Bruer i Høydalen

Bruer i Høydalen er ein oversikt over bruene i Høydalen, Volda kommune.

Storebrua var bygd i 1931, og dette bildet er frå ein gong på 1930-talet. Til høgre ser me ysteriet som var bygd mellom 1925 og 1930.

I alle dalfører er det oftast ei elv som deler dalføret. Er der og ei bygd med busetnad på båe sider av elva så skaper elva eit hinder for samkvemet mellom bygdefolket. Bruene vart bygde på ymse vis alt etter forholda på staden og kva krav som skulle stettast. I mange høve kunne brua vere ei steinhelle over eit pass med fjell på kvar side eller på oppmura brukar. Var det lenger spenn, vart brua gjerne bygt av tre. Kvelvingsbru er her ikkje merke etter i Høydalen.

Elva i Høydalen heiter Høydalselva, men lokalt er namnet Storelva. Elva deler bygda i to, ei austside og ei vestside. Lokalt vert det nemnt som innafor og utafor. Å krysse elva turrskodd kan ein skjøne var eit ynskje. Kva tid det vart realisert er ikkje kjendt.

Gamlebrua

Om lag 500 til 600 m opp i vassdraget var eit trangt pass med tverr fjellhammar på kvar side. Her var Gamlebrua, ein reknar med at det var den første brua og det var ei stor steinhelle festa på fjellet med smidde boltar. Boltane hadde nakke som huka på hella, to på kvar ende. Brua har vel neppe vore nytta for anna enn folk. Om der har vore leidd over bufe kan ein ikkje heilt sjå burt frå. I 1940 åra hugsar ein at eit hjørne på hella hadde brotna av så hella låg på tre punkt, men skaden kunne nok vere mykje eldre. Alle foreldre la ned forbod mot å gå over denne brua, steinhella, men bruke ”Storebrua” som var 50 m lenger fram i vassdraget. Der var og bygdevegen mellom innafor og utafor. Gamlebrua var likevel ei freisting for alle som voks opp i desse åra og dei fleste har nok lurt seg til å springe over ein eller fleire gonger. Breidda på brua var ca 1,2 m og lengda truleg mellom to og tre meter. Med ei tjukt på 20-25 cm har dette vore tungt å få på plass og har kravt ein stor arbeidsinsats i si tid. Ura som har vore nemnd som funnplass til hella ligg to til tre hundre meter frå elva. Her har vel vore nytta sliskar og rullar, dei gamle var ikkje rådalause. I ein stor flaum 2.11.1971 måtte brua gje tapt og hamna i elva. Flaumen førde med heile tre og det var det ikkje plass til under brua. Eit minnesmerke frå tidlegare tider vart vekk.

Storebrua

Storebrua ligg ved Storehølen knapt 50 m framom der Gamlebrua var. Storebrua var bygd i betong i 1931 med jernbaneskinner som dragarar.Den avløyste då ei trebru som hadde vore der før men uvist kor lenge. Med hjulredskap var dette einaste staden ein kunne krysse elva før 1951. Dette var også skulevegen for borna frå Berget og Bøen. Kai og ekspedisjon for rutebåten var på innaforsida av elva. For folket på Høydalsneset var det omlag 3 km veg når dei skulle leide med ei ku å sende på rutebåten. Frå Høydalsneset og inn på Bøen var det berre ei rås for to eller firbeinte. Bruka på Høydalsneset fekk ikkje køyrande veg før ut på 1960 talet.

