Bygdebok for Lesja/3 - tilleggsopplysningar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. jun. 2020 kl. 14:21 av Hattrem (samtale | bidrag) (→‎Ommundgard (1-8), s. 707: Oppistugu, Sønstebø (2-4), s. 720)
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 3: Gards og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn (utgjeve 1996). Også retting av faktiske feil kan leggast inn her. Gje opp referanse til gard, bustad, familienummer og sidetal og kjelde for informasjonen, og følg siderekkefølga i bøkene.

Klukkstad (1-5), s. 19

Her har det falt ut at Marit f. 1725 truleg kom til Motterud (1-7). Systera Guro var truleg på Avdem nokre år, sjå Ukjente Avdem (25-2c).

Prestgarden (1-3), s. 36

Gjeld barna til Marit og Jens. Dei hadde iflg. Stian Herlofsen Finne-Grønn[1] seks barn, av desse to Anne (Anna). Den eldste var gift med soknepresten i Grytten Jørgen Nielsen Marstrand og dermed mor til kona til soknepresten frå 1639, Sigvart Munk.

Prestgarden (1-5), s. 36

Gjeld sokneprest Sigvart Engebretss. Munk. Han var iflg. Stian Herlofsen Finne-Grønn[2] son til Marit Olsd. på Hovin i Fåberg. Ho igjen var dotter til Ola Larss. frå Blakar i Lom.[3]

Sigvart sin son Anders fekk barn med Brit Andersdotter i Fanne (Bolsøy) tinglag ca. 1692.[4]

Prestgarden (1-17), s. 39

Ein god del tilleggsinformasjon om familien til sokneprest Edvard Kraft i Kristiansand på arkivportalen.no.

Prestgarden (10-2), s. 46

Gjeld Anne, som gjekk til altars 1733–34 og 1736–38: Ei «Anna Guttorms D: Præstegaarden» var fadder til eit barn frå Grytten, døypt i Lesja kyrkje i 1734 (sjå òg Kleivstugu, Stuguflotten, 7-1).[5]

Gjeld Hans, som gjekk til altars 1733–35 og 38: Ein «Hans Olsen Præstegaarden» var fadder ved same dåpen.

Gjeld Jakob Nilss., som gjekk til altars 1733 og 1735–39: «Jacob Nilsen Præstegaarden» var òg fadder ved dåpen i 1734.

Hågås-Tande (1-4b), s. 52

Barn av Tore Jespersen er oppgitt i skifte etter Kari Toresdatter Myren i Saksumsdal i Fåberg 11 april 1777 http://arkivverket.no/URN:sk_read/25175/156/ , som ble arvet av søsknene: 1. Jesper, 2. Jørgen Skomaker oppholder seg på Kongsberg, 3. Syver, 4. Anne g.m. Erik Ulateig, 5. Mari gift og 6. Jøa g.m. Ole Grimstad i Lom.

Sammenholdt med bind 3 blir barna:

1. Jesper ca1722- se boka. 2. Jørgen Skomaker begr. 29 mars 1784 på Kongsberg, 65 år. Sønn Søren konf. 7 apr 1771 Kongsberg. 3. Anne, se Nordre Ulateig bind 3 s.334-336 først gift 1747 m. Hans Olsen ca1710-1762 (skifte) gift andre gang m. Erik Fredriksen Ulateig 4. Kari født ca. 1723 begr. 10 mars 1777 i Fåberg, 54 år 5 uker gammel, gift 17 jan 1761 med Christen Tostensen fra Ormerud i Saksumsdal ca1715-1797, på Myren i Saksumsdal i Fåberg. 5. Mari 1725-? gift i Lom, sannsynligvis trolovet 7 jun 1745 med Tosten Jonsen Malaug. 6. Syver 1727-28 7. Syver 1729- se boka. 8. Jøa 1732- begr. 17 okt 1773, 40 år, gift 20 juni 1763 med Ole Olsen Grimstad i Lom (g. 2 1776 m. Anne Olsdatter).

