Byttestykket (Fedje gnr 168 bnr 23)

Byttestykket var eit småbruk i Fedje kommune.

Byttestykket
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 23

Som nemnt i innleiinga under Børo, vart dette bruket oppretta i 1875 då Børo vart delt i tre delar. Byttestykket ligg mellom Børo og Brotet. Matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 15 øre. Arnold Kahrs (Kremmarholmen gnr 169 bnr 2-1) fekk skøyte på det etter delinga. Han skøytte det vidare til Endre Andersen i Vika (gnr 168 bnr 28-14) i 1898 for 400 kr, slik at det vart drive saman med det bruket, sjå der for eigarar/brukarar. Det har etter 1900 vorte frådelt tomter på det området som vert kalla Børhaugen.


Fedje komm.svg Byttestykket (Fedje gnr 168 bnr 23) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Børo • Neste bolk: Børhaugen