D/S «Sanct Svithun»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Etter å ha blitt angrepet av fly gikk «Sanct Svithun» på Kobbeholmen utafor Ervik i Selje kommune.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010).
Ervik kyrkje vart bygd i 1970 som minnekapell. Skipsklokka heng i tårnet, og ankeret står utafor kyrkja.
Foto: Arnfinn Kjelland (2011).

D/S «Sanct Svithun» var eit hurtigruteskip som vart levert til Det Stavangerske Dampskobsselskab (DSB) i 1927, og som grunnstøtte og sokk etter eit britisk flyåtak i 1943, med tap av kring 55 menneskeliv. Skipet fekk namn etter St. Svithun, som mellom anna er Stavanger sin skytshelgen. Det var på 1376 bruttoregisterronn med ei lasteevne på 734 dødvekttonn. Hovudmaskina var ein Lentz dobbel compound dampmaskin som ytte 1650 indikerte hestekreftar og gav ei toppfart på 14 knop. Det var 182 køyeplassar for passasjerar.

I 1919 gjekk DSB inn i Hurtigruta med D/S «Kong Haakon». Dette skipet var bygd for kystpostruta, og fungerte ikkje optimalt som hurtigruteskip. Selskapet bestilte difor eit nytt skip frå Danziger Werft i Polen. Det vart levert den 1. juli 1927, og gjekk rett inn i hurtigrutetrafikk. I 1931 vart skipet utstyrt med kjølerom for ferskfisk og med radiotelegraf.

Den 9. april 1940 var «Sanct Svithun» inne til sitt årlege verkstadopphald, og «Kong Haakon» var sett inn som avløysa. Etter åtaket på Noreg vart alle avgangar med Hurtigruta innstilt. På sommaren 1940 vart trafikken sett i gong att, og ettersom «Sanct Svithun» hadde kome seg uskadd gjennom krigsutbrotet kunne skipet setjast inn i trafikk att. Fram til hausten 1941 gjekk det i vanleg rute, men då ble ruta kutta i Tromsø på grunn av faren for åtak langs Finnmarkskysten. I Finnmark nytta dei ei erstatningsrute med mindre skip og kuttere.

Den 30. september 1943 var «Sanct Svithun» på sørgåande frå Ålesund i sørvest sterk kuling utafor Stadlandet. Klokka 18:45 gjekk seks britiske bombefly til åtak på skipet. Grunnen var at dei hadde fått opplysningar om at det var femti tyske soldatar ombord. Dette viste seg å vere feil; soldatane hadde gått over i eit anna skip i Ålesund, og det var berre nokre få tyskarar med. Skipet vart usett for både mitraljøseild og bomber.

Tre av fosforbombene trefte skipet, som byrja å brenne. Under svært vanskelege forhold prøvde kapteinen og losen, som var ombord fordi dei var i det vanskelege farvatnet ved Stadlandet, å setje skipet på land. Dei traff Kobbeholmen utafor Ervik i Selje. Framskipet vart hengande på skjæret, medan akterskipet sokk. Lokalbefolkninga rykka ut i to seksæringar, «Titanic» og «Berstadbåte». Dei klarte med fare for eigne liv å redde 77 menneske i land. Av dei overlevande var 29 frå mannskapet og 48 passasjerar. To var tyskarar, resten nordmenn. Av dei kring 55 omkomne skal det ha våre 12 tyskarar. Etter nokre dagar glei skipet av skjæret og sokk.

Etter denne tragiske hendinga nytta tyskarane det mot britane. På dette tidspunktet hadde dei fleste vorte klar over at tysk propaganda ikkje alltid hadde noko med sanninga å gjere, og sjølv om den tyske versjonen ved dette høvet stort sett var rett, var det mange som ikkje trudde på han. Dermed fekk ikkje senkinga av «Sanct Svithun» nokon særleg negativ innverknad på forholdet mellom dei allierte. Det vart frå norsk side åtvara på det sterkaste mot liknande åtak i framtida. Postverket, som sjølvsagd var under nazistisk kontroll, gav ut eit minnefrimerke teikna av Harald Damsleth. Aftenposten trykte eit kors med namna til dei drepne. Nasjonal Samling ville opprette eit minnesmerke, men var redde for eit propagandanederlag om det vart utsett for sabotasje.

I 1970 vart Ervik kyrkje reist som eit minneskapell over «Sanct Svithun». Skipsklokka, som var det einaste som vart redda frå skipet, heng i klokketårnet. Siden den gong har dykkarar redda opp ein del andre ting. Ankeret vart heva i 1990-åra, og står utafor kyrkja. Kapteinen på «Sanct Svithun» frå 1928 til forliset, Samuel Alsager (1890–1961), arbeidde i mange år for å få reiste kapellet, men fekk diverre ikkje oppleve det. Ingen av dei omkomne ligg på Ervik kyrkjegard, som truleg vart oppretta på 1500-talet etter at eit spansk skip forliste der.

