Christiane Fugellie

Christiane Fugellie, fødd Heede, var fødd i Hundborg herred i Thisted amtJylland 8. januar 1792, og døydde i Hetland (nå Stavanger kommune) 31. mars 1869. Ho var den fyrste styraren for Stavanger barneasyl frå 1843. Der starta ho salsproduksjon av sydvestar, ei verksemd som sonen Johan Peter Fugellie utvikla til ei stor protoindustriell bedrift i andre halvparten av 1800-talet. På sine eldre dagar slutta Christiane seg til kvekarsamfunnet i Stavanger.

Bakgrunn og familie

Christiane var dotter til Christen Andersen Heede (1760-1812?) og hustru Frederica Juliane f. Freistrup (1761- ca. 1844). Christiane var nummer to i ein søskenflokk på i alt sju. Faren var urmakar. Familien slo seg til i Nykøbing Mors på Jylland da Christiane var eit par år gammal. Christiane og den fire år yngre broren Niels Christian kom som barn eller unge til onkelen sin i Arendal, Conrad Heede, som også var urmakar. Gjennomgådde kjelder har litt motstridande opplysningar om omstenda kring og tidspunktet for dette. På Vestagdermuseet sine nettsider står det at faren Christen Heede døydde berre 43 år gammal, og at borna vart sende til onkelen da.[1] Det tilseier året 1803, Men nettstaden Geni.com oppgjev farens dødsår til 1812.[2] Da var Christiane 20 år gammal, Niels Christian 16.

Christiane Heede gifta seg i Kristiansand den 7. april 1815.[3] Ektemannen var handelsbetjent Johan Peter Johnsen (ca. 1788-1825), også han fødd i Danmark, i Nykøbing, der altså også Christiane vaks opp. Han vart seinare inspektør for fattigvesenet i Kristiansand. Da Johan Peter døydde etter ti års ekteskap, hadde paret fått fem born. Ein av dei var den seinare kjøpmann, publisist, stortingsmann og statsrevisor Johan Christian Johnsen

Den 19. mars 1829 gifta Christiane seg på nytt med skipsførar og kjøpmann i Kristiansand Thor (Thore) Olsen Fugellie (1794-1854). [4] Dei fekk fire born saman, deriblant bonde og fabrikkgründar Johan Peter Fugellie (1829-1908).

Stavanger barneasyl og sydvestproduksjonen

På byrjinga av 1840-talet hadde familien flytta til Stavanger, der Christianes eldste son Johan Christian på det tidspunktet var blitt ein veletablert kjøpmann og kjend offentleg person. Christiane vart i 1843 utnemnd som styrar for Stavanger barneasyl, som da var nyoppretta. Asylet, som heldt til i det som i dag er Asylgata 10, var ein dagheim for born med fattige mødrer som var i arbeid. Christiane vart løyvd 150 speciedalar årleg mot å halde "Lys og Brænde, samt å tilsette en medhjelperske i virksomheten".[5] Ho var ei tid i Bergen for å studere verksemda ved det barneasylet som tidlegare var etablert der.Snart kom kunne asylet dagleg ta i mot om lag 100 born. Familien Fugellie budde i ei leilegheit i asylbygningen.

På 1850-talet byrja Christiane å produsere sydvestar ved barneasylet. Eilert Sundt skriv om dette i 1867: «for 10 til 12 år siden begyndte hun at sy sydvester, og med hjælp af de ældste børn til at sy og af manden til at olje drev hun det til 3-400 stykker om året.»

Etter barneasylet

Sydvestproduksjonen ved asylet heldt visst på berre eit par års tid. Christiane vart enkje i 1854, og ikkje lenge etter det slutta ho ved asylet og flytta ut til sonen Johan Peter Fugellie på garden Leikvoll i Randaberg. Der tok ho og sonen opp sydvestproduksjonen i større skala (sjå artikkelen om sydvestfabrikken på Leikvoll og i Stavanger.) I folketeljinga 1865 bur Christiane og sonens familie framleis på Leikvoll.[6] Men i 1868 kjøpte Johan Peter Fugelli garden Nybø nær Lervik på «Hetlandsmarken» (nåverande Kvitsøygt. 18?) der det vart bygd ein ny verkstad for sydvest- og oljehyreproduksjonen. Familien flytta dit, og det var der Christiane Fugellie døydde.

Referansar

Kjelder og litteratur