Cleng Peerson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Cleng Peerson var medeigar i sluppen «Restauration», som i 1825 frakta den første gruppa av norske utvandrarar frå Stavanger til New York.

Cleng Peerson (fødd 17. mai 1783 i Tysvær, død 16. desember 1865 i Norse, Texas) var ein utvandrarpioner. I 1825 sto han bak den første organiserte utvandringa frå Noreg til USA, etter at han i 1821 hadde reist over på oppdrag frå kvekarane for å undersøkje forholda.

Slekt og familie

Han var son av gardbrukar Peder Larsson (1755–1841) og Inger Sjursdotter (1744–1814).

Den 2. april 1807 vart han gift første gongen i Finnøy med syerske Ane Cathrine Pedersdotter Sælinger (omkr. 1749–1831).

Han vart gift for andre gongen den 3. september 1848 med den svensk-amerikanske tenestejenta Maria Charlotta Jansdotter Dahlgren (1809–omkr. 1849), som var dotter av gardbrukar Jan Larsson og Anna Maria Dahlgren. Ho døydde truleg allereie året etter at dei vart gift.

Cleng Peerson fekk ingen born.

Liv og virke

Han vart fødd på garden Lervik i Tysvær, men vaks opp på garden Hesthammar der faren var leiglending. På gravminnet står det at han vart fødd i 1782, men alle tidlege kjelder peikar mot 1783 som rett år. Det har ikkje latt seg gjere å finne dåpen i kyrkjeboka for Skjold prestegjeld, som Tysvær sokn var ein del av den gongen. Namnet Kleng – seinare nytta han helst Cleng, som passa betre i Amerika – hadde han etter mora sin første ektemann, Kleng Larsen Lervik.

Han vart konfirmert i november 1800, og er oppført som Klein Pedersen Hestehammer, 17 ½ år gammel.[1] Han står med same namnet i folketeljinga 1801.[2] I 1802 var han på sesjon. Han vart målt til å vere 1,62 m høg. På sesjonen bad han om å verte overført frå landforsvaret til sjøforsvaret. Han vart innrullert som marinesoldat, og det ser ut til at han var på tokt utafor Noreg under militærtenesta.

I 1807 gifta han seg som nemnd med Ane Cathrine Pedersdotter Sælinger. Ho var fødd omkring 1749, og var altså rundt 34 eldre enn han. Ane Cathrine var frå Sverige, og hadde vore gift fleire gonger. Ifølgje bygdeboka hadde dei det ikkje godt saman, og budde frå kvarandre.[3] Dei budde som husmannsfolkKingestadhagen. Kleng var snikkar og jekteførar ved sidan av å drive plassen.

Han kom tidleg i kontakt med kvekarane. I 1818 opponerte han mot altargangen i kyrkja, og han viste òg på andre sett sympati med kvekarane, men han vart aldri medlem der. Truleg dro han utanlands kort tid etter kritikken av nattverda. I 1821 drog han over til USA saman med Knut Olson Eide frå Finnøy. Dei var borte i tre år, og vart godt kjende med landet i vest. Mellom anna fann dei eit område ved Lake Ontario i delstaten New York, der det kunne vere mogleg å opprette ein norsk koloni. Då han kom heim i 1824 gav han ein rapport til kvekarane i Stavanger, og dei byrja gjøre klart til ein ekspedisjon.

Cleng Peerson, som han no skreiv seg, reiste føre, og den 4. eller 5. juli 1825 la seglsluppen «Restauration» ut frå Stavanger med 52 utvandrarar om bord. Cleng Peerson eigde sluppen saman med Lars Larsen Geilane. Reisa tok fjorten veker, og med eitt born som vart fødd ombord var det 53 personar som den 9. oktober gjekk i land i New York. Der stod Cleng Peerson klar, og hadde kjøpt eit område til dei ved den noverande byen Kendall i Orleans County. Dei var der i nokre år. I 1833 undersøkte Peerson forholda i Illinois, og dei fleste flytta frå Kendal over til ei ny norsk busetnad ved Fox River i LaSalle County, vest for Chicago, i åra 1834–1835.

Cleng Peerson hadde nok reisa i blodet, og etter fire år ved Fox River la han ut på vegen att. Han kom seg til Missouri, der han grunnla ein ny busetnad i Shelby County. Der bodde han i fleire periodar, mellom anna frå 1843 til 1847. Han var fleire ganger over i Noreg, der han fekk med seg fleire utvandrarar.

I 1847 slutta han seg til det svenske samfunnet Bishop Hill i Henry County i Illinois. Dette var eit kristen-kommunistisk samfunn, der dei svenske utvandrarane eigde alt i fellesskap. Det var her han gifta seg med Maria Charlotta Dahlgren, som var 26 år yngre enn han. Truleg døydde ho under ein koleraepidemi i Biskop Hill i 1849. Cleng Peerson reiste frå Bishop Hill etter dette. Det har vore hevda at han ønska å danne eit tilsvarande norsk samfunn, med felles eigedom, men opplevinga frå Bishop Hill svara ikkje til forventningane. Cleng Peerson skreiv sjølv berre nokre få brev og avisartiklar som er kjend. Han fekk ein del kritikk for å drive amerikapropaganda; utvandringa var omstridt, fordi den tappa Noreg for arbeidsføre folk.

Etter tida i Bishop Hill reiste han attende til Fox River, der han var ein kort tid. Så gjekk ferda til Texas, som hadde vorte ein amerikansk delstat så seint som i 1845. Frå 1850 budde han i Dallas County, og frå 1854 i Norse i Bosque County. Han døydde der i 1865, og vart gravlagd på Our Saviour's Lutheran Cemetery. Der er det reist eit minnesmerke på grava. Det står òg minnesteinar over Cleng Peerson i Tysvær.

Referansar

Litteratur og kjelder