Rekkefølgen på de 4 første barna er usikker, flere er nok født før 1722.

Søre Stor-Tande til 1828, s. 92-94

Her har det nok falle ut informasjon om at garden må ha vore lensmannsgard nokre år kring 1770. Peder Christian Frausing vart beskikka som lensmann 5. juli 1769[6] og det alminnelege sommertinget vart i alle fall 10. juni 1771 halde på lensmannsgarden Stortande, m.a. med lensmann Frausing tilstades[7] Frausing er heller ikkje nemnt i bygdeboka, men han og kona var m.a. fadder ved ein barnedåp i 1771.[8]

Sørpå Tande (19-2), s. 114

Gjeld barn nr 2, Syver f. 1852 og familien hans i Amerika. På Slektsforum har det kome mange opplysningar om familien, dei 11 barna og fleire etterkomarar.

Aur-Tande (20-1), s. 115

Barn nr. 1, Jakob Olsson Klukkstad, var i 1788 tiltalt for tjuveri i Molde, og foreldra er nemnde i tingboka: https://www.digitalarkivet.no/rg20090429360923

Hallsteins-Tande (21-3), s. 117

Meir informasjon om barn nr 4, Hans f. 1804, i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Holsbrekka (8-4a), s. 183

Kona til Ola Engebretss. må ha vore ei Sigrid, og dei var gift eller i alle fall forlova i 1728 da ho var fadder i lag med han og syster hans (Sigrid Engebretsd. f. ca 1684) ved dåpen til Eli (Elen) Larsd. Gongstad 2. juni 1728.[9] Farsnamnet hennar kan ha vore Guttormsd., for ei med det namnet gjekk til altars frå Holsbrekka 1732-33, sjå Ukjente / uplasserte s. 199.

Holsmyre (10-1a), s. 186

Gjeld barn nr 1, Erik f. 1766, kf. 1874, «elles ukjent». Det kan vere han som døydde ved påsketider 1786 i Kristiansund, losjerande hos Fredrik Andersen på Nordlandet.[10]

Holsgrinde – Holen (28-1), s. 198

Anne var truleg ei Knutsdotter. Ved ein dåp i 1734 (sjå Kleivstugu, Stuguflotten, 7-1), innførd i kyrkjeboka for Grytten, står ein av fadrane som «Anna Knuds D: Holsgrinden».

Flågåstadhågån (5-7), s. 214

Thore f. 1873 reiste til USA ein tredje gong i 1916.[11]

Systugu, Hattrem (5-3), s. 236

Ola Sevaldsson vart truleg fødd ca. 1658 på Sætra i Norddal.[12] I eit skifte på Nerhus frå 1762 er ein Ole Sævaldsen nemnd. Han var død, men hadde tre born i live: Jon, Ola og ei dotter, som alle budde i Oppland.[13][14] Dette stemmer med Ola Sevaldsson på Hattrem.

Systugu, Hattrem (5-4), s. 236

Barn nr. 4, Iver (eller farbroren med samme namn, sjå 5-3 her), fekk sonen Anders med Gjertrud Andersdotter i 1744 på Devoll i Grytten.[15][16] Denne Iver tente da hos Jakob Andreas Eg i Molde.

Nigard Hattrem (7-7c), s. 245

Kona til Peder, Maria Elsabeth Zinke, død 1809 49 år gamal, gravlagt i Moss.[17]

Martinlykkja, Hattrem (19-2b), s. 254

Familien til Mari og Jakob i folketeljinga 1910 for Vanylven.

Øvre Øye, Hattrem (21-1b) s. 256

Meir informasjon om barn nr 2 Mari f. 1802 i denne tråden i Debattforum.

