Brunkeberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 11. feb. 2014 kl. 13:57 av Cnyborg (Samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Kviteseid Brunkeberg kirke.jpg|Brunkeberg kyrkje.|Anne Brit Borgen (2008)}} '''Brunkeberg''' er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Brunkeberg kyrkje frå 17...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunkeberg kyrkje.
Foto: Anne Brit Borgen (2008)

Brunkeberg er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark.

Brunkeberg kyrkje frå 1790 er soknekyrkje for Brunkeberg sokn. Rett ved bygda finn ein St.Olavkjelda, som framleis er ein stoppestad på pilegrimsvegen mot Trondheim.

Av kjende personar frå Brunkeberg kan nemnast Sterke-Nils, eigentleg Nils Olavsson Langedal, som vart født i Brunkeberg omkring 1720 og vart kjent i Seljord og Kviteseid som ein særs sterk kar. Maren Ramskeid budde truleg på Sandland i Brunkeberg då Magnus Brostrup Landstad skreiv ned hennar versjon av Draumkvedet.

Den fyrste lærarskulen i Noreg, Kviteseid Seminar, låg frå starten av på Kosa i Brunkeberg. Seminaret vart i 1846/1847 flytt til Sundbygdi.

Kjelder

Koordinater: 59.43463° N 8.48305° Ø