Christopher Morgenstierne: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(borna - utfylling) |
m (kategorisplitting) |
||
Linje 26: | Linje 26: | ||
[[Kategori:Futer]] | [[Kategori:Futer]] | ||
[[Kategori:Personer | [[Kategori:Personer]] | ||
[[kategori:Luster kommune]] | |||
[[Kategori:Fødsler i 1619]] | [[Kategori:Fødsler i 1619]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1679]] | [[Kategori:Dødsfall i 1679]] |
Sideversjonen fra 16. apr. 2013 kl. 09:17
Christopher Morgenstierne (Giertsen) (fødd i Bergen 3. januar 1619, død 12. november 1679 i Luster) var fut i Indre Sogn.
Då han vart utnemnd til fut i Indre Sogn i 1640-åra, flytte han til den gamle futegarden Rutlin i Sogndal. Den 2. april 1653 kjøpte han så ein del av garden Flahamar i Luster og vart då den fyrste sjølveigaren på garden. På same tida gifte han seg med Bertha (Berete) Andersdotter, opphavleg frå Fur i Luster.
Ho døydde alt kring 1655, og kring 1657 gifte Morgenstierne seg opp att med bispedottera Birgitte Munthe.
Morgenstierne fekk hand om mykje gods i Sogn, mellom anna mykje av godset etter Apostelkykrkja.
Han fekk ein son med Bertha Andersdotter:
- Peder Hjermann
Christopher Morgenstierne og Birgitte Munthe fekk ni born, mellom anna:
- Wilken Christopherson (f. kring 1654)
- Ludvig Munthe (1657-1708), sokneprest i Vik
- Otto Munthe (1659-1733), sokneprest i Fron
- Birgitte Munthe (1663-1696), gift med oberst Georg Frederik von Krogh
- Elisabeth Munthe (f. kring 1666)
- Ingeborg Munthe (1668-1743), gift med Reier Urdahl, son av Hans Reiersen Urdahl
- Gjert (Gerhard) Munthe (1671-1729)
Kjelder
- Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 44-52.
- «Christopher Giertsen Morgenstierne», The Family of Alf Inge Fagerheim
- «Christopher Giertsen», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
- «von Munthe af Morgenstierne», Store Norske Leksikon