Christian A. Hjelter

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 26. jan. 2018 kl. 21:49 av Siri J (Samtale | bidrag) ({)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Chr. A. Hjelter.
Foto: Fotograf ukjent.

Christian Amundsen Hjelter (fødd i Skjåk 28. mars 1850, død same stad 1926) var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar i bygda i to periodar, 1882-1883 og 1892-1893. Han var radikal venstremann i 1870- og 1880-åra, sidan moderat og etter kvart konservativ i politisk standpunkt. Han bygde opp Pollfoss som skysstasjon og hotell, og var særs aktiv i det offentlege livet i kommunen heilt til det siste.

Familie, oppvekst og ungdom

Nedre Hjeltar.
Foto: Hans P. Hosar

Han var son av gardbrukarparet Amund Ivarsen frå garden Grimstad i Skjåk og Kari Kristiansdotter Hjeltar. Dei hadde overteke garden Nedre Hjeltar etter foreldra hennar, der Christian altså vaks opp.

Frå 1870 og i fire-fem års tid frametter var Hjelter i Amerika, der han mellom anna hadde arbeidd som kontorist i ein fylkesadministrasjon (hjå ein ”county-skrivar”).

Hjelter gifta seg i 1875 med Magnhild Rolvsdotter frå Sygard Kvåle i Skjåk. Dei fekk 11 born saman, fødde i tidsrommet 1876-1899.

Yrkesliv

Hjelter overtok og dreiv Nedre Hjeltar etter foreldra sine. I 1890 fekk skysstasjons- og gjestgiveriløyve på Pollfoss, i nærleiken av der garden hadde seter. Behovet for stasjonen var fyrst og fremst basert på turisttrafikken. Det var køyreveg til Grotli fjellstove frå slutten av 1870-åra. I 1889 vart vegen over fjellet til Geiranger opna, og i 1894 var Strynefjellsvegen også ferdig. Hjelter utvida verksemda på Pollfoss og bygde eit nytt hotell der, som stod ferdig i 1896.

Garden vart ganske tidleg overdrege til eldste sonen Louis, medan Christian og Magnhild sjølve dreiv Pollfoss inntil to-tre år før han døydde. Da vart turiststaden overdregen til dottera Kristine og svigersonen Robert H. Bøye.

Hjelter var på mange felt ein modernisator i bygda. Han skal ha vore den fyrste som brukte kunstgjødsel, og han tok i bruk moderne landbruksreiskap. Han gjekk tidleg inn for å byggje eit tidsmessig foredlingsanlegg for tømmeret i bygda. Sjølv skaffa han seg bil i 1914 eller før, kanskje som den fyrste i bygda.


Politikk og anna samfunnsengasjement

Hjelter i hestedrosje på Unter den Linden, Berlin, eit av dei siste åra han levde.
Foto: Ukjent

Chr. A. Hjelter stod saman med Ole Sivertsen Hyrve i spissen for venstrekreftene i bygda frå 1870-åra av. Før stortingsvalet i 1882 (”riksrettsvalet”) hadde Hjelter parsellert ut ein jordbruksmessig verdilaus del av garden sin og skøytt parsellane over til ti forskjellige personar. Dei fleste av desse hadde så bygsla bort desse parsellane til atter andre, slik at det med eitt slag var blitt 18 nye menn med stemmerett i bygda. Dette var eit klårt døme på det såkalla myrmannsvesenet som venstrekreftene tok i bruk i denne harde politiske stridstida. Hjelter var ordførar i bygda på det tidspunktet. Same året vart det skipa skyttarlag i bygda, med Hjelter som ein av innbydarane og som fyrste formann. I 1884 vart det stifta venstrelag. Ein forløpar til dette var Skjåk folkevennforening frå 1870-åra, som Hjelter også hadde vore leiar for.

Enno i 1891 vart Hjelter rekna som ”rein venstre” til skilnad frå det meir konservative Moderate Venstre som hadde brote ut av partiet i 1888. Men ”alt da Hedemarks-Konow for her i 1893 var Hjelter moderat vorten”, heiter det i ein nekrolog over han. Ved stortingsvalet 1894 stilte Hjelter saman med sin tidlegare argaste politiske mostandar, kirkesanger Lund, som valmann på liste for Høire.

Hjelter sat i kommunestyret i periodane 1880-1886, 1892-1896, 1902-1908. I styret for Skjåk Almenning sat han det meste av tidsrommet 1877-1897. Han hadde elles ei mengd verv i det offentlege og i organisasjonslivet.


Kjelder og litteratur

  • Bruheim, Mathias: Skjåk ålmenning 1798-1948, Skjåk Ålmenningsstyre 1969.
  • Gudbrandsdølen: Nekrologar over Chr. A. Hjelter 7.1., 14.1. og 15.1.1926.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3.
  • Ættebok for Skjåk, band I side 47.
  • Christian A. Hjelter i Historisk befolkningsregister