Christopher Bruun: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 97: Linje 97:
Bruuns motstand mot republikanisme og parlamentarisme kan ein seie toppa seg i hans protest mot unionsoppløysinga. Elles var eit hovudargument for han at brotet med Sverige ville auke faren frå aust. Hans skandinavistiske haldning var intakt frå den gongen han stilte som frivillig i den dansk-tyske krigen i 1864.
Bruuns motstand mot republikanisme og parlamentarisme kan ein seie toppa seg i hans protest mot unionsoppløysinga. Elles var eit hovudargument for han at brotet med Sverige ville auke faren frå aust. Hans skandinavistiske haldning var intakt frå den gongen han stilte som frivillig i den dansk-tyske krigen i 1864.


== Det mannlege og det kvinnelege ==
=== Det mannlege og det kvinnelege ===
...
...



Sideversjonen fra 29. jan. 2013 kl. 08:03

Mal:Thumb høyre Christopher Arnt Bruun (fødd i Christiania 23. september 1839, død i Gausdal 17. juli 1920) var folkehøgskulepioner, prest, samfunnsdebattant og venstrepolitikar. Han har hatt sterk innverknad på den venstrenasjonalistiske rørsla i Noreg, slik det har ytra seg fyrst og fremst gjennom den grundtvigianske folkehøgskulen, den frilynte ungdomsrørsla og i partiet Venstre. Både hans sterkt gammaltestamentleg influerte teologi og hans sterke engasjement for forsvarssaka, var også ein viktig inspirasjon for ei viss mannlegdomsdyrkande og folkevæpningsorientert militarisme frå 1880-åra av.

Bruuns bok Folkelige Grundtanker (1878) vart eit ideologisk manifest for desse straumdraga i norsk kultur- og samfunnsliv, og har verka mykje til å forme utbreidde forestillingar om kva det vil seie å vere norsk. I skuleverksemda si følgde Bruun Grundtvigs og den danske folkehøgskulens pedagogiske idear.

Som teolog og prest heldt han klår avstand til både grundtvigianismen på den eine sida og til pietismen og den johnsonske vekkjinga på den andre sida. Som politikar kom Bruun i opposisjon til den radikale, republikanske delen av Venstre. I 1905 stod han stridt og temmeleg aleine i sitt standpunkt mot unionsoppløysinga.

Livsløpet

Familie

Christopher Bruun var son av Johan Peter Bruun (1810-1843) og hustru Hansine Nicoline Juliane Sybille (Line) fødd Stenersen (1816-1901). Faren var overrettssakførar i Christiania. Han døydde da Christopher var fire år gammal. Allereie som barn fekk Christopher kjennskap til Grundtvigs tankar, særleg den religiøse sida ved dei, da mora var åndeleg sterkt påverka av den grundtvigianske teologen W.A. Wexels.[1] Christopher hadde to sysken, Peter og Thea. Båe syskena døydde med mindre enn to års mellomrom rundt midten av 1860-åra.

I 1872 vart Christopher Bruun gift med Kari Skard (1851-1924). Ho var fødd og oppvaksen på garden Skard (Skar) i Øyer. Foreldra hennar var gardbrukarparet Ole Torsteinson Skard (1804-1886) og Mari Johannesdotter Lånke (1814-1894). Kari hadde åtte sysken, av desse er Johannes Skar og Matias Skard særleg kjende.

Christopher og Kari Bruun fekk åtte born. Fem av desse døydde av tuberkolose i ung alder.[2]

Utdanning og ungdomstid

Da faren til Christopher Bruun døydde i 1843, flytta mora med borna til nær slekt i VangHedmarken. Sju år etter kom dei til Lillehammer, der Christopher gjekk latinskulen. Her vart han ven med Johannes Skar, som var medelev ved skulen. Bruun fortel elles sjølv frå skuletida at han vart gripen av ein pietistisk (johnsonsk?) vekkjing som gjekk over dei øvste klassene der.

Da Bruun vart student i 1856, slo familien seg igjen til i Christiania. Han studerte teologi frå 1857, og var ferdig cand. theol. i 1862. Under påverknad av Kierkegaards kyrkjekritiske haldning, nøla Bruun med å ta fatt på prestegjerninga.

