Bygdebok for Lesja/2 - tilleggsopplysningar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. des. 2009 kl. 10:34 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 2: ''Gards og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn'' (utgjeve 1992). Gje ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 2: Gards og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn (utgjeve 1992). Gje opp referanse til gard, bustad, familienummer og sidetal og kjelde for informasjonen.

Søre Brennjord (3-3), s. 398

Gjeld tredje barnet til Marit og Håken, Peder f. 1775. Han står som elles ukjent. Men Ragnar Standal[1] med bygdeboka for Voll bd III som kjelde gir han att lagnaden til Per:

Anders T. Sæbø, fødd i Måndalen 1766, var både skreddar og spelemann. I februar 1794 kom ein 18-årgamal gut frå Lesja, Per Håkensson Brennjord, til han i skreddarlære. I snøbrøyta strauk dei over Lågfjellet til tresfjorden for å få seg oppdrag, men der fanst ikkje oppdrag, der heller, og dei måtte snu attende - berre med ei brennevinsflaske som niste.

«På Tjønnhaugane greidde ikkje ung-guten meir. Han Anders bar han på ryggen aldri så langt, til dei kom neri Stavassbakken. Då orka han ikkje børa meir, la guten frå seg, og sprang til venås etter hjelp.» Då hjelpa kom fram, var guten død. Folket hans på Lesja sende sommaren etter ei vakker utskoren fjøl til gravminne, og toppstykket av denne vart seinare festa på lemen i gamlekyrkja.

Kjelder

  1. Standal, Ragnar 1996: Vegar før vegar var II. Fjelleier på Sunnmøre og Romsdal s. 79