Hauje (1-13), s. 266

Det rette namnet på brukarkona var nok Anne Femmer Bie eller By(e).[18] Ho var fødd i Kristiansund i 1748.[19]
Sjølv om brukaren fekk skøyte frå mora i 1755, var det ho som eigde garden da ho døydde (skifte 1777).[20]. Carl enda som losjerande på Frisvoll,[21] men døydde i Molde i 1791.[22] Ved skiftet etter han eit par år seinare var sonen Andreas (Anders) einaste arving (sjølv om fleire barn levde), men buet var uansett fallitt.

Sili (1-9b), s. 303

Gjeld heile familien til Guri og Kristoffer. Dei flytta til Leka i Nord-Trøndelag kring 1764, var i Lesja att nokre år kring 1770 (og kanskje 1780) før dei kom attende til Leka. Omfattande drøfting på det gamle Brukarforumet, Digitalarkivet nr 50305.

Svånåmyre, Sili (24-2), s. 317

Gjeld nr. 5 Anton f. 1874, gift 1896 i Oppdal[23] med Guro Pedersd. frå Håkårslykkja f. 1862. Dei emigrerte til USA og var i 1903 busette i Westbrook, Minn.[24]
Nr. 6 Olianna f. 1877 vart konfirmert i Rennebu i 1893, og utvandra til Colman i Sør-Dakota i 1902.

Nistugu Kårbø (3-8), s. 346

Utdjupande artikkel om barn nr 1, Wilhelm f. 1811.

Utheim, Augard (6-3), s. 369

Om Ola Skotte f. 1893.

Bestingen, Augard (8-3), s. 369

Noko meir informasjon om Mari og barna i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Bøbakken (16-5), s. 400

Om Christian Bøbak f. 1891.

Jerkenhaugen, Bø (19-5) s. 403

Simahaug-bruka s. 433-436

Trykkfeil: referansar til kvar bruka ligg på kart skal vere side 379.

Nedre Simahaugen, Selsjord (8-5b) s. 434

Anne Syversd. var i Lesja i 1865 og som vi kan sjå, med ei dotter Kari Bårdsd. 14 år gamal, f. i Eikesdalen. I kyrkjeboka for Nesset finn vi fødselen hennar i 1852 her (nr 9), og faren var ungkar Bård Erikss. frå Utigard. Kari vart så konfirmert i Ålesund i 1867, men må ha kome attende til Lesja der det truleg var ho som var på Nørdre Håkåstadlykkja i 1875. Kari g. 1879 i Os, Hedmark med Anders Anderss. Kvigstad f. 1859 i Vestre Toten. Dei reiste til Dalton, Minnesota over Oslo i 1886. Kari var jordmor.[25]

Hovauk (1-8c), s. 446)

Meir informasjon om Ola i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Hovaukholen, Solstad m.fl. s. 447, 449, 453 og, 455

Trykkfeil: referansar til kvar bruka ligg på kart skal vere side 379.

Hovaukholen (Øvre) (2-2) s. 448

Meir informasjon om barn nr 3 Tore f. 1800 i denne tråden i Debattforum.

Holåk (1-8), s. 463

Barn nr. [3], Ingeborg, vart i 1798 gift i Bolsøy med Ola Larsson Ellingsgard.[26] I 1801 var dei husfolk med jord i Leirgrovvik.[27]

Tjukholen, Holåk (10-3) s. 471

Barn nr 3, Cathrine Hedevig Orning, budde på Frostad hos kompanisjefen i Kvam (Nord-Fron) i 1801 med 20 riksdaler i pensjon.[28]

Folldalshågån, Holåk (11-1) s. 471

På Slektsforum[29] er denne familien drøfta. Det er nokså sannsynleg at vi finn Jørgen og Guro som plassfolk på Eidem i 1801.[30]

Hogsten, Holåk (13-1) s. 473

Barn nr. 6, Guri, 1845, kom til Trondheim, gift i domkyrkja 25.7.1869 med Martinus Olss. Hustoft (far frå Oppdal), 1843-1909. Dei får tre barn som døydde utan etterkomarar. Guri døydde 20.6.1882 og vart gravlagt på domkyrkjegarden. Bustaden da var Apotekerveita 12.[31]

Oppistugu Håkåstad (5-5) s. 486

Drøfting av kven Pål Sveinss. f. ca. 1736 var i denne tråden i Digitalarkivets debattforum. Oppfølgjing i denne tråden.