Året etter (1863) drog han saman med mora og syskena til Roma. Der studerte han antikken, med særleg interesse for den venleiksdyrkande og samstundes patriotisk offerviljuge og heltedyrkande greske kulturen. Christopher braut opp frå Roma våren 1864 og melde seg til frivillig innsats på dansk side i den dansk-tyske krigen. Han vart dimittert i august det same året, etter at krigen var over i juli. Så kom han heim att til Noreg med eit forsett om å lære det norske folk, og særleg bøndene, å elske sitt eige fedreland. Det var ein ganske militant patriotisme han da og seinare forfekta: «Jeg vendte tilbage fra den danske krig med det brændende ønske, at det maatte gaa an at lære norske bønder den sætning: Det er sødt, og det er hæder at faa dø for fædrelandet.» [3].

I åra 1864-1867 livnærte Bruun seg som lærar ved ymse skular og som privatlærar (manuduktør) for teologiske studentar.

Folkehøgskulen

Christopher Bruun er mest kjend for folkehøgskuleverksemda si, og må seiast å ha vore den viktigaste enkeltpersonen innan den grundtvigianske og norskdomsdyrkande greina av denne rørsla. Det byrja hausten 1867 da han starta skulen på RomundgardSel med 20 gutar som elevar. Da hadde han tidlegare same året reist omkring i Danmark og oppsøkt folkehøgskulane til Kristen Kold i Dalum og Ludvig Schrøder i Askov. Men allereie i 1861 hadde han fått kjennskap til folkehøgskulepedagogikken, da han på eit skandinavisk møte i Christiania hadde samtalar med Schrøder og andre frontfigurar i denne rørsla. Bruun sjølv såg på Ludvig Schrøder som den mest direkte inspirator for si eiga pedagogiske verksemd.[4] Sommaren 1862 fornya han desse kontaktane under studenttoget til Lund og København. Bruun gjorde også studiereiser i Tyskland og Sveits før han starta sin eigen skule. Hans næraste medarbeidarar på Sel var Kristoffer Janson, Kristian Kråbøl og syskenparet Christian og Lina Horne.

Etter eit par år vart det spørsmål om å flytte skulen. Det kom seg truleg både av at det var lite eigna lokale på Romundgard, og at Sel låg etter måten avsides til. Ringebu var Bruuns fyrsteval som ny skulestad. Men etter sterke oppmodingar frå mellom andre gausdølen Per Bø, vart skulen lagd til Østre Gausdal hausten 1871. Den heldt fyrst til på garden Fykse. Frå hausten 1874 hadde skulen tilhald på Bø, men allereie sommaren 1875 kunne den flytte inn i eige, nybygd skulehus som fekk det symbolladde namnet Vonheim. Bruun kjøpte og busette seg på garden Halvorslia der i nærleiken.

Christopher Bruuns folkehøgskule gjorde Østre Gausdal til eit kultursentrum. Kristoffer Janson med familie bygde seg hus og budde der i mange år. Andre lærarar på skulen slo seg også ned der permanent eller for kortare eller lengre periodar, såleis Ivar Blekastad, Matias Skard, Fritz Hansen, Ingvar Bøhn, Olav Åsmundstad og andre. Dette miljøet var også ein hovudgrunn til at Bjørnstjerne Bjørnson kjøpte Aulestad og busette seg i Gausdal. Men etter få år kom det til eit høglydt ideologisk og politisk brot mellom Bruun og Bjørnson. Det botna både i Bjørnsons aversjon mot Bruuns puritanisme i teologi og livsstil, og i politisk usemje, der Bjørnson representerte den radikale og Bruun den moderate fløya av venstrerørsla. Bjørnson la ikkje fingrane mellom da han i 1877 sa seg lei av «langhårede, rød-skæggede, tungt bestøvlede, vadmelskledte pietister og dydsapostler.»[5]

Utover i 1880-åra overlet Bruun mykje av verksemda ved skulen til medarbeidarane. Sjølv brukte han meir tid på foredrags- og publikasjonsverksemd og på sitt politiske engasjement. I åra 1884-1889 gav han ut tidsskriftet For frisindet Christendom.

