Dagsgardsøygarden (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. jan. 2020 kl. 09:08 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Innlandet fylke i infoboksen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagsgardsøygarden
Dagsgardsøygarden.JPG
«Hov engeland» (Dagsgardsøygards- og Åbusgardane) i Skjåk, fotografert frå Plasskvea (frå nord mot søraust) i november 2010. Nordberg kyrkje litt til høgre for midten av biletet.
Foto: H.P.Hosar
Alt. namn: Hov engeland
Fyrst nemnd: 1661
Rydda: Førkristen tid?
Stad: Øygardane i Nordberg sokn
Fylke: Innlandet
Kommune: Skjåk
Gnr.: 93
Ant. bruksnr.: 34 bruksnummer, derav 9 gardsbruk

Dagsgardsøygarden (gnr. 93) er ein matrikkelgard i Skjåk, i grenda Øygardane i Nordberg sokn. I matrikkelen heiter garden Hov engeland. Det namnet dukkar opp i kjeldene på 1600-talet, og kan vere ein indikasjon på at staden har ei busetjingshistorie som går attende til førkristen tid. «Dagsgardsøygarden» er eit mykje nyare namn, truleg teke i bruk rundt 1800. Det namnet vitnar likevel om tilhøve som går attende til øydetida etter Svartedauden 1350. Det var øydegarden som vart nytta av Dagsgard.

I aust grensar matrikkelgarden mot Hovkvea, som er skilt ut frå Uppigard Skjåk, og mot ein skogteig som framleis tilhøyrer den garden på Skjåkstronda. I vest går grensa mot gnr. 94 Nyhus (Plassen i lokal daglegtale) og gnr 95 Stubbesletten (Søre Bysjet) og mot Skjåk Almenning eller bruk som er skilde ut frå ålmenninga. I sør grensar Dagsgardsøygarden mot snaufjellet og i nord mot storelva Otta.

Nordberg kyrkje er bygd på grunn som er utskild frå Dagsgardsøygarden.

«Vatningsingeniøren» Vass-Per budde på Dagsgardsøygarden mot slutten av livet sitt. Bygdeoriginalen Pål Frelsar skal ha vore oppsitjar på det nå nedlagde småbruket Espet (bnr. 6) på Dagsgardsøygarden.

Bruksdeling

Gardsnummer 93 omfattar i dag 34 bruksnummer, og består av fleire gardsbruk og ei rekkje mindre eigedomar. Fleire av bruksnummera er fråskilde parsellar utan bustader på, eller eldre småbruk som har gått inn i andre gardar.

Dei einingane som i dag er gardsbruk, er desse (dekar dyrka jord i parentes, henta frå Norske Gardsbruk 1998).

  • Bnr. 1 Dagsgardsøygarden søre (55 da)
  • Bnr. 2 Dagsgardsøygarden nørdre (48 da)
  • Bnr. 3 Dagsgardsøygarden midtre (Meøygarden) (68 da)
  • Bnr. 4 Bøland (Dagsgardsøygarden) (42 da)
  • Bnr. 5 Knutsøygarden (Teigen) (53 da)
  • Bnr. 7 og 9 Åbue øvre (59 da)
  • Bnr. 8 og 12 Åbusmoen (36 da)
  • Bnr. 10 og 11 Åbue nedre (53 da)
  • Bnr. 22 Hoff (Søre Dagsgardsøygarden) (57 da)

Ressursgrunnlag og drift

Gardane under gnr. 93 ligg på eit belte av bresjøavsetningar av sand og silt, med lite brukelege, grove breavsetningar i ei rand ned mot elva. Jorda er flate og jamt over med fin halling, men ein del strekningar kan bli utsett for overvintringsskade på enga (isbrann). Områda er noko utsett for frost vår og haust.

Jordarten stiller store krav til åkervatninga. Dagsgardsøygards- og Åbusgardane har teke vatnarvatn frå tverrelva Kvitinga. På ein stein ved vassinntaket i åa står årstalet 1747.

Gardane har/har hatt setrer på fleire ulike stular: Billingen, Tundradalen, Skjellom, Nysetra, men dei opplysningane vi har om seterdrifta, går ikkje lenger attende enn byrjinga på 1900-talet (1912).

Historie

I matriklar og skattelister på 1600-talet er Hov engeland oppført som underbruk under Dagsgard. Oluf Rygh[1] foreslår at namnet Hov engeland tyder at staden tidlegare har høyrt til HoveRamstadstronda. Det finst ikkje noko belegg i kjeldene for dette. Ei alternativ tolking er at namnet har samanheng med ein førkristen kultstad. Det er liten tvil om at stroket var busett i førkristen tid. Gardsnamn i nærleiken på austsida (Eiesar, Flekkøy og det forsvunne Skodin) viser det. På Eiesar, Prestgardsøygarden, Vetløygarden og Austin er det gjort gjenstandsfunn frå yngre jernalder. Rett vest for Dagsgardsøygarden er det ein enno ein synleg gravhaug. Gardsnamnet Åbue er også frå gammalnorsk tid (av àbuð i tydinga bustad).

Øygardane, grenda som vi reknar frå Flekkøy i vest til og med Åbusgardane i vest, vart lagt heilt øyde i seinmellomalderen, derav grendenamnet. Opphavlege gardsnamn gjekk i gløymeboka, og nye namn peikte på tilhøyrsla til gardar i hovudsoknet som nå tok til å nytte jorda der til slåtteng og til beite vår og haust (Forbergsøygarden, Prestgardsøygarden, Grimstadøygarden, Skjåkøygarden og altså Dagsgardsøygarden/Hov engeland).

Hov engeland vart nytta av Dagsgard. Iallfall frå midten av 1700-talet var det ein husmannsplass der, slik ein kontrakt frå 1751 viser. I folketeljinga 1801 er Erik Olsen og Lars Olsen oppførde som gardbrukarar der.[2] Da er gardsnamnet framleis «Hof Engeland». I folketeljinga 1825 er det oppført fire gardsbruk med namnet «Dagsgaardsødgr»., og det er ein merknad i margen om at alle fire er fråkjøpte Dagsgard.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998.
  • Kummen, Gregor: Vatnet. Kulturhistori frå Skjåk. (Redigert av Ivar Teigum.) Skjåk historielag 1983.
  • Norske Gardsbruk, Oppland fylke VI, Forlaget S.K.Granum AS 1998.

Notar