Credo Brass

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. aug. 2011 kl. 09:01 av Kallrustad (samtale | bidrag) (ny kategori (etableringer i 1936))
Hopp til navigering Hopp til søk

Credo Brass kom i gang som eit orkester med messingblåsarar i 1936. Credo tyder Eg trur, og korpset hadde utgangspunkt i det lokale misjonsmiljøet. Korpset kom i gang med seks messingblåseinstrument som misjonær Martin Andestad brukte i Kina, og ein Martin-kornett som Edvard Skotte kjøpte i USA i 1911. Sonen til Edvard, Reidar Skotte, var i 1936 den yngste medlemen i korpset, og 11 år gamle Reidar fekk spele på kornetten til faren.

Reidar Skotte har fortalt at dei fekk øve såpass mykje den første hausten at dei våga å opptre på den årvisse julefesten på Bedehuset. Ingen hadde fortalt dei at dei måtte varme opp før dei skulle spele, og då var det lett å sprekke. Reidar fortel: – Vi knalla åt med ein gong, og eg måtte kike opp i taket på dei høgaste tonane!

Mange av musikarane i Credo Brass er også med i Credo Vokal. Også koret har ein eldre forløpar. Det kom i gang som Brødrekoret om lag på same tid som misjonskorpset vart etablert. Kor og korps var med på sitt første stemne saman i 1938, då dei reiste til Hope-stemnet på Verma. Transporten gjekk på to lastebilar, med nokre sete på lasteplanet.

Korpset hadde pause frå 1941 – 1949, og kom då i gang under namnet Sykkylven misjonskorps. Dei sjølvlærte musikantane fekk instruktørhjelp, og spela mykje etter notar frå Frelsesarmeen sitt repertoar. Etter ein ny pause kom korpset i gang att i 1985, då under namnet Credo Brass. I 2011 har korpset 11 medlemer som møtest kvar måndag for å øve på både korpsmusikk og song. Dei har frå 1985 opptrådt ved mange ulike arrangement i Sykkylven, både ved verdslege konsertar og i samband med kristelege møte og stemne.

Kjelde

  • Sunnmørsposten 10.6.2011