Prest i Kristiania

I 1893 flytta Bruun og familien til Kristiania. Han var fyrst residerande kapellan og frå 1898 sokneprest ved Johannes menighet, som omfatta utprega arbeidarstrok som Pipervika og Ruseløkka. Bruun kombinerte prestegjerninga med politisk arbeid og anna samfunnsverksemd. Same året som han flytta til Kristiania, grunnla han saman med Thorvald Klaveness tidsskriftet For kirke og kultur. Det vart eit talerøyr for kristent samfunnsengasjement. Bruun var medredaktør fram til 1908.

Det same året som han flytta til Kristiania, 1893, stifta Bruun partiet Centrum. Det var ei austlandsk venstreavskaling som i mange hovudsaker var på linje med det vestlandsdominerte Moderate Venstre frå 1888.

Ideologien

Folkelige Grundtanker

Det viktigaste utgjevne verket frå Christopher Bruuns hand er utan tvil Folkelige Grundtanker, utgjeve fyrste gong på Hamar i 1878. Boka var basert på ein vidgjeten foredragsserie som Bruun hadde halde i Studentersamfundet i 1870, i pionertida for folkehøgskulen. Foredragsserien vart gjentatt i same forum i 1877. Emna for foredraga var meir eller mindre samanfallande med kapitteltitlane i boka (her gjengitt i lett modernisert rettskriving frå ei nyutgåve 1964):

  1. Indledning: Menneskelivet. Aand
  2. Folkehøiskolen og den norrøne gjenfødelse
  3. Svar paa indvendinger
  4. Bondelivets fortrin: legemligt arbeid, tarvelighed
  5. Om latinskolen
  6. Om vort universitet og dets videnskabelighed
  7. Om den herskende dannelsen her i landet
  8. Maalsagen
  9. Kvindesagen
  10. Haab om kristendommens gjenoplivelse
  11. Tillæg: Om det menneskelige. (Tale ved eit folkemøte på Lillehammer 1878.)

Det er ikkje tvil om at Folkelige Grundtanker har øvd sterk innverknad i betydelege delar av norsk kultur- og samfunnsliv i minst eit par generasjonar etter at foredraga vart haldne. Det gjeld innan norskdomsrørsla generelt og monalege delar av den nynorske diktinga spesielt, som hjå Olav Aukrust, Tore Ørjasæter og Kristofer Uppdal. Aller mest direkte har naturlegvis den ideologiske innverknaden frå Bruun gjort seg gjeldande i folkehøgskulemiljøa og den frilynte ungdomsrørsla. Eit uttrykk for det siste er følgjande sitat frå jubileumsskriftet til Gudbrandsdals ungdomslag 1948:

«[Foredraga] verka som ein logande varde-eld, som lyste ut over alt Noregs land - og vekte opp til norsk vilje, mot og framhug! Ja, det var som sjølve den norske folkeånd skulle ha fått munn og mæle - og stod fram og ropte på folket sitt [...]»

Dette var rett nok skrive av Gunnhild Blekastad, dotter av Bruuns elev og nære ven Ivar Blekastad, men kan likevel utan tvil takast som representativt for eit større miljø.

Folkeånd og germansk renessanse

«Ethvert folk har sin folkeaand som er sjælen i dets historiske liv. Den træder frem paa alle omraader af dets aandsliv; den driver alle dets store mænd til deres arbeide og kamp, ligesom de driver de smaa til at følge de store. Det er den som skaber et folks almennyttige indretninger, dets politikk, dets kunst, dets bogværk.»[6]

Heilt sentralt i Christopher Bruuns ideologi står den nasjonalromantiske ideen om at kvart folkeslag har nedlagt i seg ei særeigen, overindividuell folkeånd som set sitt kvalitetsstempel på vedkomande etniske gruppe. Den autentiske folkeånda kan bli korrumpert og neddøyvd av lekamleg og åndeleg usunn livsførsel, og ikkje minst av uheldig framand kulturpåverknad. Men rett nok ikkje all framand påverknad treng vere skadeleg. Eit lysande døme på det motsette er kristendomen. Den var visseleg misjonert til germanarane frå heilt framande folkeslag. Men i staden for å korrumpere, vart kristendomen til den viktigaste krafta til tvert i mot å foredle folkeånda i dei nordiske landa. Og norrønafolket ville nok vite å yte gjengjeld, for: «[...]jeg finder det endogsaa rimelig, at en saadan gjenfødelse af kristendommen, som hele verden uden at vide det sukker efter, vil udgaa fra den norrøne stamme.»[7]. Denne tanken høver godt med ei vanleg brukt oppsummering av dei viktigaste elementa i Christopher Bruuns bodskap: Norskdom og kristendom.