Nordistugu Hådi (13-7b) s. 519

Veterinær Ole Fretheim frå Ringebu flytte ikkje til Aurskog, men til Blaker, som på den tida framleis var del av Aurskog kommune (men som no ligg i Sørum kommune). Han busatte seg på eigedomen Solheim i stasjonsbyen Blaker. Sjå artikkelen om han for namn til dei tre borna han fekk der i bygda.

Nylendet, Bottem (9-2a), s. 571

Gjeld barn nr 1, Hans f. 1847. Han fekk i 1875 sonen Haakon Teodor, døypt i Bodin[32]. Meir om denne relasjonen på Brukarforum, Digitalarkivet nr 78547.

Søre Tråsådalen, Rolstad (8-2) s. 622

Gjeld fyrste barnet til Anne og Klemet, Knut Trosdahl. Han var òg lensmann i Lom 1788-1792 før han kom til Vågå. I Lom budde han og familien på Låkånes og Nordgard Stamstad.[33]

Rolstadbrue – Brustugu, Rolstad (10-1a), s. 625

Barn nr. 7, Guri, høyrer ikkje heime her, sjå Nigard Bottem (5-9).

Runningshaugen, Rolstad (40-1), s. 644

Det var ikkje barn nr. 5, Anders (f. 1857), som kom til Nærem i Tresfjord, men syskenbarnet Anders Olsson (f. 1850).[34] Sjå Bygdabok for Dovre (b. 1, s. 268, 12/3-1) og Tresfjord I (s. 647).

Oppistugu Nørstebø (5-9) s. 660-61

Gjeld barn nr 2, Guri, f. 1926. Ektemannen hennar, Torbjørn Hoff, var f. i Sel 1915[35], ikkje 1919. Han døydde i 1997 og ho i 2005, og dei er gravlagt Søndre Høland i Aurskog-Høland[36]

Flate, Nørstebø (16-1) s. 672

Gjeld barn nr 5, Hans f. 1816. Han kom til Nord-Noreg, busette seg på Skarvøya ved Alstahaug. Denne tråden i Slektsformum har mykje informasjon om han og familien han fekk utanfor Lesja.

Skogen, Skålgård (4-1), s. 685

Kona var ikkje Marit Toresd. frå Kongslykkja (f. 1772), men halvsøstera med same namn (f. 1779).[37]

Skogen, Skålgård (4-2), s. 685

Gjeld barn nr 2, Marit f. 1836. Meir informasjon om ho og etterslekt i denne tråden på Brukarforum på Digitalarkivet.

Ommundgard (1-8), s. 707

Barn nr. 1 vart døypt i 1745 som Eric Amundgaards (son) Lars[38] og jordfesta i 1746 som Lars Ericsen Amundgaard[39]. Dermed var han vel ikkje barn av Engebret, gift 1747.

Kan Lars ha vore son av Erik Toresson (1-8b)?

Oppistugu, Sønstebø (2-4), s. 720

Jakob brukte Indre Siem i Eid i Romsdal frå 1714.[40][41] Garden var øyde i 1724.[42]

Stor-Joramoen til 1864 (1-5b), s. 741

Gjeld barn nr 3, Hans f. 1837. Vi finn han att med familie i Fauske i folketeljinga frå 1910. Og han døydde i mars 1922 etter å ha vore "oppsynsmann" i Sulitjelma.[43]

Søre Joramoen (5-4), s. 746

Gjeld barn Leif Inge Evjen, han var f. 1959.[44]

Vesl-Stugu - Joratun, Joramoen (13-3a), s. 760

Om Hans H. Joramo f. 1884. Hans og Johanne gift i Trondheim 12. juli 1927.[45] Som vi ser var Johanne f. på Enebakk.

