Breive (grend)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Breive er ein av dei nordligaste grendane i Bykle kommune i Setesdal, langs nordsida av Breivevatnet. Grenda har utvikla seg frå Breivegardane, som er gardsnummer 1 i kommunen. Bustadene i Breive er stort sett gardsbruk, og det er også ein god del fritidsbustader i området.

Garden Bjåen er matrikulert som ein del av Breive, men ligg så langt unna dei andre Breivegardane at Bjåen er ei eiga grend.

Kjelder