I Bruuns augo var europearane jamt over i ferd med å bli eit «affældig, fortenkt og viljesvekket folkeferd», synkande ned i ein tilstand av oversivilisasjon, dekadanse og mangel på mannsmot. Håpet om berging låg i det som Bruun var overtydd om også heldt på å skje: Det ville kome ein germansk renessanse. «Nordens verdenshistoriske time» var i ferd med å slå, eller meir presist: «paa én gang norrønnastammens og bøndernes time […]».[8] Og det var gode grunnar til å setje sin lit til denne renessansen, for: «[…] denne germaniske stamme er det jo, som nu staar fremst inden menneskeheden. Den indehar foruden vore fattige nordiske lande Tyskland, Holland, England og Nordamerika. Og halveis eier den Frankrig med […] Man kan paa forhaand vide, at den stamme, som har spillet en saadan rolle i kristenhedens historie, alt i sin hedenske tid maa have røbet høie og ædle anlæg. Alle de folkefærd, som har naaet nogen kristelig blomstring, har ogsaa levet et mærkeligt liv, før de blev kristne. Kristendommen har ikke taget vildmandsfolk og ophøiet til hovedfolk inden menneskeheden. De gamle germanere har ikke været zulukaffere.»[9]

Det er sagt at Bruun «i det meste var et medium for Grundtvigs og Herders tanker».[10]. Når det gjeld det teologiske, må tilvisinga til Grundtvig modifiserast i monaleg grad. Men det er utan tvil rett at Bruun på ein kraftig og direkte måte formidla Herders idé om folkeånda og Grundtvigs utbrodering av denne idéen på det «norrøne» (svenske, danske, norske og islandske) folkets vegne. Dyrkinga av den norske, nordiske og germanske folkeånd, med den nødvendige kristne foredling og opphøgjing, har i alle høve openbert verka motiverande og retningsgjevande for standpunkta til Bruun både på det pedagogiske, teologiske og polititiske feltet.

Pedagogikken

Den autentiske folkeånd openberrar seg tydelegast i språket, i nasjonale diktverk (mest umiddelbart i folkediktinga) og i sjølve historia til folket. Dette gjev bakgrunn for Bruuns omfemning av Grundtvigs bodskap om at folkehøgskulen skulle tilby «en historisk-poetisk dannelse paa hjemlig grund».[11] og at morsmålet i alle måtar skulle vere hovudspråket. Bruun gjekk fullt og heilt inn for den nynorske målreisingstanken, enda om han personleg aldri praktiserte bruken av landsmål.

Folkehøgskulepedagogikken representerte eit tredje standpunkt i høve til dei rådande straumdraga i tida, nemleg på den eine sida den moderne realskuletanken som bygde på utiltaristiske nytteomsyn med sakkunnskap i sentrum, og på den andre sida den formalpedagogiske tankegangen med det logikk- og forstandsøvande føremålet som prega den tradisjonsbundne latinskulen. Folkehøgskulen skulle fremje «hjertets dannelse» meir enn sakkunnskapens og forstandens. Undervisninga skulle i alle høve ikkje baserast på pugg og mekanisk tileigning av kunnskapsfag. «Vi frister at lære dem at tænke over livet. Dette er da det første ”fag” ved høiskolen. Det andet er historien. Og flere hovedfag er der ikke end disse to.» [12] «Det levande ordet» var det rådande medium - personleg, munnleg og engasjert formidling av den nasjonale, poetisk-historiske bodskapen.

Pedagogisk stod Bruun for eit syn som seinare tiders reformpedagogar og ikkje minst Steinerskule-lærarar vil kjenne seg att i. «Saa vidt jeg ser, er det af stor betydning for et menneskelivs sundhed, at det faar beholde sin lyse barndom uforstyrret saa længe som mulig».[13] Han skriv ein annan stad at i alle kristne skular vart «Barnenaturen og dens Ret paa det groveste krænket og traadt under Fødder, lige indtil Rousseau kom og gjorde den gjældende».[14].

