Capitaine des armes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. des. 2011 kl. 13:11 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Capitaine des armes var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa i 1747 og erstatta med kommandersersjant.<ref>Chr...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Capitaine des armes var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa i 1747 og erstatta med kommandersersjant.[1] Nemninga er fransk og kan omsetjast med den som har ansvaret for våpentenesta ved kompaniet (stell, vedlikehald og lagring), kanskje òg opplæring i bruken saman med dei andre underoffiserane.

Graden ser ikkje ut til å ha vore i bruk ved dei nasjonale (utskrivne) avdelingane før inn på 1700-talet, kanskje innført i samband med Store nordiske krig.[2] Men ved dei gevorbne (verva) avdelingane ser den ut til å ha vore brukt i alle fall frå kring 1660.[3]

Referanser

  1. Christophersen s. 11
  2. Eige arbeid med militære ruller frå 1. Oplandske nasjonale infanteriregiment frå 1662 til ca 1813.
  3. Søk på ‘Armes’ i Ovenstad på nett gir stort sett berre treff på offiserar som har hatt graden ved teneste i verva avdelingar. Men ein får òg m.a. treff på Jens Rolandsen Bagge, som var Capitain des armes ved Trondhjemske nasjonale infanteriregiment i 1659. Da er det nemnt at graden vart sløyfa ved regimentet i 1661.

Kjelder og litteratur

  • Christophersen, Bjørn: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo 1978.
  • Ovenstad, Olai 1948: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18- januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk Slektshistorisk Forening.