Cembalo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Cembalo (1778) av Shudi & Broadwood (London) med veneziansk svellverk. Brukt i Oppland. Instrumentet vart gjeve til Norsk Folkemuseum i 1898.
Foto: Haakon Michael Harriss (publ. 2014).

Eit/ein cembalo (frå Mal:It. clavicembalo), tidligare gjerne kalla klavicymbel o.l. (jf. Mal:Ndl. klavecimbel) og clavecin (frå Mal:Fr.), er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir danna av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire ulike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal, som er instrument med klaviaturet på eine langsida og strengene på tvers av tangentane; spinett, som er oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene; og klavicyterium, der strengene er loddrette.

Cembalo

Det vanlige cembaloet, bl.a. kalla Clavicymbel, Klavzimbal eller Klavſimbal i eldre skandinaviske tekster, har flygelform og strengene går parallelt med tangentane. Eit cembalo kan ha éit register (ein streng per tone), men har vel så ofte to eller tre register. I Kortfattet Muſikalſk Lexikon (Kiøbenhavn 1801)[1] står det om dette instrumentet:

Klavzimbal er et Klaveret ikke ganſke uligt muſikalsk Instrument, og hører egentlig til Flygelen. Men deels formedelſt ſin lettere og tydeligere Toneangivelſe, deels formedelſt den ſtærkere Lyd fortjener det at foretrækkes Pianoforte og andre med Hamre forſynede Inſtrumenter, naar man blot undtager, at det formedelſt et nøjere Tilſyn og en god Befjedring er noget møjſommelig at holde iſtand. Man har een- to- tre- og fleerkorige af dem. Det Eenkorige kalder man Spinet. Naar de ere tre- eller fleerkorige, have de ſom ofteſt til Forandring tvende eller flere Manualer eller Klaviaturer.

Virginal

Klaviaturet på eit italiensk virginal bygd av ingeniør Tor Schaug-Pettersen i Trondheim. Legg merke til at strengene ligg på tvers av klaviaturet. Merk òg omfanget, som berre går eit halvtrinn under C.
Foto: Olve Utne (2018).

Eit virginal er eit cembalo der strengene går på tvers av tangentane. Virginal er ofte rektangulære, og klaviaturet kan vera innfelt eller utlagt. Dei to mest kjente typane virginal er det flamske virginalet, som stort sett alltid er rektangulært og med innfelt tastatur, og det italienske virginalet, som oftast har utlagt tastatur og varierer i form mellom rektangulært og ymse polygone former. Virginala er mykje meir kompakte i forma enn vanlige cembalo og har på grunn av både kompakt form, relativt rimelig pris og oftast moderat lydstyrke vore særleg populære som heimeinstrument. I samband med tidligmusikkrørsla frå 1900-talet av har virginala vore populære av dei same grunnane, og i tillegg fordi prefabrikerte byggjesett av virginal er ein av dei enklare typane cembalo å byggje for nevenyttige amatørar.

Spinett

Spinett frå ukjent stad på Norsk FolkemuseumBygdøy.

Eit spinett er eit cembalo der strengene er skråstilt i forhold til klaviaturet. Spinett er oftast meir eller mindre trekanta i form. Som virginala er spinetta småe, kompakte og relativt billige instrument med moderat lydstyrke og eignar seg godt som heimeinstrument. I ein del fall var spinetta oktaverande (4') Spinett var særlig populært frametter 1700-talet. I Kortfattet Muſikalſk Lexikon (Kiøbenhavn 1801)[1] står det:

Spinet, Spinetto, er et lidet med Metalſtrænge betrukket Inſtrument, ſom ſtemmer en Qvint eller Oktav højere end Kortonen. Det er et lidet ſædvanlig kun eenkorigt Slags Flygel- eller Klavſimbal, paa hvilket Strængerne ere trukne ſkraa, nemlig fra højre til venſtre Haand.

På 1800-talet, da cembaloinstrumenta gikk heilt av moten, vart det etterkvart vanlig å seie spinett om taffelpiano.

Cembalobyggjarar i Skandinavia

Norge

Sverige

Danmark

Cembalistar i Norge

Referansar

  1. 1,0 1,1 Wolf, Georg Friederich: Kortfattet Muſikalſk Lexikon ſammedraget af Kapelmeſter Georg Friederich Wolf, fordanſket efter det andet, forbedrede og forøgede Oplag ved T. Møller, Candid. juris. Kiøbenhavn : E.F.J. Haly's Forlag, 1801. e-bok på nb.no