Teologien

Bruun skilde seg teologisk frå Grundtvig mellom anna i synet på kyrkja som institusjon. Bruun var skeptisk til statskyrkja og til Grundtvigs variant av denne, den nasjonale folkekyrkja. På den andre sida tok Bruun avstand frå Grundtvigs motstandarar på ei anna fløy, nemleg pietistane. Den personlege, innoverskodande vekkjingskristendomen var ikkje noko for Bruun. For han var det ei kristenplikt å engasjere seg fullt og heilt innan også det verdslege samfunns- og kulturlivet. Men Bruun delte med dei fleste pietistane ei streng puritansk innstilling til levesett, og dessutan ei bokstaveleg forståing av helveteslæra. Slik sett skilde han seg også frå Grundtvigs «lyse og glade» kristendom («menneske først, kristen så»).

Bruun fortel sjølv at han fekk ei ny og avklarande forståing av kristendomen ved å fordjupe seg i Det gamle testamentet. Han ovundra dei gamle israelittars krigarmot og deira sans for «fædrenes minde og folkets saga».[15] Bruuns teologi kan med god rett kallast mandig og barsk og med avstand til den konsekvente pasifismen som ein del både kristne og ikkje-kristne tolka inn i Jesu ord om å vende det andre kinnet til. «Man stirrer saa længe paa det "Guds lam", at man glemmer at han like saa vel var "løven i Juda".»[16] I eit foredrag om forsvarssaka 1895 går Bruun til kraftig åtak mot «fredssaka» med teologisk grunngjeving mest med referansar til nettopp Det gamle testamenetet.

Bruuns tankar om kristendom og forsvarssak vann gjenklang i mange venstrenasjonalistars sterke engasjement for folkevæpning. I 1930-åra gav dette seg utslag til dømes i at framståande norskdomsmenn som Lars Eskeland og Nikolaus Gjelsvik støtta opp om Nordisk folkereisning og Norges Leidangs Lag fyrst på 1930-talet.[17] Eit ekko av Bruuns tale om Guds lam og Juda løve, finn ein i venstremilitaristen major Einar Sagens ord frå 1946: «Eg vonar at det norske folket i tide vil leggja seg Jesu ord paa hjarta: "Han som hev kyrtel han selje denne og kaupe eit sverd." Luc: 22,36. Jesus var eit mannfolk. Han var ingen avvæpningssaud, som visse folk vil gjera han til.»[18]

Politikken

Bruun var altså ein ihuga forsvarsven, og væpna trygd mot «faren frå aust» - det russiske trykket mot vest som vart oppfatta som eit trugsmål mot Skandinavia - var ei viktig drivkraft i hans politiske engasjement.

Djupast sett var Noregs atterføding som nasjon det fremste målet for Bruuns politiske verksemd. Det gjorde at han naturleg sokna til venstresida og ikkje til det embetsstandsbaserte og urbant eliteorienterte høgre. Viktigaste føresetnaden for nasjonens nyvakning var å trekkje bøndene inn i styre og stell, for bondestanden var den fremste beraren av den genuine folkeånd. Om det nye, folkelege danningsprogrammet vart realisert, kunne bøndene godt trå inn i stillingar som dommarar, prestar osv., utan at dei hadde den konvensjonelle, «unorske» embetsutdanninga bak seg.

Allereie i Folkelige Grundtanker gav Bruun bod om at det ville vere ønskjeleg med eit parti som korkje skulle dele høgres «bureaukratiske-» eller «vort venstres parlamentariske tilbøieligheder», men som kunne arbeide for bondestandens utvikling. Det skulle vere eit mellomparti som støtta venstre i å innskrenke embetsstandens makt, og høgre i å oppretthalde kongedømet.[19]

Det partiet som Bruun stifta i 1893, Centrum, realiserte denne tanken. Det er blitt karakterisert som eit parti for større gardbrukarar på Austlandet og i Trøndelag. Partiet var proteksjonistisk (for korntoll) og uttrykte skepsis til urbanisering og den aukande kulturelle og politiske innverknaden frå industrien og industriarbeidarklassen. Men Bruuns nære kontakt med arbeidarklassen i hans eigen kyrkjelyd fekk han personleg etter kvart til å søkje eit visst samarbeid med arbeidarrørsla. Han deltok på sosialistiske møte, der særleg likskapstanken appellerte til han.