Nyebrua

Høydalen var utan vegsamband, rutebåten nokre dagar i veka stod for sambandet med verda utanfor. Vegsamband til ei eller begge sidar var ei gamal sak. I 1940-åra og utover var det litt aktivitet på den fronten, det gav litt veg innan bygda. I 1951 vart det støypt bru, Nyebrua, over Storelva som ein del av det framtidige vegsambandet Fyrde til Straumshamn. I Statens vegvesen sitt system er det, Bru nr. 15-0685. Då brua vart støypt var sanden henta frå Høydal Sandtak som var like ved. Sandtransporten var med hest og kjerre, det var det som var alternativet. Stor glede som og utløyste ein bruafest på hausten. Det gamle Bedehuset var pynta med det naturen hadde på denne årstid. Det vart strekt ei not under taket og opp på den var det plasert rognebærklasar og kvistar med grøne blad. På langborda vart det servert rjømegraut, seinare kaffi og kaker. Stor stas og snakkis i lang tid.

Naustbrua

Dette namnet er relativt nytt i bruk som stedsnamn. Brua vart støypt etter at Nyebrua var ferdig, via den kunne ein køyre til sandtaket for å hente sand. Den transporten var med hest og hjulslede, sameleis som når Nyebrua var bygd. Naustbrua er bru over sjøvegen til bruka på Bøen, altså naustvegn dei hadde. No i seinare tid når ein kan slå opp på mobiltelefonen og få veirvarsel servert på yr då dukkar Naustvegbrua opp som eit stedsnamn.

Naustbrua

Dette namnet er relativt nytt i bruk som stedsnamn. Brua vart støypt etter at Nyebrua var ferdig, via den kunne ein køyre til sandtaket for å hente sand. Den transporten var med hest og hjulslede, sameleis som når Nyebrua var bygd. Naustbrua er bru over sjøvegen til bruka på Bøen, altså naustvegn dei hadde. No i seinare tid når ein kan slå opp på mobiltelefonen og få veirvarsel servert på yr då dukkar Naustvegbrua opp som eit stedsnamn.

Byksa

Byksa er dialekt og har same tydinga som hoppe, å hoppe. Då skjønar me at her har vore muleg å hoppe over, truleg via store steinar som låg høveleg til. Her vart det på eit ukjent tidspunkt strekt ein stålstreng å gå på og ein annan i høveleg høgd å halde i. Den som då feila på vektfordelinga vart liggande nesten flat og fekk store problem. Det verserar diverse historier om slike hendingar. Det er fortalt at ein ferdatalar med koffert hamna i elva ein gong, han fekk hjelp og kom til neraste hus der han fekk tørre kle. Høydal Møbelfabrikk var starta fyrst i 1930 åra. Arbeidarane hadde behov for ein snarveg over elva. Difor laga dei ei hengebru der det før var ein streng å gå på. Brua var bygd på to berevaierar og med dekke av langsgåande bord. Til rekkverk var det strekt ei ca 8 mm stålstang (del av ein gamal løypestreng) i topp og med netting bengsla oppe og nede. Brua var 70 – 80 cm i breidda. I forlenging av hengebrua var det ei lita trebru over kvennaveita til Midgardskvenna men som i tidlegare tider gjekk vidare til oppgangssaga. Ei liknande bru var det over kvennaveita til Ytregarden. Murane etter oppgangssaga kan ein sjå på austsida rett ved brua på riksvegen. Hengebrua fungerte heilt til ”Nyebrua” var ferdig i 1951.

Geilabrua

I mellom Storelva og Øggardselva er ei landtunge kalla Geila. Begge bruka i Dalen har jordbruksareal der. Geilabrua er på Fremstedalen (81/1) sitt areal og har vel vore brukt til intern transport på bruket. Frå kring 1890 til ut i 1940 åra var der eit plassebruk, Geila. Det var bygsla frå begge bruka på gnr 81 men etter avslutta periode gjekk arealet attende til hovedbruka. I den perioda der budde folk i Geila hadde dei sjølvsagt behov for bru. Brua var bygd av tre på oppmura brukar på kvar side. Den 2.11.1971 var det ein storflaum som tok med bjørk frå eit tidlegare ras i Langedalen. Når desse bjørkene skulle gjennom dei relativt små bruene måtte det gå gale. Fyrst gjekk Langedalsbrua og så kl 16:00 for Geilabrua og same flaumen tok også Gamlebrua. Geilabrua vart då oppatt bygd av stål og kunne køyrast av lett traktor.

