Bruheim (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenker oppslagsordet)
m ({{nn}})
Linje 52: Linje 52:
[[kategori:Garder]]
[[kategori:Garder]]
[[Kategori:Luster kommune]]
[[Kategori:Luster kommune]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 26. jan. 2016 kl. 09:55

Bruheim
Bruheim.JPG
Bruheims-bruka (t.v. og i midten) og Kveabakken (t.h.)
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 192

Bruheim (Luster, gnr. 192) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Åsen og i nord mot Bjørk.

Husstandane under Bruheim sokna fyrst til Kreken skule. Etter at vegen gjennom Gardsgjølet stod ferdig i 1915, vart krinsgrensa endra slik at Bruheim sokna til Sperle skule. Unntaket var dei nordlegaste bruka på Stegen.

Bruk

  • Bnr. 1 Bruheim - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Bruheim - den 7.10.1852 vart det opphavlege bruket delt i to jamstore bruk
  • Bnr. 3 Moen - rydda som husmannsplass kring 1833 som ein del av naboplassen Stegen 2. Under garddelinga i 1852 kom Moen under bnr. 2, og 23.9.1881 vart plassen fråskild
  • Bnr. 5 Kveabakken - rydda som husmannsplass kring 1830, frå 1852 plass under bnr. 2. Frådelt 20.-21.9.1901
  • Bnr. 6 Stegen, fråskild bnr. 1 den 9.9.1935

Husmannsplassar

Det har vore sju husmannsplassar under Bruheim:

  • Frydenberg - rydda kring 1780, plass under bnr. 1, nedlagd kring 1859
  • Porten (Svartholet) - truleg rydda kring 1830, plass under bnr. 1, frå 1852 under bnr. 2, nedlagd kring 1870
  • Kveabakken - rydda 1830, plass under bnr. 1, frå 1852 under bnr. 2, fråskild 20.-21.9.1901 som bnr. 5
  • Stegen 1 (Bjørkestegen) - rydda kring 1790, plass under bnr. 1, øydelagd av snøskred kring 1825 og flytt nærare elva, men omstenda er uklare - kanskje i bruk til 1839.
  • Stegen 2 - teken i bruk 1825, plass under bnr. 1, fråskild som bnr. 6 den 9.9.1935
  • Moen - rydda kring 1833 ved at husmannen i Stegen 2 var viljug til å avstå denne delen av plassen, plass under bnr. 1, frå 1852 under bnr. 2, fråskild som bnr. 3 den 23.9.1881
  • Morki - rydda kring 1895, plass under bnr. 3 Moen, nedlagd 1918

Kjelder og litteratur