Bruuns motstand mot republikanisme og parlamentarisme kan ein seie toppa seg i hans protest mot unionsoppløysinga. Elles var eit hovudargument for han at brotet med Sverige ville auke faren frå aust. Hans skandinavistiske haldning var intakt frå den gongen han stilte som frivillig i den dansk-tyske krigen i 1864.

Det mannlege og det kvinnelege

...

Kjelder og litteratur

  • Aukrust, Knut: Artikkel om Bruun i Norsk biografisk leksikon, Kunnskapsforlaget 1999
  • Berggrav, Eivind: Artikkel om Bruun i Norsk biografisk leksikon, Aschehoug 1925
  • Borgersrud, Lars: Vi er da et militært parti...
  • Bruun, Christopher: Folkelige Grundtanker, fyrste utgåve Hamar 1878. Sitata i artikkelen er henta frå ei utgåve ved Bøndenes forlag, Oslo 1964.
  • Bruun, Christopher: Om Freds- og Forsvarssagen, utg. som Flyveskrift fra Norges Forsvarsforening Christiania Kreds 1895, opphavleg foredrag for Norske Kvinders Kroneindsamling til Landets Forsvar, trykt i For Kirke og Kultur.
  • Dahl, Hans Fredrik: Quislingxxx
  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovudoppgåve i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt (Universitetet i Oslo) hausten 1980.
  • Hoel, Oddmund Løkensgard: Mål og modernisering 1868-1940. Norsk målreising II. Samlaget, Oslo 2011.
  • Hosar, Hans P.: Kunnskap, dannelse og krigens krav. Krigsskolen 1750-2000. Oslo, 2000.
  • Mikkelsen, Arild: Grundtvig for begynnere... og oss andre. Fire essays om grunnlagstenking i norsk folkehøgskole. Norsk Folkehøgskolelag og Informasjonskontoret for folkehøgskolen 2002.
  • Styve, Gunnar B.: «Matias Skard, (1846-1927) skulemann og målmann, bibelomsetjar og salmediktar» i I gamle fotefar, Øyer og Tretten historielag 2004.
  • Thorkildsen, Dag: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.

Ikkje-referert litteratur

  • Aukrust, Knut: Fra Vonheim til Vika. Christopher Bruun 1893-1920. 1981.
  • Sletten, Vegard: Christopher Bruun. Einsleg stridsmann. 1986.

Bruuns eigne verk (utval)

  • Folkelige Grundtanker, Hamar 1878. I artikkelen er referert til nyutgåve ved Bøndenes forlag, Oslo 1964.
  • Om Christen-Samfundets Synder, 1881.
  • Venstre-Politiken og Theologerne, 1883.
  • Om Freds- og Forsvarssagen 1895.
  • Om Jesus som menneske, 1897.
  • Til det norske Folk, København 1905.
  • Fri Folkekirke, 1909.
  • Vaagn op! Til Norges Ungdom. Utg. av en varmhjertet forsvarsven, 1913.


Fotnotar

  1. Haugen, R. 1980 side 40.
  2. Sørbø, J.I. 2009:32-33.
  3. Folkelige grundtanker 204
  4. Haugen, R. 1980 side 40.
  5. Her sitert etter Styve, G.B. 2004 side 11.
  6. Folkelige grundtanker side 142
  7. Folkelige Grundtanker side 186
  8. Folkelige grundtanker side 30, 38.
  9. Folkelige Grundtanker side 26-27.
  10. Slagstad, R. 1998 side 94
  11. Folkelige Grundtanker, t.d. side 44
  12. Folkelige Grundtanker side 19.
  13. Folkelige Grundtanker side 4.
  14. Om Freds- og Forsvarssagen side 7.
  15. Folkelige Grundtanker side 209 (i tillegget).
  16. Sitert hjå Berggrav, E. 1925.
  17. Borgersrud, L. xxx, Dahl, H.F. xxx, Hosar, H.P. 2000 side 239jf. Løkensgard Hoel, O. 2011 t.d. side 302-309.
  18. Noregs undergang og atterreising, Oslo 1945 side 89.
  19. Folkelige Grundtanker side 166