Christian Bastholm Heltberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Christian Bastholm Heltberg (fødd 26. juli 1809 i Bjørnør, Sør-Trøndelag, død 17. oktober 1871 i Romedal) vart student i 1830 og tok teologisk embetseksamen 15. september 1836. Heltberg vart utnemnd til personleg kapellan i Stange 30. mars 1836.

Prest i Jostedalen

2. august 1846 heldt Heltberg si fyrste gudsteneste i Jostedal kyrkje etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jostedalen 29. november 1845.[1] I Heltberg si tid vart dei økonomiske tilhøva i sokneprestembetet mykje ordna. Heltberg fekk gardbrukarane til å binde seg og etterkomarane til å betale smørtienda in natura, ikkje i pengar slik det hadde vore sidan 1802 i forliket som presten Johan Henrik Lind fekk i stand. Viktigare var det likevel at ein kongeleg resolusjon 22. april 1852 slo fast at soknepresten årleg skulle motta 200 spesidalar frå Opplysningsvesenets fond. Prosten i Indre Sogn, som var sokneprest i Aurland, medverka kraftig til å få denne ordninga i stand.[2]

Som dei to forgjengarane var Heltberg ordførar i Jostedalen, fyrst i perioden 1847-1849, og så 1851-1852.

Nesset og Romedal

Heltberg heldt avskilstala si i Jostedalen 10. juli 1853 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Nesset. 29. september 1858 vart han òg prost i Romsdal prosti. 14. mai 1864 vart han så sokneprest i Romedal der han budde resten av livet.

Notar

  1. Kallsboka, fol. 33b. Lampe 1896, s. 6, og Øyane 1994, s. 336, skriv at han vart utnemnd 29.10.1845
  2. Kallsboka, fol. 33b, jf. Øvregard 2010, s. 185-186

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ole Christian Rasch 


Forgjengar:
 Lars Tøgerson Kronen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Anders Andersson Haugen 


Forgjengar:
 Anders Andersson Haugen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Johannes Halvorson Vamberg