Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. jan. 2021 kl. 10:17 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «kategori:sørasiater» til «Kategori:Sørasiatisk historie og kultur»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Moskéen i Åkebergveien 28b i 2007.
Foto: C. Hill

Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission, populært kalla World Islamic Mission (WIM) er den største muslimske meinigheita i Norge med 6 000 medlemmer.

WIM er ein landsdekkjande religiøs organisasjon for muslimar og tilhører Ahle sunnah wal jama’a (folket av sunnah). Vidare er WIM ein ideell, religiøs, demokratisk og partipolitisk uavhengig organisasjon. De offisielle språka i WIM er norsk og urdu.

WIM er tilslutta ein internasjonal religiøs organisasjon. Vidare arbeider bevegelsen for å bevara profeten Muḥammad sin sunna. Bevegelsen WIM fungerer som ei plattform som koplar eit nettverk av moskéar kring i verda samen.

Grunnleggaren av World Islamic Mission var Allama Shah Ahmad Noorani Siddiqi, kjent som Noorani Mian; han var son av den kjente lærde og sufiinspirerte maulana Abdul Aleem Siddiqi.

Historie

Moskéen i Åkebergveien sommaren 1995.
Foto: Olve Utne

WIM vart etablert i oktober 1984 av muslimar med pakistansk bakgrunn som den fjerde muslimske meinigheita i Oslo. Dei første åra heldt de til i gamle lagerlokale i UrtegataGrønland. Etter nokre år flytta WIM til lokale etter den nedlagte Vahl videregående skole. Opphaldet i dei gamle klasseromma vart kortvarig, og meinigheita flytta til BorggataTøyen etter tre år. Det vart etterkvart planlagt bygging av eigen moské i Oslo, og omsider fikk meinigheita eiga tomt i Åkebergveien 28b på Grønland. Grunnsteinen vart lagt fredag den 12. april 1991, men det nye moskébygget var klart for innflytting først i 1995.

Moskéen i Åkebergveien

Moskéen i Åkebergveien har eit bruttoareal på 1260 m² fordelt på tre etasjar, galleriet og to minaretar. Det er plass til 1500 personar i moskéen; dermed er han den nest største i heile Norge.

Moskébygninga har til no kosta WIM over 25 millionar kronor. Mesteparten av finansieringa har komme som bidrag frå medlemmene av WIM og frå statlig medlemsstøtte. I tillegg til å ha bidrege med pengar, har medlemmene vore med på dugnadsarbeid der inntektene etter arbeidet har tilfalle WIM.

Sjølv etter innflyttinga i den nye moskébygninga i 1995 har det vorte arbeidd og og blir framleis arbeidd for å utsmykke moskéen. Veggene, både på utsida og innsida, er pynta med fliser frå Iran og Spania. Kalligrafi frå al-Qur’ān (Koranen) er eit sentralt motiv på flisene som fasaden og veggen framme i hovudsalen er pynta med. Flislegginga er i hovudsak utført av iranske ekspertar.

I tillegg til den nemnte pynten er golvet i hovudsalen dekt med eit stort persisk teppe. Ei lysekrone frå Tyrkia er montert i hovudsalen.

I januar 2000 søkte meinigheita om lov til å kalle til bøn frå minareten i Åkebergveien.[1] Etter endelig løyve frå fylkesmannen vart det sett i gang med adhan éin gong kvar fredag frå april 2000.[2]

Galleri

Rolle i samfunnet

WIM Norge er ei muslimsk meinigheit. I tillegg til å vera ein religiøs organisasjon er WIM òg ein sosial organisasjon. WIM har teke på seg å gje muslimane i Noreg ein stad der dei kan be. I tillegg skal WIM fremme islamsk filosofi og koranlæra blant medlemmene sine og feire dei historiske og religiøse hendingane i islām.

Dei fleste medlemmene er muslimar av pakistansk opphav, men moskéen er open for alle muslimar. I tillegg er dørene opne for ikkje-muslimske grupper som ønskjer å komma i dialog med meinigheita.

For å realisere dette tek imamen i WIM imot norske skuleklassar og delegasjonar frå organisasjonar og andre trussamfunn. Han svarar på spørsmål og gjev informasjon om islām til dei besøkjande. Imamen har òg hatt fleire møte med norske prestar for å betre samarbeidet med Den norske kyrkja.

Moskéen er medlem i paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge.

Fotnotar

  1. Width, Terhi: «Decibel Størm: Oslo’s impending holy war of sound» i Helsingin Sanomat, 26. mars 2000.
  2. Vintervoll, Lene: «Øker lydnivået, men bare litt» i Aftenposten 01.11.00 kl. 10:45

Kjelder

Lenkjer

Koordinater: 59.910456° N 10.773966° Ø