Dalebrua

I Høydalsdalen på grensa mellom innmark og utmark var og ei bru, Dalebrua. Det var ei steinbru med to brukar midt i elva, så vidt ein veit var brua bygd fyrst på 1800 talet. Her gjekk sætrevegen til Langedalen og Rindalen. Alle gardsbruka på innaforsida av elva hadde skogteigar og også slåtteteigar vidare framover. Seinare er brua forsterka og fornya to gonger seinast i 2012.

Langedalsbrua

var ei mura steinbru med steinheller til dekke. Vegen til og i Langedalen er på vestsida av vassdraget og Langedalsbrua gir tilkomst til Langedalsgjeret på austsida av elva. Storflaumen 2.11.1971 reiv ned denne brua og nokre andre bruer lenger ned i vassdraget. I samband med overføringslinje frå Stigedalen til Haugen i Ørsta vart Langedalsvegen bygd/opprusta. Når det vart køyrande med bil eller traktor var det naturleg at Langedalsbrua vart bygd oppatt slik at også den var køyrande med traktor. På Langedalsgjeret har nokre av bruka innom elva heimesætra, og der hadde dei og skogteigar. Sætrehusa frå tidlegare tiders aktivitetar er no for det meste nedramla.

Einebakkelva og Brubakkelva

er to sideelvar på vestsida av Storelva. Einebakkelva kjem frå området ved Lauvhaugen og vert kalla Sætreelva høgare oppe i terenget. Brubakkelva er same som Heidaelva, som er det offisielle namnet og er nytta på kart i området. For å koma til slåttemark og skogsmark for bruka på Bøen måtte desse elvane kryssast. Einebakkelva hadde to bruer ei i Øyna og ei på Einebakken. Desse var oppmura på kvar side i elveløpet og dekt med to tre steinheller, sameleis for begge bruene. Sist i 1970-åra vart brua på Einebakken erstatta med eit grovt betongrør. Det var ein del av oppgradering og nybygging av veg til dyrkingsfelta vidare fram i dalen. Over Brubakkelva er brua som er der i dag høgre oppe i elva enn i tidlegare tid. Då låg den om lag rett sørom reina mellom Einebakken og Øyna. Veit lite om korleis den brua var bygd men reknar med at det var steinheller som låg på oppmura brukar. Seinare vart brua flytt lenger opp og det var ei betongplate lagt på oppmura brukar. Brua som er der i dag vart utvida for traktor sist på 1970-talet. Det hang saman med dyrkingsprosjekt vidar sørover.

Lettbru

over Øggardselva vart sett opp i Myrane på 1980-talet. Det var for å stimulere til turgåing rundt bygda. Kvar helg ser ein at det er nokon som nyttar seg av dette. Før 1930-talet var endå ei bru over elva. Den var i bruk til fram mot 1940 åra. Den gjekk over Joledalselva på Bøbruka si side av haggaren. Det var ei trebru med ei lita åpning så berre småfe kom igjennom. Denne var nytta når sauene skulle til eller frå fjellbeite. Der brua var er i dag utvaska etter mange flaumar som har vore i vassdraget, så alle spor er vekk.

Bruene

er eit stadnamn i terenget øvst i Heidaelva. Der var oppmura brukar og om dekke var treplank eller steinheller veit ein ikkje. Brua var berekna på småfe, men er i dag for lengst nedramla. Likevel er namnet Bruene fortsatt i bruk. Sjå også: Løypestrengar i Høydalen

Bilde frå bruer i Høydalen

Kjelder

«Frå eit langt liv» av Per Aarviknes, opplysningar om oppgangsager. Notater etter Lars H. Høydal, om Geilabrua.


  Bruer i Høydalen er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.