Ḥanukka

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Chanukka»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ḥanukkiyya (ḥanukkalampe) av gresk-sefardisk type på 7. kvelden av ḥanukká.

Ḥanukká, òg skrive chanukka, chanike m.m., er ei jødisk lyshøgtid som blir feira i åtte dagar kring nymåne i desember — frå solnedgang ved slutten av 24. kislév. Dagen blir feira til minne om atterinnviinga av Tempelet i Jerusalem etter at hasjmonearane under Yehudá hammakkabbí hadde teke det tilbake frå det hellenistiske selevkidriket. Det blir hovudsakleg fokusert på oljeunderet: Det blir sagt at det berre fanst att nok olivenolje til å halde ner tamid (menoráen, den sjuarma lysestaken) gåande i éin dag, og det trongst åtte for å ha tid til å presse ny olje; men oljen brann i åtte dagar. Dagen blir feira ved at ein på kvar av dei åtte kveldane tenner hanukkalys i ein ḥanukkiyya — ei oljelampe eller ein lysestake med åtte hovudlys og eit (eller to) tenarlys. Første kvelden tenner ein eit lys pluss tenarlyset, og så eit meir per kveld fram til alle blir tent på den åttande kvelden.

I samband med lystenninga blir det sunge to (første kvelden tre) velsigningar for lystenninga, og deretter som regel fleire songar. Det blir servert mat steikt i olje, og i somme tradisjonar òg mjølkemat som for eksempel semulepudding. I nyare tid har det vorte vanleg å gje kvarandre gåver.

Bildegalleri

Ḥanukkalamper

Oljelamper

Lysestakar

Mat

Kjelder og lenkjer