Røyrslette, Joramoen (73-3b), s. 776

I 1900 var familien til Juliane og Halvor i Hauggata 40 i Kristiansund. Same året var Lovise tenestjente i Politimester Bendiksens gate same by og i 1910 var Lovise gift og busett med mann og fire barn i Nansens gate.

Smiubakken, Joramoen (80-2a), s. 781

Dotter til Ola frå før han gifta seg med Marit, Eli f. 1830, vart gift i Vestre Toten i 1856 med «Ungkar og skorstensfeier Oluf Olsen» frå Østmark sogn i Värmland, 25 år gamal. Dei budde på Nesterud.[46]

Heilt ukjente / uplasserte

I dette avsnittet plasserer ein personar som ser ut til å ha budd i Lesja, men som ein ikkje finn nemnde i bygdeboka og der bustaden er ukjent.

Peder skulemeister og kona Anne fekk to born:
1. Mildri, 1733-?[47]
2. Ågot, 1735-?[48]

Ein Peder Jenss. og ei Anne Pålsd. vart trulova 17, p Trin. 1730 i Verkskyrkja og vigd same stad 2.1.1731.[49]

Kjelder

  1. Norsk slektshistorisk tidsskrift nd 1 (1927) s. 10
  2. Norsk slektshistorisk tidsskrift nr 1 (1927) s. 9-10
  3. Bygdabok for Lom bd. 2 s. 501.
  4. Romsdal sorenskriveri, tingbok 1690–93. Statsarkivet i Trondheim, 1A 02 (fol. 41 b)
  5. Grytten prestegjeld, ministerialbok 1725–63. Statsarkivet i Trondheim, 544 A01 (s. 51, 10. søndag etter trinitatis)
  6. Permanent sidelenke til tingboka for Nord-Gudbrandsdalen nr 10 pag. 137
  7. Permanent sidelenke til tingboka for Nord-Gudbrandsdalen nr 10 fol. 309b.
  8. Permanent sidelenke til dåp 14 p. Trin. 1771, Mons. og Madame Frausing er fadrar
  9. Permenent sidelenke til kyrkjeboka s. 42, nr 2 ovafrå.
  10. Møre og Romsdal fylke, Kristiansund by, Skifteprotokoll , 1785-1800 pag. 58a høgre side på oppslaget. Buregistreringa er datert 18. januar 1787.
  11. Emigranter over Kristiania 1871-1930 på Digitalarkivet.
  12. Sunnmøre prosti, manntall 1664–66. Riksarkivet, RA/EA-4070/J/Ja/Jab/L0026 (s. 466, nr. 17)
  13. Sunnmøre sorenskriveri, skifteprotokoll 1761–63. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-0005/3/3A/L0020 (fol. 636 b)
  14. Norddal bygdebøker. Leonhard Tafjord, Ættebok for Norddal. Bind V. Del II: Muldal–Årset. [Norddal kommune, Sylte] 1997. Ajourført av Terje Linge (s. 796). Ikkje alt som står der er rett, sjå òg http://kjellovehattrem.com/g0/p134.htm#i13378
  15. Grytten prestegjeld, ministerialbok 1725–63. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/544/L0568 (s. 121. https://media.digitalarkivet.no/kb20070904610353)
  16. Romsdal sorenskriveri, tingbok 1740–49. Statsarkivet i Trondheim, 1A 12 (fol. 132 a/b). Meir om Gjertrud: http://kjellovehattrem.com/g0/p138.htm#i13758
  17. Østfold fylke, Moss, Ministerialbok nr. I 3 (1779-1814), Døde og begravede 1809, side 268-269, øvst til venstre. Vart merksam på denne i Slektsforum.
  18. Ole Nygaard, «Slektsmysterium i Vingelen løst», Genealogen: medlemsblad for Norsk Slektshistorisk Forening: 15. årgang, nr. 1. Norsk Slektshistorisk Forening 2001. ISSN 0807-2191 (s. 66)
