Bruk av snurpenot, endesnurpe/øyresnurpe

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:13 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Timann». «Timann» har fått slepar på «Rolf» og slepar pent unna så nota held forma medan ein «snurpar inn»
«Holsvik-loddebåten» der notbas Lars Holsvik leitar etter ein passeleg «lopp» å kaste på
MB «Rolf», «nota går»
MB «Rolf». «Ringen er slutta», no gjeld det «å få botn i nota»

Bruk av snurpenot, endesnurpe/øyresnurpe: Dette er jakt på same måten som same notlaga tidlegare har drive i uminnelege tider med landnot.


Notbasen i loddebåten går eit stykke framom notbåten og leitar etter ein passeleg slump / lopp med sild eller brisling å setje på. På notbåten er beskjeden «kvar til sitt» gitt, karane er på plassane sine og skal sjå til at setjinga glir lett når ordren «set» eller «la nota gå» blir gitt.


Notbasen gir teikn (normalt er dette at basen retter ut begge hendene, men når der låg mange notlag og vakta både på fisken og kvarandre måtte spesielle teikn avtalast. Døme: Basen held ei fyrstikkeske i høgre handa, blir denne sleppt på sjøen er ordren gitt): Set.


Ein høyrer nokre tunge slag frå semidiesel-motoren før turtalet på motoren og farta på båten aukar. «Løys øyrebåten», ein må ha litt fart for å få systemet til å virke. Båten er festa slik på notenden at den legg seg på tvert. Det blir ein rykk i notenden og nota glir ut (nota går).


Det blir gått ut ein ring rundt loddebåten. Bereknar skipperen godt tek ein fast i øyrebåten når siste notende glir ut av dekk. Loddebåten set stamnen i sida på notbåten og styrer litt medan ting går seg til. Slepebåten går inn og får slepar ombord og byrjar forsiktig på sin jobb, å halde notbåten rett i høve til nota.


No er det viktig «å ile langsomt». Nota må få søkke så den står rett i sjøen, ein ser det på «kavlen» / korken når nota står rett. Så må ein la notbåten drive litt inn i midten så «barmenota» får danne ein fin boge på begge sider, dette for å få fisken til å gå i ring i nota. Fisken går mot notveggen, svingar til ei av sidene, fyl notveggen ut i ene barmen og mot midten att, den går i ring. Ein unngår at den søkjer til opninga under notbåten.


No legg ein snurpewiren i blokkene på på «snurpedaviten» og begge wirendane på «koppen» på det motordrivne spelet og dreg snurpewire frå begge endar til alle snurperingane er på rekka. Så spolar ein snurpewiren inn på «snurpewirerullen» og låser ringane. No er det «botn i nota», den dannar ein pose.


Ein legg opp «suta» (notrullen ein tek inn nota over) og byrjar å ta inn not. Fisken er berga, om ein ikkje har fått for stort kast, då kan nota søkke. Spennande, det er berre forbokstavane. Det var vanleg å slepe fangsten til land og setje den «i lås» i ei «stengjenot» eller ein «pose» i påvente av levering.


Ovanfor er beskrive eit tidsbilete omlag mellom 1930 0g 1970. Vidare har utviklinga i bruk gått i to retningar grunna lettare not (nylonnot) og auka mekanisering (2012):

I fjordane brukar ein endesnurpe og landnot frå båtar på 30 - 30 fot med ei lita kraftblokk på med godt reultat. Desse stadbundne og nokre få litt større notlag driv kyst- og fjordfiske med slik reidskap "sånn i det små". Ein kan dermed oppleve å sjå stengeposar med sild og makrel stå langs land i fjordane framleis.

For større havgåande fartøy er bruken utvikla og automatisert fram til i dag (2012) der alt føregår frå fartøyet med nota på. For lenge sidan er øyrebåten bytt ut med drivanker, suta er bytt ut med kraftblokk, slepebåten er bytt ut med sidepropellar på hovedfartøyet og fisken går direkte i kjøletankar gjenom fiskepumpe.



Kjelder og informantar: