Christian Bastholm Heltberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pastor Heltberg.
Foto: Ole Tobias Olsen

Christian Bastholm Heltberg (fødd 26. juli 1809 i Bjørnør i Fosen, død 17. oktober 1871 i Romedal) vart student i 1830 og tok teologisk embetseksamen 15. september 1836. Heltberg vart utnemnd til personleg kapellan i Stange 30. mars 1836.

Prest i Jostedalen

2. august 1846 heldt Heltberg si fyrste gudsteneste i Jostedal kyrkje etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jostedalen 29. november 1845.[1] I Heltberg si tid vart dei økonomiske tilhøva i sokneprestembetet mykje ordna. Heltberg fekk gardbrukarane til å binde seg og etterkomarane til å betale smørtienda in natura, ikkje i pengar slik det hadde vore sidan 1802 i forliket som presten Johan Henrik Lind fekk i stand. Viktigare var det likevel at ein kongeleg resolusjon 22. april 1852 slo fast at soknepresten årleg skulle motta 200 spesidalar frå Opplysningsvesenets fond. Prosten i Indre Sogn, som var sokneprest i Aurland, medverka kraftig til å få denne ordninga i stand.[2]

Som dei to forgjengarane var Heltberg ordførar i Jostedalen. Han avløyste Lars Tøgerson Kronen i det ordinære ordførarvalet 20. januar 1847 og vart attvald så lenge han var i bygda, siste gongen 8. januar 1853. Men berre ein månad etter fekk han eit nytt prestekall, og 13. juni 1853 overtok viseordførar Johannes Halvorson Vamberg ordførarvervet.[3]

Gardbrukar og formannskapsmedlem Anders Andersson Haugen møtte som setjeordførar på amtsformannskapet sommaren 1850 fordi Heltberg var oppteken med bispevisitasen 4. august same året.

Nesset og Romedal

Heltberg heldt avskilstala si i Jostedalen 10. juli 1853 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Nesset 8. februar same året. 29. september 1858 vart han òg prost i Romsdal prosti. 14. mai 1864 vart han så sokneprest i Romedal der han budde resten av livet.

Notar

  1. Kallsboka, fol. 33b. Lampe 1896, s. 6, og Øyane 1994, s. 336, skriv at han vart utnemnd 29.10.1845
  2. Kallsboka, fol. 33b, jf. Øvregard 2010, s. 185-186
  3. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 38a, 49a, 61b, 72b og 74b (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur og kjelder


Forgjengar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ole Christian Rasch 


Forgjengar:
 Lars Tøgerson Kronen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Johannes Halvorson Vamberg