Christen Andersson Ormbergstøl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(kategorisplitting)
Linje 23: Linje 23:
{{DEFAULTSORT:Ormbergstøl, Christen}}
{{DEFAULTSORT:Ormbergstøl, Christen}}
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Personer fra Luster kommune]]
[[Kategori:Personer]]
[[kategori:Luster kommune]]

Sideversjonen fra 16. apr. 2013 kl. 09:30

Christen Andersson Ormbergstøl (døypt 16. september 1798, død 27. januar 1849) var gardbrukar i Jostedalen, Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Han var nedst eldste son av gardbrukar Anders Andersson Ormberg (ca 1766-1835) og Gunnhild Andersdotter (1778-1857) frå Sperla.

Det var eldstesonen Anders som fekk ta over heimebruket Ormberg (bnr. 3), så Christen fekk festesetel på husmannsplassen Ormbergstølen alt 20. desember 1813. Han fekk likevel ikkje ta over plassen før den dåverande husmannen døydde eller sa opp plassen, så Christen rakk aldri å bli husmann. Den 27. oktober 1826 fekk han skøyte på plassen som sjølveigar hjå broren Anders. Han fekk ta over plassen mot at husmannen fekk kårbrev (1828).

Christen gifte seg 30. juni 1829 med Kari Eriksdotter (1811-1899) frå Nedre Myklemyr.

Christen var sentral i bygdestyringa i Jostedalen. Me finn han som formannskapsmedlem i Jostedalen frå kring 1840 og ei årrekkje framover. Både sonen Anders og sonesonen Kristen vart seinare ordførarar i ein lang periode.

Christen og Kari fekk ti born i lag, og sju av dei voks opp:

  • Anders Christenson Ormbergstøl (1829-1917), gardbrukar og ordførar, far til ordførar Kristen Andersson Ormbergstøl
  • Erik Christenson (1831-1930), som utvandra til Amerika
  • Anna Christensdotter (1836-1930), som vart innerst- og husmannskone
  • Henrik Christenson (1841-1927), som vart husmann
  • Gunnhild Christensdotter (1843-etter 1899), som utvandra til Amerika
  • Eli Christensdotter (1845-1935), gardbrukarkone på Ormberg
  • Ole Christenson (1848-1922), som utvandra til Amerika

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 87-90. (Digital utgåve, NBdigital)