Christopher Morgenstierne

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jan. 2013 kl. 16:01 av Oddloho (samtale | bidrag) (borna - utfylling)
Hopp til navigering Hopp til søk

Christopher Morgenstierne (Giertsen) (fødd i Bergen 3. januar 1619, død 12. november 1679 i Luster) var fut i Indre Sogn.

Då han vart utnemnd til fut i Indre Sogn i 1640-åra, flytte han til den gamle futegarden Rutlin i Sogndal. Den 2. april 1653 kjøpte han så ein del av garden Flahamar i Luster og vart då den fyrste sjølveigaren på garden. På same tida gifte han seg med Bertha (Berete) Andersdotter, opphavleg frå Fur i Luster.

Ho døydde alt kring 1655, og kring 1657 gifte Morgenstierne seg opp att med bispedottera Birgitte Munthe.

Morgenstierne fekk hand om mykje gods i Sogn, mellom anna mykje av godset etter Apostelkykrkja.

Han fekk ein son med Bertha Andersdotter:

  • Peder Hjermann

Christopher Morgenstierne og Birgitte Munthe fekk ni born, mellom anna:

  • Wilken Christopherson (f. kring 1654)
  • Ludvig Munthe (1657-1708), sokneprest i Vik
  • Otto Munthe (1659-1733), sokneprest i Fron
  • Birgitte Munthe (1663-1696), gift med oberst Georg Frederik von Krogh
  • Elisabeth Munthe (f. kring 1666)
  • Ingeborg Munthe (1668-1743), gift med Reier Urdahl, son av Hans Reiersen Urdahl
  • Gjert (Gerhard) Munthe (1671-1729)

Kjelder