Dagningen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 26. sep. 2018 kl. 14:48 av Kallrustad (Samtale | bidrag) (Sjå òg: Nettbiblioteket)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dagningen var ei lokalavis for Lillehammer og regionavis for Gudbrandsdalen som vart gjeve ut på Lillehammer frå 1924. Ho vart slått saman med Gudbrandsdølen i 1997 og vidareført som Gudbrandsdølen Dagningen (GD).

Dagningen vart grunnlagt som organ for fleirtalet ved splittinga av Arbeiderpartiet i 1923. Ho var vekeavis frå starten, men utgjevingane auka trinnvis til ho vart dagsavis i 1934.

Roman 1987, ei av dei mest kjende bøkene til Dag Solstad, handlar om den unge journalistlærlingen «Fjord», som i 1961 byrjar i Dagningen. Under ei litterær byvandring i 2011 las Solstad opp frå boka utanfor dei gamle redaksjonslokalene på Lilletorget.

Litteratur

Sjå òg