  19. Kvernes prestegjeld, Kristiansund sogn, ministerialbok 1739–54. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/572/L0839 (s. 124)
  20. Romsdal sorenskriveri, skifteprotokoll 1774–82. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-4149/1/3/3A/L0010 (fol. 335 a)
  21. Romsdal sorenskriveri, skifteprotokoll 1789–1802. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-4149/1/3/3A/L0012 (fol. 119 b)
  22. Molde kirke, regnskap 1780–1805. Statsarkivet i Trondheim, H019.4.5 (fol. 76 b)
  23. Permanent sidelenke: Sør-Trøndelag fylke, Oppdal i Oppdal, Ministerialbok nr. 678A11 (1895-1911), Ekteviede 1896, side 194, nr 16.
  24. E-post frå Inger Bjørnaas, Rennebu historielag, 9.4.2012.
  25. Information in e-mail from Marilla Schenk, Saskatoon, Saskatchewan, Canada, 17. febr. 2012.
  26. Bolsøy hovudsokn, ministerialbok 1795–1821. Statsarkivet i Trondheim, 555 A02 /1 (fol. 121 a, nr. 3)
  27. Bolsøy prestegjeld, folketelling 1801. Riksarkivet, RA/EA-4070/J/Jd/L0049 (fol. 416 a, Leergrovigen, 7. familie)
  28. Frostad i Kvam i 1801-teljinga
  29. Slektsforum Fræna
  30. Eidem, Aukra 1801
  31. E-post 2004 med datoar.
  32. Skanna klokkarbok for Bodin nr 801C04.
  33. Heim og bygd 1993 s. 51, Bygdabok for Lom bd. 3 s. 225 og bd. 2 s. 458. Sjå òg
  34. Vestnes prestegjeld, Sylte sogn, ministerialbok 1872–86. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/541/L0545 (s. 104, 1886, nr. 7)
  35. Permanent sidelenke, klokkarbok Sel I 1894 - 1923, døypte 1915, nr 6.
  36. DIS-Norge Gravminner i Norge.
  37. Gunnar Kaas og Arnfinn Engen, Bygdabok for Dovre: gardar, hus og folk. Frå Hjerkinn til Hjelle. Gnr. 1–18, 78 og 79. Arnfinn Engen og Dovre kommune, Dovre 2003. ISBN 82–7847–087–1 (s. 81, 84)
  38. Lesja prestegjeld, ministerialbok 1732–76. Statsarkivet i Hamar, SAH/PREST-068 (s. 297, 13. søndag etter trinitatis)
  39. Lesja prestegjeld, ministerialbok 1732–76. Statsarkivet i Hamar, SAH/PREST-068 (s. 312, nr. 3)
  40. Karl Myskja, Bygdebok for Eid. Rauma kulturstyre, [Åndalsnes] 1987: s. 171. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015082448201?page=174
  41. Romsdal sorenskriveri, pantebok 1731–45. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-4149/1/2/2C/L0002: fol. 41 a. https://www.digitalarkivet.no/tl20081001650300
  42. Romsdal fogderi, matrikkel 1724. Riksarkivet, RA/EA-4070/N/Nb/Nbf/L0153: fol. 57 b, mnr. 258. https://www.digitalarkivet.no/ma20090819670059
  43. Melding i Dunderlandsdølen 13. mars 1922 s. 2
  44. Dødsannonse GD 11.12.2018.
  45. Permanent sidelenke til kyrkjeboka, vigsla nedst på sida.
  46. Gjøvik og Toten slektshistorielag: Vigde i Vestre Toten prestegjeld 1856-1861 på Digitalpensjonatet. Ved å klikke på Lenke i kolonna for sidenr kjem ein direkte til sida i skanna kyrkjebok der vigselen står.
  47. Permanent sidelenke til kyrkjeboka, introduksjon sjå neste side.
  48. Permanent sidelenke, intoduksjon, sjå øvst neste side.
  49. Permanent sidelenke. Dette kan vere dei same.