjort utan å vera eigar.

Båe dei vaksne sønene åt Tarjei Oddsson, Bjørgulv og Odd, trong på denne tid til verestader. Utan salet til Olav G. Dysje ville truleg Bjørgulv, som var eldst, ha vorte sitjande med heile Bratteland, og eventuelt ha tildela Odd Systog som ein husmannsplass. Men nå var eigarskapen altså kløyvd i to, den eine halva høyrde til Olav og den andre til Bjørgulv. I denne stoda vart det til at Bjørgulv vart sitjande som sjølveigar i Systog, medan Odd svara leige til Olav G. Dysje for Nordstog.

Systog hadde vore husmannsplass under Nordstog frå andre helvta av 1820-åra, og då altså ein verestad for seg sjølv. Etter salet av halve garden fyrst i 1850-åra var her to gardsbruk, jamvel om det på papiret var berre eitt fram til 1917. I den vidare framstilinga tek me fylgja av dette, og vil då handsama dei to bruka kvar for seg.


  Bratteland (Bykle gnr 9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Neire Dysje • Neste bolk: Nordstog

Koordinater: 59.3169639° N 7.1175028° Ø