DSB sette i 1950 inn eit nytt hurtigruteskip som fekk namnet M/S «Sanct Svithun».

De omkomne

Det var kring 55 omkomne; ein vart aldri heilt sikker på talet. Dei 12 tyskarane som skal ha gått med har vi ikkje namn på. Dei norske omkomne er delt inn i to tabeller, ein for mannskap og ein for passasjerar. Vi har funnet namn på 20 frå mannskapet og 19 passasjerar.

Mannskap

Namn Født Fødestad Bustad Stilling Merknader Bilete
Håkon Mathias Bjørlykke 1923-11-16 Selje Trondheim Postekspeditør
Anna Louise Bjørvik 1902-10-20 Tromsø Trondheim Dampskipspike
Norvald Breivik 1920-10-10 Askøy Fana Fyrbøter
Gudrun Karoline Eliassen 1913-02-07 Tromsø Bergen Dampskipspike
Margit Nilsen Gai 1906-03-14 Nesseby Dampskipspike
Knut Olaf Fredrik Hansen 1899-07-26 Bergen Bergen Dampskipstjener
Alf Øivind Hestvik 1917-08-22 Sørfold Sørfold
Karl Bryndlund Johansen 1909-11-04 Trondheim Laksevåg Donkeymann
Anna Margitt Johnsen 1904-04-17 Balsfjord Balsfjord Dampskipspike
Arne Christian Johnsen 1909-04-05 Stavanger Stavanger 2. styrmann
Benjamin Lilleheil 1897-08-29 Bindal Bergen Matros
John Monsen 1921-02-03 Bergen Bergen Fyrbøter Kom seg på flåte, men omkom og ble funnet en måneds tid senere.
Olav Nessa 1904-02-14 Stavanger Stavanger 1. styrmann
Kristine Emilie Nilsen 1886-03-17 Buksnes Bergen 1. plass-pike
Anton Johan Pedersen 1912-05-04 Bergen Bergen Fyrbøter
Søren Olai Sivertsen 1902-01-05 Kristiansund Bergen Donkeymann
Bernhard Kornelius Skår 1909-06-13 Kopervik Kopervik Donkeymann
Stanny Elvira Olsson Sundstrøm 1903-05-25 Gällivare Bergen Dampskipspike
Hedvik Alida Meier Tallaksen 1903-07-10 Rødøy Strinda Dampskipspike
Ragnvald Wathne 1902-08-31 Sandnes Stavanger Maskinist

Passasjerar

Namn Født Fødestad Bustad Yrke/stilling Merknader Bilete
Laura Askeland 1913-01-17 Bergen Bergen Husmor
Hanna Gurine Eliassen 1866-08-17 Karlsøy Bergen Husmor
Palma Flåskjer 1898-02-22 Ålesund Fjell Husmor
Randi Fylling 1933-09-20 Ålesund Ålesund Skuleelev Syster av Sigurd Fylling, sjå nedafor.
Sigurd Fylling 1927-10-05 Ålesund Ålesund Bror av Randi Fylling, sjå over.
Hanna Jakobine Guldbrandsen 1914-04-06 Ålesund Tranøy Sjukepleiar
Margit Amanda Hatlen 1920-11-14 Bergen Laksevåg Hushjelp
Bergljot Alida Jacobsen 1913-05-19 Sande Borgund Sydame
Sverre Jørgensen 1912-10-18 Oslo Buntmaker
Solvor Karlsen 1909-08-01 Borgund Bergen Husmor
Sigurd Gundersen Kinn 1902-09-10 Sveio Herøy
Jens Kristian Kristiansen 1918-09-16 Tjøtta Meløy Lagerarbeider
Arne Mathisen 1941-10-16 Haugesund Haugesund Son av Martha Elisabeth Mathisen, sjå nedafor.
Martha Elisabeth Mathisen 1919-10-17 Sveio Haugesund Husmor Mor til Arne Mathisen, sjå over.
Trygve Bertin Nilsen 1923-09-16 Laksevåg Laksevåg Malerlærling
Aksel Magnus Olaf Olsen 1916-09-21 Harstad Sandtorg Student
Irene Annie Strand 1916-08-24 Hadsel Sør-Vågsøy Husmor
Oscar Sofus Sund 1884-04-19 Gildeskål Åsane Fiskerikonsulent
Elly Jensine Øwre 1910-02-04 Bø i Vesterålen Harstad Husmor


Litteratur