Byglandsfjord

Byglandsfjord er ein tettstad i Bygland kommune i Setesdal. Staden ligg på omlag 200 moh. ved sørenden av Byglandsfjorden, og har namn etter denne. Det er omlag 370 innbyggjarar (2012).

Byglandsfjord stasjon
Foto: Ferdinand Køhn (Nasjonalbibliotekets bildesamling)

Tettstaden vaks fram som eit kommunikasjonssenter på byrjinga av 1900-talet. Her måtte ein skifte frå land- til vanntransport, for Byglandsfjord stasjon var endestopp for Setesdalsbanen. Jernbanelinja er nedlagt, men stasjonsbygningen er bevart, og her finn ein no biblioteket. Utafor ser ein tydelig perrongane, nokre meter av jernbanesporet og fundamenta til dreieskiva som vart nytta når toga skulle snu. Stasjonen er freda, og var kommunens tusenårsstad.

Det går ikkje lenger vanleg rutebåt på fjorden, men D/S «Bjoren» går på sommaren i ruta Byglandsfjord - Bygland - Ose.

Kjelder

Koordinater: 58.66614° N 7.81309° Ø